Hopp til innhold

Valhammer er glad for fleirtal for Ap-byråd og for Bybanen over Bryggen

To frå Senterpartiet og ein frå Raudt støttar bybaneutbygging langs Bryggen, og at Arbeidarpartiet beheld byrådsmakta. – Eg er letta, seier Valhammer.

Roger Valhammer (Ap)

HELD FRAM: Roger Valhammer (Ap) og resten av byrådet beheld makta, etter at det torsdag vart avklart at tre utbrytarar frå Sp og Raudt støttar både han og Bryggen-alternativet.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas / NRK

SISTE: Ordførar Rune Bakervik (Ap) har bede Roger Valhammer (Ap) halda fram som byrådsleiar. Valhammer seier han er letta over avklaringa som kom i kveld.

Det har vore fullt politisk kaos i Bergen etter at byrådet 24. november gjekk av.

Under bystyremøte avviste fleirtalet byrådet sitt forslag om å bygga Bybanen til Åsane i ein trasé framfor verdskulturarven og turistmagneten Bryggen.

Den gordiske knuten var at eit knapt fleirtal i bystyret var mot Ap-byrådets forslag om bybanetrasé, men eit større fleirtal for å behalda Ap-byrådet.

Torsdag klokka 19 kalla to bystyrerepresentantar i Senterpartiet inn til pressekonferanse.

Der fortalde dei at dei har dei bestemt seg for å støtte bybaneutbygging over Bryggen – og eit Ap-byråd.

– Nokon må berga denne byen. Me er nokon som skal prøva å bidra litt i dag. Me har ei løysing på floken i Bergen, seier Steinulf Tungesvik (Sp).

Vil ha Valhammer

Partikollega Stig Torgersen sa på pressekonferansen at dei no har bede ordførar Rune Bakervik (Ap) peika på Roger Valhammer (Ap) som ny byrådsleiar.

Det kan dei få fordi også Raudt sin gruppeleiar Odd Arild Viste stiller seg bak ønsket om å bygga Bybanen langs Bryggen.

Når desse tre bystyrerepresentantane på vippen no peikar på Bryggen og Arbeidarpartiet, betyr det at det er fleirtal for både byrådets traséforslag og at Roger Valhammer kan komma tilbake som byrådsleiar.

Stig Torgersen (Sp) med Per Jørgensen (uavhengig) bak til høgre, og Trym Aafløy (uavhengig) til venstre.

JOKER: Stig Torgersen var éin av to i Senterpartiet som stemte for Bryggen-traséen i bystyret

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Forbetringskrav

Tungesvik understrekar at det ikkje er snakk om å utsetja trasévalet.

– Me støttar at Bybanen skal gå over Bryggen, men har ein del knallharde vilkår. Me vil ha konkrete forbetringar av Bryggen-løysinga. Men forhandlingane om det kjem ikkje til å velta båten.

Nokre av krava:

  • Det skal vera batteridrift over Bryggen frå dag éin, aldri master.
  • Nedkorta utbyggingstid over Bryggen.
  • Kompensasjonsordning for næringslivet i sentrum
  • Det skal lagast lokk over motorvegen i Eidsvåg.
    Steinulf Tungesvik (Sp)

    HAR LØYSINGA: Steinulf Tungesvik i Senterpartiet seier at det no er bystyrefleirtal for både framleis Ap-byråd og bybanetrasé langs Bryggen.

    Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Ikkje avklart i partiet

Tungesvik seier at det som vart presentert i kveld, ikkje var avklart i Bergen Senterparti.

– Akkurat no har me jo ikkje ein foreint situasjon i partiet. Eg håpar at løysinga me presenterer skal bidra til at me får det i etterkant.

– Bryt du og Torgersen ut av partiet?

– Senterpartiet er delt i denne saka. Det er avklart tidlegare. Korleis det går vidare, får tida vise. Kanskje kan me tenka saman igjen om resten av politikken.

Valhammer: – Trur det vil la seg løysa

Roger Valhammer (Ap) kalla torsdag kveld inn til pressemøte etter avklaringa frå dei tre utbrytarane i Sp og Raudt.

– Først og fremst er eg letta over at de har peika på dagløysinga.

Valhammer peikar mellom anna på at det må avklarast om det er teknisk mogleg å la Bybanen koplast over frå straummaster til batteridrift kvar gong den passerer Bryggen.

– Me skal diskutere krava nærare, men eg trur det vil la seg løysa, seier han.

Roger Valhammer (Ap)

MÅ SJEKKA: Roger Valhammer (Ap) seier at det må avklarast om det er teknisk mogleg å la Bybanen koplast over frå straummaster til batteridrift kvar gong den passerer Bryggen.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas / NRK

– Alt ligg til rette

– Kor sikker er du no på at bybanen skal gå over Bryggen?

– Eg er så sikker som eg kan vere. Vi har fleirtal i dette bystyret. Då får vi regulert ferdig heile traseen. Vi har finansieringa og slepper å auke bompengane. Alt ligg til rette, seier han.

Han seier at dei kan begynne å bygga tidleg i 2025.

Samstundes har Valhammer forståing for at mange no er skuffa.

– Meiningane er delte både blant bergensarane og i bystyret. Mange ønsker tunnelløysing, og det har eg respekt for.

Det seier mannen som no kjem tilbake som «ekte» byrådsleiar etter å ha leia byrådet som eit forretningsministerium sidan 24. november.

Høgre: – Meir i det blå enn nokon gong

Harald Victor Hove (H) seier at det er trist at det kort tid etter at det vart fatta eit vedtak i bystyret i Bergen, blir ny omkamp.

– Det er tre utbrytarar som sviktar både veljarane og partia som stilte til val, og sa at dei skulle ha tunnel, seier han.

Han meiner at det som dreidde seg om bybanen, eigentleg var eit maktspel, kor Roger Valhammer (Ap) skulle sikrast vidare.

Hove seier samstundes at hans tillit til ordførar Rune Bakervik (Ap), er svekt.

– Han har bidrege til at nokon følte at dei måtte snu for å hindre at Høgre kom til makta. Utsettinga som ingen forstod, bortsett frå ordføraren, har bidrege til å legge eit press på enkelte representantar som no bryt med partia sine.

Han meiner at han gav sin partikollega ein veke ekstra til å finne ei løysing.

Samtidig avviser han at siste ord er sagt i saka.

– Fleirtalet no er meir i det blå enn det nokon gong har vore. Her er det tre utbrytarar som seier at dei skal stemme for ei dagløysing under gitte føresetnader, som vi ikkje veit om er mogeleg.

Harald Victor Hove

BELITA SEG: Gruppeleiar Harald Victor Hove (H) har tidlegare uttalt at byrådspartia må belita seg og gjennomføra bystyrets tunnelvedtak

Foto: Leif Rune Løland / NRK

Byrådet mangla éi stemme

Byrådet (Ap, MDG, Venstre og KrF) gjekk av 24. november, fordi bystyret sa nei til Bryggen-traséen for Bybanen til Åsane. Fleirtalet med Høgre i spissen ønska heller ei tunnelløysing under bygga bak Bryggen.

Byrådets forslag om «dagløysinga» langs Bryggen vart stemt ned med berre éi stemmes overvekt.

Tungesvik og Torgersen braut med resten av bystyregruppa til Senterpartiet, og stemte for Bryggen-traséen. Likevel mangla byrådet altså éi stemme for å få fleirtal.

Bybanen langs bryggen

STRIDENS KJERNE: Skal Bybanen til bydelen Åsane gå i friluft mellom Bryggen og kaikanten, eller i tunnel lenger bak?

Illustrasjon: Michael Kloos planning and heritage consultancy

Også gruppeleiar Odd Arild Viste i Raudt ønska Bryggen-alternativet, men han stemte lojalt med resten av partiet sitt for tunnel.

Partia som ønsker tunnel (Høgre, Raudt, Frp, FNB, delar av Sp, og uavhengige) har likevel ikkje klart å danna eit fleirtal for byrådsskifte. Årsaka er først og fremst at Raudt ikkje vil støtta eit byråd styrt av Høgre.

Viste seier no at han vel å bryta ut av partigruppa si i dette spørsmålet og stemma for Bryggen-alternativet.

– Dette har vore ei vanskeleg sak for partiet. Ingen i Raudt vil ha eit blått byråd i Bergen. Eg er overtydd om at viss me ikkje hadde avklart dette no, hadde Bergen fått eit Høgre-byråd før helga var omme, sa Viste på pressekonferansen.

Lovar avklaring

Ordførar Rune Bakervik (Ap) har fram til no ikkje klart å finna ei løysing på kven som kan overta byrådsmakta. NRK har ikkje fått kontakt med han i dag.

Rødt har hatt ei nøkkelrolle sidan byrådet gjekk av. Partiet har stått fast ved tunnelstandpunktet og at Valhammers byråd må bøya seg for bystyrefleirtalet.

Men Valhammer har heile tida sagt at han berre kan komma tilbake som byrådsleiar dersom bystyret snur og støttar at Bybanen skal gå framfor Bryggen.

– Me får no løyst og kome vidare med Bybanen, på ein betre måte enn det låg an til i innstillinga frå byrådet som gjekk av, seier Tungesvik.

Rune Bakervik

LØYSING: Ordførar Rune Bakervik (Ap) har fram til no ikkje klart å finna ei løysing på kven som kan overta byrådsmakta.

Foto: Valentina Baisotti / NRK

Raudt erstattar Viste

I ettermiddag har Bergen Raudt hatt ei styremøte om den politiske situasjonen i byen. Eit ekstraordinært årsmøte i lokalpartiet vedtok så seint som 19. november å gå for eit tunnelalternativ.

Lokalpartiet skriv i ei pressemelding torsdag kveld at styret har «i lys av Odd Arilds val vedtatt å be bystyregruppa om å konstituere Mailiss Solheim-Åkerblom som ny gruppeleiar.»

Styret står fast ved tunnelløysinga, og skriv at Bryggen-løysinga er i strid med årsmøtevedtaket.

«Trass i usemje i denne saka, står vi framleis samla som parti på andre viktige saksfelt. Det er viktig for oss å sjå framover, og jobbe for å sikre politisk gjennomslag på andre politiske område,» skriv Raudt i Bergen.

Odd Arild Viste, gruppeleder i Rødt Bergen, iført sort jakke med åpen paraply på Bryggen i Bergen.

HAN AVGJORDE: Raudts gruppeleiar Odd Arild Viste vil no stemma for Bybanen langs Bryggen, og sikrar dermed også at Ap-byrådet kan halda fram.

Foto: Linnea Skare Oskarsen / NRK