Hopp til innhold
Anmeldelse

Knausgård spenner opp det store lerretet på ny

«Ulvene fra evighetens skog» er langt frå perfekt, men ekstremt fascinerande. Kort sagt: Karakteristisk Knausgård.

Bokomslag for Ulvene fra evighetens skog og portrett av forfatter Karl Ove Knausgård.
Foto: Nina Rangøy, VG og Oktober forlag
Bok

«Ulvene fra evighetens skog»

Karl Ove Knausgård

Skjønnlitteratur

28. oktober 2021

Oktober Forlag

Kva eg meiner med «spenn»? Til dømes at vi skal bruke ein god del tid ved ein kjøkenbenk på Sørlandet, der vi mellom anna blir informert i detalj om korleis ein klatt smør oppfører seg når han slepper kniven og møter den varme steikepanna.

Frå slike scener, velkjente så vel frå tidlegare Knausgård-romanar som frå eigne erfaringar i det verkelege livet, skal vi til biosemiotiske prosjekt i russiske skogar. Og vi skal innom 1800-talsfilosofen Fjodorov, som meinte det var på tide at mennesket greidde å avskaffe døden. Det går jo an å kolonisere nokre planetar om det skulle bli trongt.

Tilhengarane kravde «Retten til å leve evig og retten til uhindret bevegelse gjennom verdensrommet.» Det er som å høyre dei mest eksentriske av dagens multimilliardærar.

Det er dette eg meiner med «spenn». Eit visst spenn i kvaliteten er det også, særleg i samansetjinga av romanen, som rett og slett er klønete.

Både dette og biosemiotikken kjem eg tilbake til, men først eit riss av handlinga.

From Russia with love

Romanen held seg lenge ved Syvert (20), som flyttar inn på guterommet når han kjem frå militæret, kåt og retningslaus. Året er 1986, mor er vaskekone, veslebror Joar er ein smarting og far døydde i ei ulykke for ti år sidan.

Her går kvardagane med middagslaging, fotball og etter kvart jobb i eit gravferdsbyrå, inntil Syvert ein vakker dag kjem over ein bunke brev på russisk – adressert til far. Det viser seg at han hadde eit heftig kjærleiksforhold med ei russisk kvinne like før han døydde.

Etter halvgått løp flyttar handlinga til Russland rundt 2017, og romanen tek av når vi møter biologen Alevtina og venninna hennar, den grenselause forfattaren Vasilisa.

Der Syvert sørgjer for at døde sørlendingar hamnar i jorda på skikkeleg vis, tek Vasilisa fatt i filosofen Fjodorov og studerer korleis draumen om eit langt, ja endåtil evig liv i fysisk forstand har utvikla seg fram til i dag. Mens Alevtina studerer korleis organismar utan hjerne kommuniserer ved å sende ut teikn andre organismar kan fange opp, til dømes soppar og tre. Vi snakkar om biosemiotikk.

Kva om ting heng saman på heilt andre måtar?

Om det finst ein raud tråd her, må det vere at romanen rokkar ved motsetningspar som liv og død, draum og røynd, menneske og anna liv, som dyr og plantar. Kanskje ting heng saman på heilt andre måtar enn vi tenkjer oss?

«Uansett hvor mye du mater ulven, vil den alltid se mot skogen. Vi er alle ulver i evighetens skog», siterer Vasilisa frå eit essay av Marina Tsvetajeva og understrekar såleis det dyriske i mennesket.

Men for å ta inn alt levande, er vi avhengige av menneskespråket. Kan dette språket og den hjernen vi har, fange opp korleis anna levande sansar og kommuniserer? Kvifor gjer soppen sopptingen sin like ved det treet? I forlenginga av dette ligg det både økologi, etikk og store vasar av sprikande tankegods.

Alevtina gjev opp forskinga og blir eit handlingsmenneske. Typisk nok blir ho lege. Ho vil gjere livet betre – og kanskje lengre, for folk.

Karl Ove Knausgård

FRITTSTÅANDE FRAMHALD: Då Knausgård i fjor ga ut «Morgenstjernen» var det den første store romanen hans etter «Min kamp»-bøkene (2009-2011). Årets roman, «Ulvene fra evighetens skog», er eit frittståande framhald av fjorårets roman-comeback.

Foto: Johan Bull / NRK

Skranglete, men viktig

«Ulvene i evighetens skog» skal vere eit frittståande framhald av «Morgenstjernen» frå 2020. Her skal vekta leggjast på «frittståande».

Det apokalyptiske i «Morgenstjernen», som både inkluderte monster i skogen og urovekkjande klimaendringar, er fråverande i «Ulvene i evighetens skog». I staden har forskarar teke plass i skogen, på leit etter sopptrådar rundt trerøter.

At det mystiske og apokalyptiske denne gongen er erstatta med forsking, er grei skuring. Det går an å tenkje at romanane følgjer to ulike vegar inn til språk og teikn vi ikkje forstår.

Verre er det at sjølve stjerna dukkar opp som ein klatt oppvarma graut heilt mot slutten av årets roman og tilfører ingen ting. Det er eit klønete grep.

Klønete er også komposisjonen, der dei første drygt 400 sidene er ein roman i seg sjølv, som i liten grad peikar framover mot del to. Som ein eigen roman om Syvert frå Sørlandet ville den vore heilt grei, som del av ein roman som skal byggje seg opp og setje i spel eit vell av tankar og idear i siste halvdel, er han meiningslaust lang.

«Ulvene i evighetens skog» er så dårleg sett saman at han skranglar.

Vi er altså langt frå det perfekte. Likevel går romanen langt utanpå dei fleste, fordi han sprengjer grensene i begge endar av skalaen: Knausgård dreg ut automatiserte mikroaktivitetar – som smør i steikepanna – slik at du blir tvinga til å oppleve dei på nytt. Og han koplar idear, fenomen og galskapar slik at du blir tvinga til å tenkje i dei store banane.

Då får det berre stå sin prøve med den skranglinga.

Hei!

Eg er NRKs hovudkritikar på skjønnlitteratur og har følgt forfattarskapen til Karl Ove Knausgård tett. Ønsker du deg ein vegvisar inn i forfattarens romanar kan du lese min Røff guide til Knausgård-universet. Og her finn du alle bokmeldingane eg og kollegaene mine har skrive om Knausgård sine bøker. 

Du finn alle anmeldelsar og anbefalingar frå NRK på nrk.no/anmeldelser.

Anbefalt vidare lesing: