Det er velhalde rundt det store, gule huset på Remøyholmen i Herøy.
Her i havgapet har Helge Storøy og kona Else alt dei treng, med storslått utsikt mot brua og fiskebåtar som køyrer forbi. Og alle bubilane og turistane som skal til fuglefjellet Runde.
– Det er no rart med det at når du er fødd på ein plass og blitt vant med å bu der, så er det klart at du gror fast på plassen, seier Helge Storøy.
Denne veka vedtok fylkespolitikarane at det skal byggast ny bru der den gamle står. Men den nye brua skal vere lengre og breiare. Det betyr at eitt hus og to løer truleg må rivast.
Den gamle brua frå 1966 er i dårleg stand. Det er sett ut kjegler på toppen, fordi den ikkje toler at bilar køyrer for langt ut på sidene.
Foto: Øyvind Sandnes / NRKSteinfyllingar inntil husa
Helge Storøy er skuffa. Han meiner politikarane heller burde valt eit alternativ som ikkje får konsekvensar for husa.
– Eg trudde eg skulle få bu her så lenge eg levde, seier 87-åringen.
Han har budd i huset sidan han vart fødd, medan kona kom flyttande i 1962.
Onar Remøyholm er redd bygging av den nye brua vil få konsekvensar for markane hans i mange år.
Foto: Øyvind Sandnes / NRKAndre naboar i det vesle øysamfunnet fryktar at dei får steinfyllingar heilt inntil husa sine. Onar Remøyholm er grunneigar og får ein midlertidig anleggsveg over markane sine. Den gamle brua skal rivast før den nye blir bygt.
– Då blir dette hovudvegen til Runde og Remøya i kanskje 3–4 år med turistar, bubilar, campingvogner og privatbilar. Det ser vi mørkt på, seier Remøyholm.
Han fryktar at markane blir øydelagde og ikkje sett i like god stand att etterpå.
Store skader på brua
Dagens bru er så skadd at det hastar med å bygge ny. Vanleg rutebuss og søppelbil kan ikkje køyre over brua utan dispensasjon.
Den nye brua skal ha to løp og gangfelt. Det krev meir plass, og dermed kjem brua tettare på hus og bygningar.
Den gamle og falleferdige brua knyter Remøya og Runde til fastlandet.
Øyvind Sandnes / NRKFylkesordførar Anders Riise (H) forstår at det er krevjande for paret som mistar huset sitt, men at løysinga dei gjekk for har den beste løysinga samla sett, både for landbruket og våtmarksområdet rundt.
– Men det er krevjande, og det er ikkje lett for politikarane å vere med på å ta vekk eit hus. Men sånn er det av og til, seier Rise.
No når trasevalet er gjort, startar reguleringsprosessen og då har fylkestinget sagt at dei skal ta omsyn til innbyggjarane på ein god måte.
– Det blir fleire rundar der dei kan få påverke, seier Riise.
Gir ikkje opp håpet
87 år gamle Helge Storøy har ikkje gitt opp håpet om å få bli buande. No satsar han på at Kystverket sett ned foten for planane til fylkeskommunen.
Den nye brua er nemleg planlagt med lågare seglingshøgde enn dagens. Han har difor eit håp om at trasevalet blir omgjort og huset hans blir berga.
– Eg prøver å ikkje tenke på det heile dagen, men det svivar rundt i hovudet mitt om korleis det skal gå, seier Storøy.
Huset til Helge Storøy og kona er det som ligg tettast inntil vegen der brua går i dag. Med breiare veg må huset vike.
Foto: Øyvind Sandnes / NRK