Hausten 2009 snakka eg om samtidslitteratur på eit senioruniversitet i Bergen. «Min kamp 1», boka «alle» snakka om på den tida var eit sjølvsagt tema. I pausen bana eit myndig kvinnfolk seg fram til meg med gåstolen som plog og sa med bydande røyst «Nå skal du høre her».
Eg var budd på det meste. Så kom det: «Han Knausgård, han skriver om meg. Og merk deg: Min far var ikke alkoholiker.» Deretter snudde ho gåstolen og marsja over til kaffiserveringa.
Eg kunne sagt nøyaktig det same for eigen del.
MIN KAMP: Knausgård sette fyr på litteraturdebatten i Noreg med «Min Kamp»-romanane om sitt eige – og andres – liv.
Foto: Forlaget OktoberPremisset for «Min kamp 1-6» er nettopp dette: Om du skriv sant om deg sjølv, så vil det treffe andre menneske.
Sjølv om det biografiske utgangspunktet kan vere annleis på vesentlege punkt som kjønn, alder, generasjon, klasse og altså: erfaringar med alkohol.
Det har runne ein del kloakk i havet etter 2009, og diskusjonane har gått høgt om sjølvbiografiske romanar, autofiksjon og «virkelighetslitteratur». Nye bøker har kome til innan sjangeren, som er høgst vital og har vore det på heile 2000-talet.
Den vanskelege sanninga
Eit nøkkelord her er «sanning». I romanen «Er mor død» (Vigdis Hjorth, 2020) tenkjer bildekunstnaren Johanna over saka:
«Verkets forhold til virkeligheten er uinteressant, verkets forhold til sannheten er avgjørende, verkets sannhetsverdi ligger ikke i dets forhold til den såkalte virkeligheten, men i den virkning det har på tilskueren.»
Eg veit ikkje om Knausgård ville ha skrive under på det, men på dei 3600 sidene som er «Min kamp 1-6» er det mangt som er sant utan at det er biografisk korrekt. Med mindre ein trur at vesle Karl Ove hadde fotografisk minne frå han sat barnevogna, og noterte seg replikkar og episodar frå han kunne halde i ein blyant. Sanninga i verket ligg ein annan stad.
At menneske som står nær forfattarar som skriv nær eigne erfaringar har teke seg nær av skildringar, veit vi og det går an å forstå. Det er likevel påfallande ofte ein høyrer at «NN skriv om meg, men eg er ikkje slik».
DIKTAR SANNING: Vigdis Hjorth og Hanne Ørstavik er to forfattarar som har møtt stor motbør frå verkelege personar som meiner dei kjenner seg igjen i romanane deira. Dei er, saman med Knausgård, to som vert knytt til den såkalla «virkelighetslitteraturen».
Foto: Sara Angelica Spelling/Baard Henriksen / CappelenDamm/OktoberMå treffe noko i lesaren
Hanne Ørstavik svarte ei krenka venninne som formulerte seg slik med eit krast: «Det er fordi det ikkje er deg». Når romanforfattarar set saman trekk frå fleire, diktar til og tek frå er det ikkje løgn, men dikting.
At folk som kjenner seg att ikkje heller understrekar kor stor avstand det er mellom tekst og livet, heller enn å insistere på at det er sant men likevel feil, er meg ei gåte.
Kriteriet som må oppfyllast for at slike bøker skal vere god litteratur, er at det treffer noko i lesaren. Det finst døme på erfaringsnære romanar som ikkje når utover seg sjølv og det er pinefull lesnad.
Eg skal ikkje nemne namn, men dette viser at det er vanskeleg å setje opp allmenne kriterium for kva som er etisk og uetisk i romanskriving. Den linja skal eg ikkje følgje vidare her.
FØRSTE BOK: «Min kamp 1» kom ut i 2009. Same året kom også andre og tredje bok ut.
Foto: Forlaget OktoberTre nøklar til «Min kamp»
Knausgårds lange roman når ut over seg sjølv, og snakkar til gamle damer i Bergen, middelaldrande, innflytta damer i Oslo og danna kritikarar i New York. Romanen er oppsiktsvekkjande god, sjølv om han er langt frå fullkomen: Det er ikkje er vanskeleg å finne longørar og høgst middels prosa gjennom heile verket.
Kvar ligg då kvaliteten i verket? Dette er det skrive avhandlingar om.
Her kjem mine tre nøklar:
Skam er ei kjensle som riv i hovudpersonen i møte med andre, ikkje minst med far. Og etter kvart med kvinner. Og saman med vener, der han skulle hatt ein god replikk men blei ståande og stotre og raudne. Sidan skam er skammeleg, er dette eit tema ein ikkje utan vidare snakka om før «Skam»- serien heimsøkte oss. Kanskje ikkje etter, heller.
