Hopp til innhold

Samde om bybane over Bryggen – kan bli omkamp om to år

Ei avtale som skal syte for at bybanen i Bergen skal byggast over Bryggen, vart underskriven laurdag.

Bybanen over Bryggen, illustrasjon fra 28.10.2021

BYBANE: Slik kan ei bybane over Bryggen bli sjåande ut, men no utan køyreleidningar.

Foto: Norconsult og Asplan Viak

Signeringa skjedde i dag, ifølgje Bergensavisen og Bergens Tidende.

Dermed tar kaoset kring bybanen ei pause, men Bergen Høgre trur det kan bli omkamp om to år. Trass i at politikarane har krangla i snart ti år om ei løysing.

Det vart fleirtal for bybane over Bryggen etter at to representantar frå Sp og ein frå Raudt braut med partia sine i saka. Dette berre dagar sidan bystyret 24. november vedtok å heller greie ut ei tunnelløysing i fjellet bak Bryggen, med ei røyst i overvekt.

Då kasta byrådet korta, og trekte seg. Men denne veka varsla to representantar frå Sp, og ein frå Raudt, at dei ville snu i saka.

Mot nokre vilkår ville dei gå med på å legge bybanen over Bryggen, og berge byrådet leia av Ap.

Avtala som vart signert i dag sikrar mellom anna at det skal lagast reguleringsplan for bybane over Bryggen, men at den skal gå på batteri i strekninga langs den ikoniske verdsarven.

I tillegg skal det sikrast sykkelveg over Bryggen.

– Alle våre krav er faktisk oppfylt, og oppfylt på ein god måte, seier Steinulf Tungesvik (Sp) til Bergensavisen.

Politisk kaos – Høgre varslar ny omkamp om to år

Forlenginga av bybanen frå Bergen sentrum til Åsane har ført til politisk kaos i Bergen.

Krangelen har gått føre seg i årevis, og då Høgre fekk fleirtal for å greie ut tunnel, trekte byrådet leia av Ap seg i protest.

Med avtala no er byrådet sikra å halde fram, bystyret må formelt sett fatte nytt vedtak for å oppheve det førre. Det kan tidlegast skje 15. desember.

Men Høgre meiner det langt frå er sikkert at bybane-krangelen er over ein gong for alle.

– Tiltaka dei har blitt samde om svevar i det blå, og at krava er innfridd kan eg ikkje sjå i avtalen. Det er uttrykt ein vilje til batteribane, men det er ingen forpliktingar og kostnaden er ukjent. seier Harald Victor Hove i Bergen Høgre.

Avtalen er med to representantar, Steinulf Tungesvik og Stig Torgersen, som er vararepresentantar til bystyret. Hove seier ein derfor ikkje veit kven som skal røyste for reguleringsplanen når den er ferdig våren 2023.

– Når dei seier dei skal røyste for reguleringsplanen i 2023 så er det ikkje sikkert dei sit i bystyret, og då er byrådsleiar Roger Valhammer (Ap) like langt. Det er trist for Bryggen og bergensarane som hadde håpa på ei avgjerd her.

Steinulf Tungesvik (Sp)

VARA: Steinulf Tungesvik (Sp) er blant dei to politikarane frå Sp og ein frå Raudt som har vippa fleirtalet over på Bryggen-alternativet.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Beklagar til medlemmer

Leiar Kari Øvsthus i Bergen Senterparti understrekar at styret i lokallaget og fleirtalet i Senterpartiets bystyregruppe står ved standpunktet om at Bybanen ikkje skal over Bryggen.

Partiet har derfor ikkje inngått ein intensjonsavtale med byrådet om Bybanen.

Ho seier at avtalen blei underteikna av to enkeltpersonar, som ikkje har støtte i styret eller fleirtal i bystyregruppa.

– Vi beklagar til alle våre medlemar at bybanesaka har fått ein slik vending som no, seier Øvsthus.

Årelang diskusjon

Bybanen vart vedteken i år 2000, og arbeidet starta i januar 2008. Strekningen frå sentrum til Nesttun vart opna i 2010, og mellom 2013 og 2017 opna delstrekningar heilt fram til Bergen lufthavn, Flesland. Bana til Fyllingsdalen skal opnast i november neste år.

Planane for bybane til Åsane har vorte krangla om i kring ti år. Ei linje over Bryggen kan stå klar i 2031.