Hopp til innhold

Bybanen opnar ikkje sundag: Bestiller ny servicevogn etter snøkaos

Bybanen i Bergen er makteslaus mot dei store snømengdene som har falle. No bestiller selskapet inn ny vogn. – Vi er innstilt på at vi må vera betre rigga i framtida.

Framleis går ikkje ei av to linjer på Bybanen i Bergen etter snøkaoset laurdag. Årsaka var først at straumleidningen over sporet vart øydelagt på Slettebakken.

Men når banen har testkøyrd nokre gongar sundag ettermiddag, så er leiaren for infrastruktur framleis ikkje tilfreds. Problemet er dei store snømengdene.

– Vi har nettopp vore ute på ein testtur, og vi er ikkje komfortable med forholda. Vi er nøydde til å ta ein del grep før vi kan opna for trafikk, seier Arild Sundal til NRK like over klokka 15.

Ein halvtime seinare sender han følgande tekstmelding til NRK:

– Vi opnar ikkje linje 1 i dag. Vi brukar alle ressursar no på å klare å opna i morgon tidleg.

Linje 2 går som normalt.

Får ikkje snøen unna

Problemet er at servicevogna ikkje maktar å fjerna snøen frå sporet. Vogna har ein mindre plog framme, men det manglar ein fres som kastar snøen vekk.

– Vi har ikkje utstyr som klarar å kasta snøen langt nok vekk. Snøen kjem tilbake og legg seg i sporet. Akkurat no er vi i gang med å fjerna snø no mellom Lagunen og Nesttun. Det er hovudfokuset no, seier Sundal, som ikkje kan tør anslå når – eller om – linje 1 kan opna sundag.

Bybanen si linje 1 opna i 2010. Ifølge Sundal er det første gong ein opplever så omfattande driftsproblem på grunn av snø i sporet.

– Denne mengda snø er ikkje noko me normalt handterer. Me er innstilt på at me må vera betre rigga i framtida.

Stans på Bybanen Linje 1 som følge av snøværet i Bergen.
Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

No har Bybanen AS allereie sett i gang bestilling av utstyr som kan kasta snøen vekk frå sporet. Reint konkret betyr det innkjøp av ei heilt ny servicevogn som er større og kraftigare enn vogna «Sliping Beauty», som har vore i drift sidan 2010.

– Dette er ei gamal dame som me må stella veldig fint med. Me ser at det er behov for nytt materiell. Sidan Bybanen opna har me opplevd ei formidabel vekst i passasjerveksten, så dette var vel på tide.

Men slike vogner er ikkje hyllevare. Vogna må byggast frå botn av, og Sundal har fått estimert at det tar 3 år før erstattaren er på plass.

Bybanen avising
Foto: Oda Marie Rønning / NRK

Gjekk skeis

Når vognene ikkje har køyrt på ei stund, blir køyreleidningen over sporet full av is.

Mannskap har vore ute i heile natt for å måke sporet og fjerne isen på leidningen. Men da dei skulle ta ein testtur i dag tidleg, gjekk det skeis.

Snøveret i Bergen skapar trøbbel

Bybanen gjekk ned for teljing da snøkaoset sette inn natt til laurdag.

Foto: Agnieszka Iwanska / NRK

Vogna brente av køyreleidningen på grunn av isen som låg på, slik at det vart øydelagt.

Linje 2 på Bybanen starta opp at i 14-tida i går.

– Krevjande arbeid

Etter at leidningen er i orden att, må dei fjerne isen og testkøyre på ny.

– Det er eit krevjande arbeid og mykje folk i sving. Vi gjer det vi kan, seier Sundal.

Planen var at vognene skulle gå att frå klokka 8.

Det er buss for bane mellom Festplassen og Bergen lufthavn. Buss for bane køyrer omtrent kvart 30. minutt, melder Skyss.

Les også Snøkaos i Bergen: Heimetenesta slit med å komme fram

snø i Bergen danmarksplass

Snø-varsel held fram

Snøvêret laurdag fekk store konsekvensar.

Søndag er det framleis farevarsel for snø i ytre strøk av Hordaland. Det er venta 5 til 15 centimeter snø, først i sør.

– Vi oppmodar reisande om å finne alternativ transport til bybanen, skriv Skyss.

Det har vore sett inn bussar, men også desse har slite i det heftige vintervêret.

På mange fortau i byen ligg digre snøhaugar

– Mykje snø har blitt brøyta opp på gangvegane, seier trafikkoperatør Christian Strømmen i Vegvesenet.

Dei må bruke store maskiner for å få rydda snøhaugane. Dette arbeidet må gjerast nattetid, og dei går i gang i 20-tida i kveld.