Men Knausgård skriv skamlaust om skam (ein observasjon eg har lånt frå Per Thomas Andersen, litteraturprofessor). Og om vi tenkjer på lesaren, så skal ein ikkje undervurdere gleda over å kjenne på at ein ikkje er aleine om å ha det vanskeleg. Somme har det kanskje endåtil verre.
Knausgård er ikkje redd for det høge og det låge. Mykje norsk romanprosa ligg midt mellom, der også sakprosaen og Aftenposten held til. I romanane bruker forfattaren med stort frimot fleire sider på å koke seg ein kopp te, og då snakkar vi posete-varianten og ikkje sofistikerte teseremoniar. Eller smålege tankar om ein eller annan idiot, eller om kona si.
Og midt i trivialitetane hiv han inn eit høgtflygande essay om kunst, eller ei sublim naturskildring med fargar og lys og duft og heile sanseapparatet. Han låner og tenkjer om kvarandre, utan skam, verkar det som.
Forfattaren søkjer seg til der det brenn. Kan hende det er derfor dei tre beste bøkene av «Min kamp» er nummer 1, 2 og 6, ettersom dei ligg tettast på samtida. I bok 3, 4 og 5 skildrar han oppvekst og ungdomstid ganske kronologisk og dermed med stabil distanse heile vegen.
FØR KAMPEN: Dei to første romanane til Knausgård, «Ute av verden» (1998) og «En tid for alt» (2004).
Foto: Tiden Forlag/Forlaget OktoberBøkene før kampen
Før Knausgård i «Min kamp» kom med den forbløffande påstanden om at «det oppdiktede har ingen verdi» dikta han to romanar og heller ikkje det gjekk stilt for seg.
«Ute av verden» (1998) er historia om den unge mannen som drog til Nord-Noreg for å bli lærar, og som forelska seg skandaløst i ein 13 år gammal elev. Eit brennbart tema, der hovudpersonen ber det talande namnet Henrik Vankel. Skamma er allereie der eit markant trekk. Det viste seg etter kvart at Knausgård sjølv hadde hatt eit slikt lærarår i Nord-Noreg, og det er klare slektskap mellom Vankel og Knausgård, utan at det er grunn til å tru at Vankel er eit alter ego.
For denne romanen vann forfattaren Kritikerprisen, som første debutant nokosinne. Sidan har det dryssa prisar over forfattarskapet.
Roman nummer to, «En tid for alt», er den romanen som det må gå an å seie ligg lengst frå eigne erfaringar, ettersom nesten heile romanen er attforteljingar av historier frå det gamle testamentet og ikkje minst ei avhandling om englane av Antinous Bellori frå 1500-talet. «Om englenes natur» dikta opp frå første til siste side. Her etablerer Knausgård ein svært original teologi knytt til gudesonen Jesus som vart menneske, noko som i sin tur vart fatalt for englane. Ein forhutla Vankel dukkar opp rundt side 500.
NY ROMAN: «Morgenstjernen» fører lesaren til himmel, jord og dødsrike, på leiting etter nye utsiktspunkt. Det er all grunn til å ønskje Karl Ove Knausgård velkommen tilbake i skjønnlitteraturen.
Foto: Forlaget Oktober«Det oppdiktede» er tilbake
Alle historiene handlar om fall, på ulike måtar og dei er skildra med intensitet og ei sterk bildeskapande evne.
Interessant nok er originale teologiske resonnement sentrale i den nye romanen, «Morgenstjernen» også. Der kjem også ei rekkje ulike menneske til orde, og over det heile svevar ei fiktiv stjerne.
«Det oppdiktede» er tilbake i forfattarskapet til Karl Ove Knausgård. Og det har heilt klart sin verdi.
FEM OM KNAUSGÅRD:
Yngve Knausgård
Storebror, romanfigur, samarbeidspartnar (designar av mellom anna omslaga til «Min kamp»-bøkene, stifta Pelikanen Forlag saman med broren i 2010).
– Det var ikkje overraskande at Karl Ove vart forfattar. Han har aldri villa noko anna. Med «En tid for alt» overgjekk han alle forventningar. Alt som skjedde med «Min kamp» var overraskande. På godt og vondt. Han skriv bøker som grev djupt i kva det vil seie å vere menneske, med eit intenst ønske om å utvide den tronge verkelegheitsforståinga som eit moderne liv byr på.
Om å samarbeide: – Vi er så konfliktsky begge to at det går greitt. Men han har ei blanding av kraft og audmjukskap som er uangripeleg.
