Hopp til innhold
Anmeldelse

Middelklassens diskré skam

Forfattaren Adam Berg vil skrive ein politisk roman og opplever djup skam under arbeidet, medan lesaren blir tvinga til å tenkje over eigne latterutbrot.

Jens M. Johansson, forfatter

SKAM: Jens M. Johansson har skrive ein uhyre humoristisk roman som tek opp fleire sentrale spørsmål og koplar dei saman på høgst originalt vis. Inst ligg spørsmålet: Kvifor skammar Adam seg?

Foto: Paal Audestad / Tiden Forlag
Bok

Lavterskeltilbud

Jens M. Johansson

Roman

2019

Tiden

«Lavterskeltilbud» er kort sagt ein smart og underhaldande roman som set seg i hovud og mage og som ber om å bli diskutert. For kva er det som skjer: Forfattaren Adam er ferdig med å skildre middelklassens kompliserte kjensleliv.

Han ser at verda er av hengslene og vil ta opp dei store spørsmåla i tida. Han vil skrive om dei undertrykte, om arbeidarklassen, om dei som ikkje har definisjonsmakta. Han vil skrive politisk.

Skal det vere noko å skamme seg over?

Eit minefelt

Sei det. Straks Adam har formulert prosjektet, er han midt i minefeltet: Han må drive research for å forstå arbeidarklassen og hamnar i kassa på Kiwi. Der bestemmer han seg for å skjule at han er forfattar.

Adam opererer med fordekt identitet og spelar med falske kort, mens Kulturrådet kastar store pengar etter prosjektet og dei programansvarlege på Litteraturhuset tryglar han om å lese for publikum før han har skrive eit ord.

Den norske middelklassen, meg sjølv inkludert, lengtar etter politiske romanar. Men Adam slit. Er det berre arbeidarklassen som kan skrive arbeidarklasseromanar? Her skumpar Adam ugrasisøst mellom prosjekt av typen sjølvproletarisering og undercover, og samtidige debattar om «kulturell appropriasjon» og «reality hunger».

Sagt med andre ord: Kva kan ein gjere med erfaringar andre, mindre privilegerte har gjort seg? Er det tjuveri eller fantasi eller innleving eller solidaritet eller løgn å ta på seg å skildre liv andre lever?

Den gamle Adam

Svara er mindre innlysande enn nokon gong, og her er måten ting skjer på avgjerande. Det må gå an å hevde at Adams metode har svake sider. Men desse sidene er nettopp knytt til skamma han ber på: skamma over å vere middelklasse i møte med arbeidarklassen, der han meiner folk er ekte og autentiske i motsetning til han sjølv.

Dei må sleppe å møte middelklassemannen direkte. Vegen er ikkje lang frå slik arbeidarklasseromantisering og til lett nedlatande haldningar, og forfattar Johansson sorterer stødig og presist den køen av dilemma Adam må handtere.

Kvar kjem så middelklasseskamma og lengten etter arbeidarklassen frå? Spørsmålet har mange svar. Forfattarar som Dag Solstad og Vigdis Hjorth har vore innom komplekset fleire gonger. Adam og Johansson er ikkje dei første, men dei fyller fint opp med sine perspektiv.

Individualisme og sjølvrefleksjon gjennomsyrer Johanssons roman om forfattaren Adam som vil skrive ein roman om arbeidarklassen utan alt middelklassedillet. Der ligg det naturlegvis ein ironi, eg vil likevel ikkje nøle med å kalle Johanssons roman politisk.

Det er mange vegar til den politiske romanen Adam! Men få er like underhaldande som i «Lavterskeltilbud».

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters