Hopp til innhold

Nytt bybane-drama i Bergen – milliardsprekk for ny linje

Berre tre månadar før opninga av ny Bybane, trekker byggesjefen seg etter eit sjokksmell på éin milliard kroner. – Prosjektet har behov for stor tillit, seier samferdselsdirektør.

Testkjøring med Bybanen

SPREKK: Bygginga av Bybanen linje 2 får ikkje gå umerka forbi.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Onsdag kom meldinga om ein sprekk på éin milliard kroner – berre tre månadar før bybanelinja frå Bergen sentrum via Haukeland universitetssjukehus til Fyllingsdalen opnar i november.

Prislappen er dermed om lag 10 milliardar kroner.

Politikarane i Vestland fylke – både varme forsvararar av bybanesatsinga og meir lunke politikarar – er lettare sjokkskadde:

– Dårleg nytt! Utruleg uheldig tidspunkt! Alvorleg og med store konsekvensar!

Tidlegare er Bybanen linje 1 bygd frå Bergen sentrum via Nestun og Lagunen til Flesland utan overskridingar.

Men Bybanen i Bergen køyrer vanlegvis ikkje stille forbi. NRK har skrive ein rekke artiklar om korleis Bybanen linje 3 lagde byrådskaos i Bergen i fjor haust.

Tre gonger på eit halvt år har det i vår kome stadig nye meldingar om store budsjettoverskridingar på bygginga av linja til Fyllingsdalen:

  • I februar: 387 millionar kroner.
  • I mai: 240 millionar kroner.
  • I august: 380 millionar kroner

– Alarmen gjekk

– Etter meldinga i mai gjekk alarmen hos meg, seier Vestland fylkeskommunes øvste administrative sjef, fylkesdirektør Rune Haugsdal.

Les også Grunnvannet fosset ut i bybanetunnelen – vet ikke om hus kan bli skadet

Bybanetunnel i fyllingsdalen

Han kravde då ein ekstra gjennomgang, som i løpet av sommaren avslørte nye overskridingar. Summen på over éin milliard kroner vart offentleggjort onsdag.

Kommende holdeplass på Bybanen ved Haukeland

Det kjem også ein ny haldeplass under sjukehusa i Bergen når Bybanen linje 2 opnar.

Foto: Julianne Bråten Mossing / NRK

Utbyggingsdirektør Roger Skoglie i Bybanen Utbygging trekte seg med umiddelbar verknad, og er ikkje tilgjengeleg for verken media eller politikarane.

Men fredag møtte Haugsdal og fylkets samferdsledirektør Håkon Rasmussen «på teppet» i Fylkesutvalet for å forklara og svara på spørsmål.

Staten vil ikkje hjelpe

Ingen veit førebels kva kutt som kan og må gjerast for å dekka inn milliardsprekken, men det skje, seier fylkesordførar Jon Askeland (Sp).

Les også Debatten om Bybanen: Derfor er det politisk kaos i Bergen nå

Bybanen over Bryggen, illustrasjon fra 28.10.2021

– Det blir mindre pengar igjen til resten. No er det kostnadskutt som gjeld, seier han.

Samferdsleminister Jon-Ivar Nygård (Ap) stadfestar at han ikkje opnar lommeboka.

bybanebygging

Linja er totalt ni kilometer.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

– Nei, staten er ikkje med på å dekka kostnadsoverskridingar. Me har ingenting å bidra med.

Han seier det er opp til lokale politikarar å avgjera kva andre prosjekt som då må utsetjast, reduserast eller kuttast.

– Ein får inntrykk av ein organisasjon med mange kokkar. Og at me har fått stykkevis og delt informasjon er ikkje tillitvekkande, seier Sigrid Brattabø Handegard (Sp).

Varsler at Bybane-byggingen blir forsinket med nesten et halvt år

– Uvanleg kompleks

Samferdsledirektør Håkon Rasmussen vedgår for dårleg kontroll og styring.

– Det er veldig uheldig å måtta rapportera om nok ei overskriding. Denne delen av bybaneutbygginga har vore uvanleg kompleks, samtidig som landet har hatt både koronapandemi og kraftig løns- og prisvekst i bygg- og anleggsbransjen. Men me burde hatt betre styring på dette, seier han.

– Kva har utbyggingsdirektøren visst og eventuelt ikkje fortald om kostnadssprekkar?

– Det er ingen mistanke om under- eller feilrapportering i denne saka. Men dette er eit komplisert prosjekt som har hatt litt for dårleg kostnadsoppfølging det siste året, seier Rasmussen.

Bybanen til Fyllingsdalen

Bybanen har køyrt testturar til stor jubel frå barnehagebarn.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK

– BA du han trekka seg?

– I diskusjon med han etter overskridingane me oppdaga i sommar, fann han ut at han ville trekka seg, seier Rasmussen.

– Behovet for tillit er stort

Rasmussen meiner Bybanen i Bergen er så politisk betent at det er ekstra viktig at utbyggingsdirektøren har kontroll og nødvendig tillit.

– Dette er ikkje eit kva som helst prosjekt. Me veit alle kor politisk dette prosjektet har vore i Bergen. Mange norske samferdsleprosjekt har sprokke mykje meir enn dette utan at nokon har tatt ansvar og gått. Men i dette prosjektet er behovet for tillit stort. Når me no nærmar oss byggetrinnet med linje til Åsane, er det viktig med god tillit, kostnadsstyring og kommunikasjon.

– Fordi det er så omstridd og politisk sprengstoff?

– Og komplisert.

Bybanetunnel i fyllingsdalen

Bybanen linje 2 har ein tunnelen gjennom fjellet Løvstakken på tre kilometer.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Etter den første budsjettsprekken i februar uttalte samferdsledirektør Rasmussen at dei no hadde god styring på kostnadane.

– Det står ikkje ved lag, konstaterer han i dag.

– Har du sjølv eit ansvar for overskridingane?

– Ein kan alltid vera etterpåklok, men eg må forholda meg til rapportane eg får. Ut frå det me har fått vita undervegs meiner eg dette vart rett handtert.

Skoglie beheld lønsnivået på om lag 1,5 millionar kroner sjølv om han trekker seg frå leiarstillinga, og går over i anna arbeid i fylkeskommunen.

– Systemet er i ulage når nokon med eit betydeleg ansvar ikkje har utført ansvaret og går frå stillinga men beheld løna si, meiner Handegard.

– Bør klara å pusta med magen

Men fleire politikarar var opptatt av at ein budsjettsprekk på 10 prosent ikkje er så uvanleg i norske samferdsleprosjekt.

– Eg trur kanskje me om fem år vil seia at dette vart eit godt prosjekt, seier Knut Inge Andersen i Folkets parti (FNB).

– I alvorets stund bør me klara å pusta med magen, meinte Anne Gine Hestetun (Ap).

Bybanetunnel i fyllingsdalen

Dei tilsette i Bybanen utbygging trur dei vil vinne folkets tillit tilbake.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

– Det dummaste me kan gjera, er å starta ein hekseprosess. Saka er alvorleg, men me skal samtidig heia på Bybanen. Det er særleg viktig når me skal bygga Bybanen til Åsane, meinte Geir Kjell Andersland (V).

Og fylkesdirektør Rune Haugsdal drog ei optimistisk samanlikning med at både fotballspelarar og bybanebyggjarar kan komma på beina att etter å ha gått på trynet.

– Utan samanlikning elles: Brann rykka ned, men viser evne til å reisa seg att. Det håpar eg me skal få til med Bybanen også.