Hopp til innhold
Anmeldelse

Vakkert, men uinspirerande

Koreograf Alan Lucien Øyen treffer ikkje heilt denne gongen. Men makan til scenografi på «Nothing Personal»!

Frå forestillinga til Alan Lucien Øyen på Den Norske Operaen, ser vi ein mann framfor fleire tredører på platåsko. Han har hendene strekt ut mot været, og har ikkje på seg noko på overkroppen.
Foto: Erik Berg
Terningkast 4 Dans

Alan Lucien Øyen: «Nothing Personal»

Den Norske Opera & Ballett

12. oktober–​2. november

Det er slik at ein aldri heilt veit kva ein kan venta seg når koreograf, regissør og dramatikar Alan Lucien Øyen kjem med ei ny framsyning. Ofte er det morosamt, stort sett er det spot on.

Ein ting er sikkert: Han er god på overraskingar.

Det har på eit vis vorte arbeidsmåten hans.

Nothing Personal av Alan Lucien Øyen

RISIKOPROSJEKT: Øyen har vore huskoreograf hos Den Norske Operaen sidan 2013, der han har satt opp fleire forestillingar opp gjennom åra. «Nothing Personal» er eit risikoprosjekt som blei ferdigstilt under eit tidspress under Øyen.

Foto: Unni Sande / Den Norske Operaen

Så når Operaen skriv på nettsidene sine at arbeidet med teksten starta halvannan veke før prøvestart, så er det nok sant.

Operaen har vore tydelege: «Nothing Personal» er eit omfattande risikoprosjekt.

Og eg trur heller ikkje det er det mest vellukka prosjektet Øyen har gjort – sjølv om det har mange, mange fine augneblinkar.

For ikkje kan ein kalla det ballett. Kanskje meir teater, men ikkje heilt det heller. Filmatisk danse-musikk-teater, kan hende.

Scenografi-magi

Kort tid ut i framsyninga vert det i alle fall tydeleg at musikken ligg som grunnlag for «Nothing Personal».

Det kan ein høyra, og ein ser det på måten historia vert fortalt på, korleis ho freistar følga musikken i dei mange episodane som speler seg ut.

Musikken, skriven av Hollywood-komponisten Alexandre Desplat, er storslagen og smektande.

Desplat har skrive musikk til filmar av Wes Anderson, samt til dei to siste Harry Potter-filmane. Og med filmatisk musikk av dette formatet er det ikkje rart at Øyen let musikken overdøyva teksten i fleire av scenene.

Han sa jo sjølv til Dagsrevyen at framsyninga var «en teaterforestilling som imiterer film». Nett det med overdøyvinga fungerer faktisk fint om du er med på leiken.

Alexandre Desplat i Dagsrevyen

HOLLYWOOD-KOMPONIST: Alexandre Desplat intervjues i Dagsrevyen.

Musikken og scenografien er dei massive elementa i framsyninga, dansen og spelet verkar vera forma ut frå nettopp dette.

Flaks då at scenografien er ei heilt eiga verd som kjem med stadige overraskingar og skapar stadig nye rom.

Frå den lett skrånande furuscena stig veggar, dører og heile tablå fram. Det er ein vakker og vanvitig konstruksjon Åsmund Færavaag har skapt til «Nothing Personal».

Ein teatrisk danseforestilling spelar seg ut under danseforestillinga «Nothing Personal» på Den Norske Operaen. På biletet kan ein sjå fleire scener, alt frå ein mot heime i stua på høgre sida og ein einsam mann i senga si på andre sida av biletet. Midt i ser vi ei gruppe mennesker i fargerike klær som danser og hoiar med hendene i været.

FILMATISK OPPLEVING: I «Nothing Personal» har dansarane blitt like mykje skodespelarar. Her får dei fortelle om mennesker på utsida av samfunnet både gjennom dans og teater.

Foto: Erik Berg

Scenografien fungerer godt til å hekta publikum på, dytta framsyninga vidare, få tilskodarane nyfikne på kva som kjem.

