Hopp til innhold

Riksantikvaren krev fleire svar om Bybanen over Bryggen

Seier dei opnar for Bybanen over Bryggen, men meiner reguleringsplanen ikkje er god nok for å ta vare på verdsarven.

Bybanen til Åsane over Bryggen

OMSTRIDT: Bybanen over Bryggen er mildt sagt ei omstridt sak i Bergen, men traseen vart endeleg vedteken i bystyret i fjor haust.

Illustrasjon: Bergen kommune

Riksantikvaren varslar difor at dei vil tilrå Vestland fylkeskommune å klage på reguleringsplanen til Bergen kommune.

Bybanen frå sentrum til Åsane, over Bryggen, er ute på høyring med svarfrist mot slutten av desember. Fylkeskommunen har bedt Riksantikvaren om råd.

– Vi syns Bybanen over Bryggen kan vera eit godt tiltak for Bergen. Men Bryggen er så viktig nasjonalt og internasjonalt at det er viktig at vi veit så mykje som mogleg før arbeidet blir sett i gang, seier Hanna Geiran til NRK.

Målet til Ap/V-byrådet er å få reguleringsplanen godkjent i bystyret i løpet av våren 2023.

Bryggen i Bergen

TRAFIKKERT: Bryggen har ein trafikkert vegstrekning framfor seg i dag. Kring 10.000 køyretøy passerer her kvar dag. Bryggen fekk verdsarvstatus i 1979.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Krev fleire utgreiingar og tiltak

Det har vore knytt stor spenning til kva Riksantikvaren tenker om planane om å legge skinner framfor Bryggen, som fekk verdsarvstatus i 1979.

Også ved Finnegården, i Sandbrogaten og ved Sandviken kyrkje er det utfordringar.

Konklusjonen til Riksantikvaren er at det er for tidleg å konkludere. Dei krev fleire utgreiingar og tiltak for å forbetre reguleringsplanen til kommunen.

– Kan de godta Bybanen over Bryggen slik reguleringsplanen er no?

– Nei, vårt råd til Vestland fylkeskommune er at det blir gjort ytterlegare utgreiingar. Det handlar om å minimere usikkerheita, svarar Geiran.

Riksantikvar Hanna Kosonen Geiran

RIKSANTIKVAR: Hanna Geiran.

Foto: Trond Isaksen

I pressemeldinga skriv Riksantikvaren at kommunen har jobba godt med spørsmåla knytt til verdsarv, kulturlag og kulturmiljøa.

«Det er lagt ned mykje arbeid i å greie ut konsekvensar for kulturmiljøverdiane. Kommunen sine utgreiingar og rapportane som ligg føre syner likevel at det framleis er knytt usikkerheit til Bybanen sin verknad på kulturmiljøverdiane», skriv i pressemeldinga.

Dette ber Riksantikvaren om

Vestland fylkeskommune bad Riksantikvaren om råd i starten av november. I svaret skriv Riksantikvaren at dei ber om at følgande blir greidd ut vidare:

  • «Kva tiltak som skal gjennomførast både direkte knytt til etablering av banetraseen og tiltak som følgjer som ein konsekvens av etablering av banetraseen, som plassering av infrastrukturtiltak, grøfteavstivingar, spunter, sanering av røyr og etablering av byggjegrop for tunnelinnslag i Sandbrogaten»
  • «Innverknad på omkringliggjande kulturlag i området frå Kaigaten til Torget og Vetrlidsallmenningen»
  • «Bereevna i grunnen og grunnforholda, for å gi auka sikkerheit knytt til
    fundamentering av banetraseen»
  • «Ytterlegare arkeologiske undersøkingar for å få eit auka kunnskapsgrunnlag om omfang, djupne og tilstanden til dei arkeologiske kulturlaga»
  • «Etablering av eit overvakings- og risikostyringssystem for ei mogleg anleggsfase, samt etablering av eit miljøovervakingsprogram eit år før, under og år etter ei anleggsfase knytt til hydrologi og setningar med tanke på langtidseffektar av ei mogleg Bybaneutbygging»
  • «Planforslaget må rettast opp når det gjeld det plantekniske»

Les også Se video: Slik vil de bygge Bybanen til Åsane

Byråd for klima, miljø og byutvikling i Bergen, Ingrid Nergaard Fjeldstad (V), seier at ho ikkje har fått sat seg inn i alle detaljane rundt Riksantikvarens utsegn, men at ho har tru på gode løysingar.

– Den inneheld i hovudsak kjente problemstillingar. Vi skal bygge Bybane og samtidig ta vare på verdensarvverdiene, og vi ser ingenting i riksantikvarens utsegn som ikkje kan løysast gjennom godt samarbeid med kulturmyndigheitene før eit endeleg vedtak før sommaren om bybaneplanane, seier Nergaard Fjeldstad til NRK.

På om dette vil føre til forseinkingar i bybanplanene, seier ho at de har mål om å halde seg til planen.

– Vi jobbar på for at bybaneplanane skal til bystyret i mai, seier ho.

Allereie omstridd

Tidlegare i haust konkluderte Unesco, som er dei som avgjer kven som får ha verdsarvstatus og ikkje, med at Bybanen kunne vera bra for Bryggen.

Men også dei stilte i rekkje krav til prosessen vidare. Fleire har tatt til orde for at det kan forsinke planane og oppstart av bygginga. Målet er oppstart i 2024.

Bergen har krangla om Bryggen-spørsmålet i over ti år. For berre eitt år sidan gjekk byrådet i Bergen av då bystyret vedtok tunnelalternativet for bybanen til Åsane.

Kort tid seinare gjekk dei på igjen då utbrytarar frå Senterpartiet og Raudt flytta fleirtalet til dagløysinga igjen og bystyret gjorde nytt vedtak.