Om kva «Min kamp»-bøkene har hatt å seie for norsk litteratur og litteraturoffentlegheit: – Eg vart nyleg invitert på eit seminar på nordisk institutt på Universitetet i Bergen der bøkene til Karl Ove var tema. Det er vel ti år sidan bøkene kom ut. Så dei har sett spor. Når det gjeld litteraturoffentlegheita meiner eg at delar av den har hengt seg opp i eit lokalt, slitsomt og irrelevant spor som «Min kamp» sette i gang.
Om korleis «Min kamp»-bøkene har påverka livet hans: – Karl Ove meiner å ha lidd under å vere «broren til Yngve». No har eg vorte «broren til Knausgård».
Agnes Moxnes
Kulturkommentator, NRK
– Det var vinteren 2008. Fire år etter «En tid for alt», ti år etter «Ute av verden». Forventningane til Karl Ove Knausgård var, for å seie det mildt, svært høge. Han hadde sagt ja til å bidra til ein radiodokumentar eg skulle lage. Kanskje gjekk han med på dette intervjuet for å sende ut eit lite røyksignal om kva som var i gjære denne vinteren i Malmø.
Når eg høyrer den ferdige radiodokumentaren no, høyrer eg at eg absolutt ikkje fatta rekkevidda av det han heldt på med. Eg høyrer han snakke om ein utilrekneleg far og ein altfor følsam son. Han seier sjølvbiografisk, og at han ikkje har nokon grenser for sjølvutlevering. Men mengda, lengda og graden av utlevering for seg sjølv og andre, kom som eit sjokk.
«Min kamp» kom med ei stor omkostning for fleire av hans næraste. Debatten som kom svekka ikkje romanen, men den vekka til live ein uttalt harme hos dei som får livet sitt gjort om til skjønnlitterært råstoff. Denne ampre reaksjonen lever vidare. Med andre forfattarar og andre bøker.
Men no, ti år etter, trur eg ein kan slå fast at det faktisk er ei tid for alt. No er «Min kamp» først og fremst ein god roman, og det vil den halde fram med å vere.
Geir Berdahl
Tidlegare forlagssjef i Forlaget Oktober, som gir ut bøkene til Knausgård.
– Knausgård har vitalisert norsk skjønnlitteratur og heva den til eit nytt nivå. For meg handlar det om den frigjerande krafta i litteraturen. Der alt er mogleg. Då Knausgård mottok Svenska Akademiens nordiska pris i 2019 sa akademimedlem Per Wästberg: «När Knausgård överger den gängse litteræra formen uppstår en ny litterär form. Och då skriver han sig til en forhöjd livskänsla som kan forändra våra liv.»
Knausgård er uredd, lite oppteken av å bli sett på som ein bestemt type forfattar. Berre han finn noko han likar (særleg umoglege oppgåver) så køyrer han på. Det er noko ugardert over han. Eg trur at det han gjer set mot i andre forfattarar.
Han jobbar hardt, skriv og skriv for at noko skal opne seg. Lett å jobbe med, sjølvkritisk, søkande og lydhøyr. I «Min kamp» var det verkelegheita det gjaldt. I «Morgenstjernen» døden. Kva veit vi eigentleg om den?
Henrik Keyser Pedersen
Ansvarleg for Knausgård-bibliografien.
– «Min kamp» har gjort det mogleg å snakke om litteratur med postbodet, frisøren og dei ein spelar fotball med. Det er i seg sjølv ei bedrift. At forskinga framleis lurer på kva den eigentlege kvaliteten til verket består i, er berre ein bonus for alle oss som likar å dissekere tekstar.
Forfattaren er no i Munch-klassen, der alt han klattar ned er av interesse. Rett og slett fordi det er skrive av Knausgård.
Margit Walsø
Direktør i NORLA, Senter for norsk litteratur i utlandet.
– NORLA har bidrege med omsetjingsstøtte til 200 ulike Knausgårdutgjevingar på 35 språk. Knausgård er dermed blant dei aller mest omsette forfattarane våre. Knausgård når fram til så mange på ein eineståande måte: Han skriv seg rett inn i hjarta til lesarar av begge kjønn, i ulike aldrar, over heile verda.
Arrangement med Knausgård kan trekkje tusen publikummarar i New York, tre kveldar i løpet av ei veke. Dette i ein by med eit enormt kulturtilbod av ypperste kvalitet, og med sterk konkurranse.
Knausgård er hamna i ein internasjonal liga av forfattarar. Han har vore med på å rette søkelyset mot Noreg og mot norsk litteratur, og har opna dørene for fleire norske forfattarar til utlandet.