Hopp til innhold

Soleklart fleirtal for bybane i tunnel

Med 88 mot 12 stemmer gjekk Arbeiderpartiet i kveld inn for tunnelalternativet for bybana gjennom sentrum.

Ap i Bergen går inn for bybane i tunnel

KLART FLEIRTAL: 100 frammøtte gav si stemme. 88 av dei for tunnelløysinga gjennom sentrum mot Åsane.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Ein to timars diskusjon enda med eit solid fleirtall for å leggja bybanetraséen frå Bergen sentrum mot Åsane, under jorda.

Representantskapet i Arbeidarpartiet i Bergen var torsdag kveld samla for å ta stilling til bybanetraseen mellom sentrum og Åsane. Det var fullsett sal på konferansehotellet ved sidan av Folkets hus i Bergen sentrum. 110 personer i salen kunne røysta i saka. 10 var ikkje lenger tilstades då avstemminga gjekk føre seg.

LES OGSÅ: – Det er i kveld bybane-saken avgjøres

Utsettjingsforslag

Det vart tidleg i møtet reist framlegg om å utsetja vedtaket, for å venta på eventuelle nye svar og utgreiingar frå byrådet. Onsdag varsla byrådet at dei likevel ikkje ville legga fram sitt framlegg før nyttår .

Bryggen er ein av dei få plassane i byen at ein har open og fri tilgang til sjøen, det må me halda på.

Veslemøy Gullaksen

Både gruppeleiar Harald Schjelderup og leiar i Arbeidarpartiet i Bergen Marte Mjøs Persen åtvara representantskapet mot dette.

Utsetjingsforslaget fall mot to røyster.

– Bryggen er ikkje fortettingsområde

Førstemann på den fullspekka talarlista Eigil Knudsen opna diskusjonen med å appelera om at det bør byggjast tunnel under Bryggen.

– Det er ikkje i verdsarvområdet me skal fortetta byen, derfor bør me legga Bybanen i tunnel under Bryggen, sa Knudsen som er vararepresentant til Stortinget.

Du er like for Bybanen anten du ønskjer tunnel eller å gå langs Bryggen, også me ønskjer å få biltrafikken vekk frå sentrum.

Harald Schjelderup

– Bryggen er ein av dei få plassane i byen at ein har open og fri tilgang til sjøen, det må me halda på, sa Veslemøy Gullaksen, som sidan 70-talet har håpa på skinnegåande transport til Åsane.

Kan bli ein lang kveld

Harald Schjelderup

FOR TUNNEL: Gruppeleiar Harald Schjelderup.

Foto: NRK

Gruppeleiar Harald Schjelderup, som og støttar tunnelalternativet, tok til motmæle mot dei som har stempla tunneltilhengarane som den "nye asfaltalliansen".

– Du er like for Bybanen anten du ønskjer tunnel eller å gå langs Bryggen, også me ønskjer å få biltrafikken vekk frå sentrum, sa Schjelderup.

Like før klokka 20 opplyste leiar Marte Mjøs Persen om at kvelden vil verta lang. Ut i frå talarlista opplyste ho om at møtet i alle fall ville vara i ein time til.

– Synlegheit, synlegheit, synlegheit

Første Bryggen-tilhengar på talarstolen var Arthur Rasmussen frå partiet sitt lokallag i Åsane.

– I Åsane vil me ha ei synleg Bybane for at fleire skal reisa med Bybanen. Då er det rart at me ikkje skal ha det og i sentrum, sa Artur Rasmussen, frå partlaget til Ap i Åsane.

Då la Arbeiderparti-politikar, Roger Valhammer ut følgjande melding på Twitter:

«Så langt kun 1 taler for Bryggen, alle andre for tunnel. Men talerlisten tyder på at Bryggen-folkene kommer mot slutten. »

Arbeiderpartiet i Bergen
Foto: Sølve Rydland / NRK