Hopp til innhold
Anmeldelse

Mørkt og fascinerande comeback

«Morgenstjernen» fører lesaren til himmel, jord og dødsrike, på leiting etter nye utsiktspunkt. Det er all grunn til å ønskje Karl Ove Knausgård velkommen tilbake i skjønnlitteraturen.

Karl Ove Knausgård gir ut romanen "Morgenstjernen" høsten 2020.
Foto: THOMAS WÅGSTRÖM/Forlaget Oktober
Bok

«Morgenstjernen»

Karl Ove Knausgård

Skjønnlitteratur

September 2020

Forlaget Oktober

Når Karl Ove Knausgård no har skrive den første store romanen etter «Min kamp» (2009-2011), har han ikkje spart på noko. Uttrykket «more is more» har sjeldan passa betre enn her.

Sjølv om ein garva Knausgård-lesar vil nikke attkjennande til mangt, ber «Morgenstjernen» likevel bod om noko nytt.

Og det nye er godt, sjølv om det ikkje dermed er godt nytt:

Den uroa som har lege under det detaljrike kvardagsprosjektet, særleg i «Min kamp», er denne gongen blitt til noko tjukkare og meir framandt. Vi snakkar ikkje om indre uro og potensielt kaos i familien, eller ikkje berre det.

No er det naturen som er ute av lage. Klimakrise, javel, men det er som om krisa også har eit element av rå, primitiv vondskap ved seg. Kaoskreftene er i sving.

Eit teikn, kanskje

Den nye stjerna som brått og uventa viser seg på himmelen, blir ein slags katalysator for handlinga. Er ho eit teikn? I så fall: Frå kven, om kva? Og korleis må folk justere sanseapparatet for å tolke teiknet?

I det heile er det så mange potensielle teikn her at eg tek meg i å lure på om det kan vere tilfeldig at romanen er på 666 sider. Det er jo talet for Dyret i «Johannes’ openberring», ei bok romanen «Morgenstjernen» hentar ikkje lite apokalyptisk inspirasjon frå. Tilfeldig? Kanskje.

Forskjellen på ei marihøne og tusen

Men lat meg gripe romanen frå ein meir handfast vinkel: Handlinga utspelar seg på tampen av ein vanleg, norsk sommarferie. Den uvanlege varmen skaper rettnok ei viss uro hjå dei åtte-ni personane som får ordet i kvar sine kapittel.

Desse folka, som ser ut til å halde seg anten på Sørlandet eller i Bergen, har helst perifere band til kvarandre, men kvar har sin flokk rundt seg: Ektemenn, koner, barn, kjærastar, foreldre, ja, og eit satanistband. Vi snakkar altså om ein kollektivroman med temmeleg mange personar. Ei lett nedskjering av persongalleriet ville ikkje gjort romanen dårlegare.

Personane er likevel kvar på sitt vis med på å byggje opp under uroa som ligg og murrar i teksten. Det er varmen, det er stjerna, det er altfor mange marihøner på ein stad, eller krabbar, og over det heile svevar store, ukjende fuglar.

Så langt er det berre litt vel mykje av det gode for persongalleriet. Men litt etter litt skrur det seg til, såpass at det vert krevjande å få det som skjer til å passe inn i ei rasjonell forståing av korleis verda er sett saman.

Kva skal ein då gjere? Godta at den sunne fornuft avgjekk ved døden midt på ein varm norsk sommardag?

Forfatter Karl Ove Knausgård.

TILBAKE: Karl Ove Knausgård er tilbake med sin første roman etter «Min kamp 1-6».

Foto: Thomas Wågström/Forlaget Oktober

Klimakrisa gjennom det menneskelege

Det er her både personar og lesarar får køyrt seg.

Portane til dødsriket er ikkje meir solide enn at det går an å svippe fram og tilbake. Døden viser seg å ikkje vere irreversibel likevel, slik vestleg vitskap har slått fast at han er.

Vesen som til no berre har eksistert i mareritt, mytologiar og dataspel vandrar livs levande rundt i skogen. Og så er det alle dyra som oppfører seg på nye måtar.

Når tidslina slår krøll på seg slik at hendingar frå framtida allereie har skjedd, er tida inne for fleire til å tenkje gjennom grunnleggjande spørsmål. Helge søkjer i vitskapen og i teoriar om at alt, ned til minste atom, er styrt av vilje og vane, mens Egil går inn i teologi og filosofi på leiting etter det sant menneskelege. Ei utforsking av kven vi er, blir essensielt for å kunne gripe tak i det som skjer.

Knausgård nærmar seg typisk nok klimakrisa gjennom å studere mennesket.

Her skil han seg klart frå andre klimakriseforfattarar som til dømes Maja Lunde, som legg vekt på å formidle kunnskapsstoff om sjølve klimakrisa gjennom romanane sine.

Dikting og sanning

Der romanen går vidare enn til det menneskelege, går han ikkje til klimafakta, men til tenking og teoriar av svært ulike valørar, og mest forbløffande av alt: til skogen der det altså finst vesen som er blandingar av dyr og menneske, og som fleire ser uavhengig av kvarandre.

Her er vi temmeleg langt forbi det ein ventar å finne i ein realistisk roman.

Dette er sant på eit anna nivå enn kvardagar og marihøner, for å seie det sånn. Dersom det vonde reint faktisk manifesterer seg som uhyre, er vi inne i tankegangar som ligg dei fleste av oss fjernt. Kanskje dei skal vise kor vanskeleg det er å ta inn over seg det uhyrlege?

Egil er oppteken av det som finst utanfor det medmenneskelege. Han er også den som får æra av å tolke tittelen: «Morgenstjernen». I Bibelen finn han at dette er eitt av namna på Jesus i «Johannes’ openberring», og eit namn for Lucifer hjå Jesaja. Dermed inneheld teiknet både guddomlege og djevelske sider. Det er sant i romanen, men Jesaja har neppe tenkt i slike banar.

Romanen i seg sjølv tek ikkje stilling til rette eller urette tolkingar av alt personane virvlar opp av tankestoff med svært ulike valørar. Dermed skaper forfattaren eit stort tolkingsrom for lesaren.

Ei uventa, men nødvendig historie

«Morgenstjernen» er ein monstrøs roman, som utan hemningar blandar saman slikt ein gjerne skil frå kvarandre ute i verda.

Det er ein roman som ein ikkje akkurat venta på, men som på forunderleg vis likevel verkar nødvendig.

Det må vere noko med legeringa. Tankestoffet er fast forankra i livet dei ulike personane lever: med fødselsdagar, bleieskift, sjuke foreldre, spenningar på jobben, vanskelege tenåringar, hang til drikking, skjulte laster, såre kjensler og oppvaskmaskiner som skal setjast på dag ut og dag inn.

Det er djupt menneskeleg, og på sitt beste kan det vere både rørande, infamt og komisk.

Desse livs levande personane gjer at både klimakrisa og dei menneskelege krisene står fram med stor kraft, trass i at romanen scorar lågt på fakta om klimakrisa. Til gjengjeld er det her eit stort rom for å tenke vidare.

Det er all grunn til å ønskje forfattaren velkommen tilbake i skjønnlitteraturen.

Anbefalt vidare lesing: