NRK Meny
Normal

– Regjeringa bryt bybaneløfte

Regjeringa føreslår 50 millionar kroner til bybaneutbygging neste år. – Dette er berre halvparten av det dei har lova, og kan forseinka utbygginga til Fyllingsdalen, meiner byutviklingsbyråden i Bergen.

Anna Elisa Tryti

– LØFTEBROT: Byutviklingsbyråd Anna Elisa Tryti (Ap) meiner Byrådet i Bergen meiner Regjeringa gir så lite at bybaneutbygginga til Fyllingsdalen blir forseinka.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Kommunen treng 200 millionar kroner til å kjøpa opp grunn til bybanetraséen i 2017, og staten har tatt på seg å dekka halvparten, altså 100 millionar.

Det seier byutviklingsbyråd Anna Elisa Tryti (Ap). Ho reagerer difor på at regjeringa i sitt forslag til statsbudsjett løyver 50 millionar kroner til bybaneutbygginga neste år.

– Det betyr at framdrifta for utbygginga kan bli forseinka.

Bybanen til Fyllingsdalen

MANGLAR HALVPARTEN: Bybane til Fyllingsdalen krev 100 millionar frå staten neste år, ifølge Bergen kommune.

Foto: Illustrasjon: Bergen kommune

Ho seier Bergen kommune vil prøva å påverka stortingskomiteen til å gi dei resterande 50 millionane.

– Dei pengane har vi etter avtale føresett at kjem frå staten i 2017, seier Tryti.

Departementet: – Det står ikkje på oss

Statssekretær Tom Christer Nilsen (H) i Samferdsledepartementet – tidlegare fylkesordførar i Hordaland – har ein heilt annan versjon.

– Vi kan eigentleg ikkje gi nokon ting til neste bybaneutbygging i Bergen før det er inngått ein bymiljøavtale. Likevel har vi sett av så mykje vi trur vil vera naudsynt å bruka i 2017.

Men har de gitt mindre enn de har lova?

– Nei. Vi har løyvd meir til neste år enn det er føresetnadar for å gi, i og med at det ikkje er inngått nokon avtale. Verken Bergen kommune eller Hordaland fylkeskommune har forplikta seg til å dekka sin halvpart av utgiftene. Det står ikkje på oss.

Tom-Christer Nilsen

NOK ER NOK: – Vi har løyvd det dei treng i 2017, seier statssekretær Tom Christer Nilsen (H) i Samferdsledepartementet.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Byråden: – Tull!

Det avviser Tryti:

– Når departementet har forseinka starten på forhandlingane om ein bymiljøavtale, er det staten som er ansvarleg for ei forsinka framdrift på bybanen.

– Men han framstiller det som dykkar feil?

– For å seia det enkelt: Det Nilsen seier er rett og slett tull! repliserer byutviklingsbyråden.

Ho viser til at bymiljøavtalen skulle vore ferdig og signert før sommaren, men at departementet endå ikkje har gitt Vegdirektoratet eit mandat til å forhandla fram avtalen på statens vegne.

Krangelen held fram

Statssekretær Nilsen seier på si side at det er Hordaland fylkeskommune og Bergen kommune som ikkje har gjort førearbeidet sitt:

– Dei har endå ikkje levert ei skikkeleg oversikt over kva som skal ligga i bybaneprosjektet til Fyllingsdalen. Det må dei gjera før vi kan inngå ein avtale.

– Då overprøver eller ignorerer Nilsen at vi har meldt inn behovet for 2017 for lenge sidan, seier Tryti og held fram.

– Dei har ikkje gitt beskjed kva staten treng av andre opplysningar.

Det dei to derimot er samde om, er at det er viktig å komma i gang med forhandlingane om bymiljøavtalen. På fredag skal Nilsen møta kommunen og fylkeskommunen om saka.

Siste video

Distriktsnyheter fra Hordaland og Sogn og Fjordane
Erna Solberg med fremføring av "Nystemten" og Ketil Solvik-Olsen på tuba var en del av den offisielle åpningen av Bergens nye flyplass.
Se hele arbeidet med å fjerne flytedokken fra Foto/redigering: Tim Wassmo