Hopp til innhold

Blei hacka på Facebook: – Det kjennest som dei har vore i huset vårt og tatt det dei kan

Politiet synest det er vanskeleg å løyse saker der hackarar tar over og svindlar pengar frå Facebook-profilar.

Kvinne med mørkt hår og mørke klær lener seg over kanten av en båt og ser utover vannet.

Inger Midttun Lie seier det kjentest som eit innbrot i eige hus da bedriftssida hennar på Facebook blei hacka.

Foto: Even Bjøringsøy-Johnsen / NRK

– Det kjennest rett og slett som eit innbrot.

Inger Midttun Lie er ein av eigarane av turistbåten MS Brekke. Båten ligg i Brekke slusar i Halden.

Kvinne med mørkt hår og mørke klær ser alvorlig inn i kameraet, i bakgrunnen ligger slusebåten MS Brekke.

Inger Midttun Lie er ein av eigarane av slusebåten MS Brekke. Dei mista kontrollen over eigen Facebook-konto, og hackarane tok med seg 200.000 kroner.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

Dei bruker, som mange andre bedrifter, Facebook og Instagram som marknadsføringskanal. Men i januar opplevde dei det digitale marerittet. Kontoen blei hacka, og i om lag ein månad mista dei moglegheit til å administrere kontoane sine.

– Nokon hadde rett og slett tatt over kontoane.

Det var ille nok. Men når ein bruker Facebook som marknadsføringsverktøy er det også knytt bankkontoar til brukaren.

– Og til slutt tok dei ut mange pengar frå bankkontoen, seier Lie.

Nærare bestemt 200.000 kroner.

  • Visste du at det finst fleire enkle grep for å ikkje bli svindla når du kjøper konsertbillettar? Tipsa finn du her.
Blå og hvit båt ligger til kai i islagt fjord og tåkevær

MS Brekke var opphavleg kanalbåt i Tyskland, men blei henta til Noreg i 1980 og brukt i Haldenvassdraget.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

Krevjande å få kontakt med Meta

Situasjonen verka håplaus for Lie og selskapet.

– Eg har vore i kontakt med Facebook i lang tid, men kjem ikkje nokon veg.

Det er selskapet Meta som eig Facebook og Instagram. Å nå fram til dei når ting som dette skjer, er lettare sagt enn gjort.

Det seier Helene Christophersen, som jobbar for det digitale byrået The Pitch i Fredrikstad.

Ho blei kontakta av Lie og beden om å hjelpe.

Helene Christophersen

Helene Christophersen har sjølv vore utsett for hacking, og har jobba hardt for å oppnå kontakt med Facebook og Meta.

Foto: Sondre Harridlsleff

– Det er ganske krevjande. Dei fleste som har prøvd, har gitt opp av ulike grunnar. Det tok meg kjempelang tid å finne ut korleis ein opnar den kommunikasjonskanalen, seier ho.

Men det har altså Christophersen klart, og no hjelper ho andre med å nå fram.

– Dei eg har kontakt med i Meta er serviceinnstilt og hjelper så godt dei kan. Men dei samlar berre informasjon og sender saka vidare til USA, der saka skal behandlast i internavdelinga, forklarer Christophersen.

Les også Lege tiltalt: Skal ha sendt inn falske krav for 900.000 kroner

helfo, fasade fredrikstad, dokka 6

Lite politiet får gjort

MS Brekke melde saken til politiet i starten av februar, men politiet har allereie lagt bort saka.

Denne typen saker er like krevjande for politiet, bekreftar Jostein Dammyr, som leiar nettpatruljen i Øst politidistrikt.

– Veldig mykje av denne kriminaliteten kjem frå utlandet. Når vi ser at spora går dit, tenker vi at ressursane til politiet er best brukt ved å prøve å førebygge kriminaliteten, seier han til NRK.

Bilde av Jostein Dammyr

Jostein Dammyr i nettpatruljen til politiet seier det er lite norsk politi kan gjere mot internasjonale hackarar.

Foto: Privat / Privat

Det er rett og slett ikkje så veldig mykje politiet i Noreg får gjort.

– I saker som dette, med hacka kontoar, har vi per no ingen gode informasjonskanalar inn mot Meta.

Likevel meiner han det er veldig viktig at folk melder forhold som dette.

– Det gir oss viktig informasjon om den digitale kriminaliteten, som gir oss betre føresetnader for å førebygge, seier Dammyr.

– I tillegg drar vi ut viktig informasjon frå alle meldingar som vi kan samanlikne og sende til utlandet gjennom internasjonalt politiarbeid. Det kan føre til at dei store, internasjonale aktørane blir tatte.

5 Nokas-ran kvart år

Regiondirektør Vegard Einan i NHO sier at meir ressursar må settes inn for å etterforska digital kriminalitet, som er i auke.

– Digitale angrep kostar næringslivet omlag 300 millionar kroner årleg. Det svarer til 5 Nokas-ran, seier han.

Han viser til ranet av Nokas i Stavanger i 2004, der tjuvane fekk med seg nestan 60 millioner kroner.

Einan peiker på at digitale innbrudd er like alvorlege, skadelege og kostbare som fysiske innbrudd.

Les også Reklamefri Facebook er her: – Forventer bråk

Meta samtykke eller betal

Har truleg funne syndaren

I saka om hackinga mot MS Brekke kan faktisk utfallet bli av det lykkelege slaget. Helene Christophersen i The Pitch har fått lovnader om at Facebook dekker tapet.

Syndaren er truleg eit asiatisk selskap, som har tappa kontoen og brukt pengane til å betale for eigne annonsar på Facebook.

Tilsynelatande marknadsførar dei dongeribukser.

– At vi løyser saka, det er eg heilt sikker på. Så får vi sjå om dei også dekker tapet, seier Christophersen.

Kvinne med mørkt hår og mørke klær sitter i førerhuset på en båt og studerer et kart.

Syndaren bak hackinga er truleg funne, men Inger Midttun Lie tør ikkje håpe på full oppklaring av saka før ho ser pengane tilbake på kontoen.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

Inger Midttun Lie er forsiktig optimist oppi det heile.

– Eg trur ingenting før eg ser pengane på kontoen.

NRK har prøvd å få ein kommentar frå Meta, utan hell.

Medan dei ventar på at Facebook skal refundera tapet, slik dei har lova, har Berg Sparebank i Halden valt å dekke inn dei 200.000 kronene båtselskapet vart svindla for.

Dette vil dei få tilbake om Meta refunderer beløpet.

Les også Privatetterforsker svindlet 94 år gammel dame for millionbeløp

Økokrim