Til tider er det rein scenografi-magi.

Saknar dansen

Likevel tek eg meg i å sakna dansen.

I det estetiske rommet musikk, scenografi og lyssetting skapar, er det eit teater som speler seg ut.

Bilete frå «Nothing Personal» på Den Norske Operaen der ein ser ein liten gutt med blod på hendene og fjeset på fanget til mor som har eit smertefullt uttrykk. Ein mann med gull maske står bak dei med handa over skulderen til den sittande kvinna.

BUKETT AV HISTORIER: Fleire rom blir opna i «Nothing Personal» der ein møter alt frå ein rusavhengig mor til ein eldre akademikar i krise.

Foto: Erik Berg

Me møter ei alkoholisert mor som saknar den daude guten sin, ein eldre akademikar som har fått slag og er i ferd med å mista seg sjølv, ei deprimert eldre kvinne som vert tvinga til å forsøka ulike meistringsstrategiar (som ho ikkje meistrar).

Fleire av skodespelarane kjem frå Øyen sitt kompani Winter Guests, men dansarane vert òg sette til å vera skodespelarar.

Og sjølv om dei fiksar det greitt, så er det ikkje det dei er best på. Til tider vert replikkane oppstylta, det er vanskeleg å sjå kor i karakteren dei har feste.

Men igjen: Dei klarar seg fint. Og igjen: Det er berre det at dei er best på dans.

Dei verkeleg frigjerande augneblinkane er der dansarane får falda seg ut i koreografiar som visar kva nivå dette kompaniet held.

Om det er i ensemblescenar eller i duettar, dansescenene er dei beste romma denne framsyninga skapar. Då er det fint.

Då kan ein berre la teksten (som det er mykje av) dura og gå, høyra på melodien i Kate Pendry si vakre røyst, la Desplat-musikken dytta i ein og la dansarane få falda ut einsemda og fridomen stykket handlar om.

For mykje, for langt

For det er ei fullstappa framsyning, ikkje minst i ord.

Om ein borar inn til kjernen, er det einsemd det handlar om, kanskje meir enn utanforskap, for utanforskapen framsyninga visar, er av ein viss klasse.

Menneska me møter, kavar i gjørma si psykisk, men ikkje fysisk. Uttrykket er for glatt til det, for pent. Ein får ikkje omsut for menneska så lett – anna enn for den gamle og deprimerte Ellen, nydeleg spelt av Andrew Wale.

Frå danseforestillinga «Nothing Personal» av Alan Lucien Øyen. På biletet kan ein sjå fleire mennesker kledd i svart på det som skal forestille ein minnelund. Menneska har hendene i været som om dei held på med eit ritual.

HOLLYWOOD-MUSIKK: Med hjelp av den franske filmkompanisten Alexandre Desplat kjem kinoopplevinga enno tydlegare fram i «Nothing Personal» som er eit preg som går igjen hos Øyen.

Foto: Erik Berg

«Nothing Personal» spenner frå Ovid sine metamorfosar til dagens KI. Ho handlar om det digitale mennesket og algoritmane som gjer oss einsame i kaninhola våre.

Øyen freistar seia: Sjå kva det gjer med oss!

Men framsyninga er for lang til at ho treffer godt på dette. Avslutninga, der ein får sjå det fantastiske scenemaskineriet, er samstundes så klisjéprega at ein vert sittande og undra seg.

Scena vert ein slags minnelund kombinert med dansarar og skodespelarar som omsett emojiar til tekst og kjem med internett-utsegn som «All I ever wanted was to love and be loved». Det hadde me jo skjønt frå starten av.

Øyen og teamet hans leverer ei storslagen og estetisk framsyning som diverre ikkje kjem heilt i mål denne gongen.

Hei!

Jeg anmelder teater, scenekunst og dans for NRK som frilanser. Les også anmeldelsene mine av «Det mørke fortet» av Riksteatret, «Vildanden» av Nasjonalballetten i Operaen, eller «Moby Dick» ved Det Norske Teatret.