Hopp til innhold

– Cambridge Analytica er toppen av isfjellet

Personlege opplysningar frå Facebook har truleg blitt misbrukt av langt fleire enn Cambridge Analytica, meiner kommunikasjonsrådgjevar og sosiale medium-ekspert Hans-Petter Nygård-Hansen. Han trur vi berre har sett starten.

 Juryleder Hans-Petter Nygård-Hansen

Kommunikasjonsrådgjevar Hans-Petter Nygård-Hansen meiner Cambridge Analytica-skandalen ikkje er eineståande. Han meiner folk bør bli meir merksame og skeptiske til kva dei godkjenner når dei er på Facebook.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

I helga blei det kjent at privat informasjon frå 50 millionar Facebook-brukarar skal ha blitt brukt av analyseselskapet Cambridge Analytica utan samtykke. Dei skal ha brukt informasjonen til å lage algoritmar som målretta politisk reklame mot amerikanske veljarar.

Selskapet blei kjent etter at dei arbeidde for Donald Trump under presidentvalkampen i 2016.

Kommunikasjonsrådgjevar Hans-Petter Nygård-Hansen, som blant anna lagar mediepodkasten MediaPuls, seier han ikkje er overraska over skandalen, og at dette truleg berre er toppen av isfjellet. Og at folk ikkje tenkjer over kor mykje informasjon dei deler, og kva dei takkar ja til.

– Når vi godkjenner morosame appar for å finne ut kven vi er i Star Wars eller kor mykje vi kan om eit tema, deler vi også store mengder informasjon om oss sjølve. Utan at vi tenkjer over kva denne informasjonen blir brukt til.

Han meiner folk burde bli meir skeptiske, undersøke kven som står bak og tenke på kva intensjonar dei har.

Ved å ha eit aktivt forhold til kva du deler med andre, kan du sikre personopplysningane dine betre.

Godtruande Zuckerberg

Onsdag la Mark Zuckerberg ut ein oppdatering på Facebook der han vedgjekk at dei hadde gjort feil i denne saka. Her beklaga han overfor brukarane det som hadde skjedd.

– Vi har eit ansvar for å beskytte data dine. Og om vi ikkje klarer det, fortener vi ikkje å tene deg.

Nygård-Hansen trur på Zuckerberg når han seier han vil det beste for brukarane. Og viser blant anna til dei endringane som Facebook gjorde tidlegare i år, som potensielt kan føre til lågare inntekter for selskapet.

Men han meiner Facebook-grunnleggaren har undervurdert motivasjonen til mange av dei som bruker plattforma.

– Zuckerberg har forstått litt for seint at det finst aktørar som vil utnytte det han har skapt. Det viser nyheitene det siste året med spreiinga av falske nyheiter og hatprat, og no personleg informasjon som har blitt misbrukt.

Facebook strammar no inn for å hindre nye saker i framtida.

Vi deler store mengder privat informasjon. Og du kan sjølv ta grep om kven som kan få sjå kva.

– Unnskyldninga kom seint

Det tok nesten ei veke frå Cambridge Analytica-saka blei kjent, til Facebook vedgjekk at dei hadde eit ansvar. Teknologikommentator i Aftenposten, Joacim Lund, meiner det tok litt vel lang tid.

– Denne unnskyldninga sat veldig langt inne. Facebook har brukt mykje tid på å peike på andre og det ansvaret dei har. Først då investorane mista trua på selskapet, og verdien på selskapet falt, vedgjekk dei ansvaret.

Mark Zuckerberg

Mark Zuckerberg vedgår at han og Facebook har eit ansvar i Cambridge Analytica-skandalen. Men teknologikommentatorar meiner unnskyldninga kom seint og ikkje gjekk langt nok.

Foto: Stephen Lam / Reuters

Og han får støtte frå teknologijournalist Dave Lee i BBC, som meiner Facebook ikkje har teke ansvar for noko som helst.

– Orda til Zuckerberg var ikkje ei forklaring, men eit juridisk og politisk forsvar. Selskapet veit at dei møter kampar på fleire frontar no.

Kulturstrøm

  • Sjette førsteplass på albumlisten for Ariana Grande

    Ariana Grande sikrer seg sin sjette førsteplass på den amerikanske albumlisten med sitt sjuende studioalbum.

    – En uke med evig solskinn, skrev Ariana Grande i helgen på Instagram – og siktet til suksessen som hennes sjette album, kalt nettopp «Eternal Sunshine», har.

    Utgivelsen solgte det som tilsvarer 227.000 albumenheter i sin første uke, noe som er årets beste hittil, ifølge Billboard. Blant annet ble låtene strømmet 195 millioner ganger. Den nye platen, som også topper VG-lista her hjemme, er laget i samarbeid med svenskene Max Martin og Ilya Salmanzadeh.

    Grande har tidligere toppet albumlisten med «Positions» (2020), «Thank U, Next» (2019), «Sweetener» (2018), «My Everything» (2014) og «Yours Truly» (2013). 2016-platen «Dangerous Woman» kom «bare» til en andreplass.

    Ariana Grande
    Foto: AFP
  • Fem land vil ha «Cammo»

    NRK har inngått opsjonsavtale med Tyskland, Frankrike, Spania, Belgia og Nederland om nyinnspillinger av dramakomedien «Cammo».

    Over 700.000 så første sesong av «Cammo». Serien handler om influenseren Cammo, som går konkurs og må ta på seg jobben som støttekontakt for Kamilla med Downs syndrom.

    – Dette er helt surrealistisk! At humoren og historien i «Cammo» kan treffe både spanjoler og tyskere er skikkelig gøy. Jeg gleder meg til å se hvordan de forskjellige landene tolker manus, og er så takknemlig og glad for at historien om Cammo og Kamilla potensielt skal bli fortalt til så mange millioner mennesker, sier Caroline Glomnes, serieskaper og hovedrolleinnhaver.

    Katelyn Garbin og Caroline Glomnes i rollene som Kamilla og Cammo.
    Foto: NRK

Flere kulturnyheter