Hopp til innhold
Anmeldelse

Brytekamp med ord

«Pust» er eit drama som gjer at ein treng ei pustepause.

Axel Bøyum og Kamilla Hartvig Grønli spiller i Riksteatrets "Pust" som spilles høsten/vinteren 2020.
Foto: Erika Hebbert
Teater

«Pust»

Riksteatret

Skal på norgesturne

16. september - 7. desember 2020

Sjå det for deg: Eit par står i køen på Ikea. Då seier han det, nærmast tilforlateleg:

«Barn?»

Skodespelet til den britiske dramatikaren Duncan Macmillan (med originaltittel «Lungs») handlar om korleis dette eine ordet, «barn», endrar liva til dette paret. Korleis alt dei tenkjer, er og gjer, vert farga av dette eitt-ords-spørsmålet.

Vil dei? Vil dei ikkje? Kva skjer om dei faktisk får eit barn?

Fra forestillingen "Pust" på Riksteatret høsten 2020.

Skal dei ha barn i lag? Vil dei det? Har dei samvit til det – og kva med klima-avtrykket? Det er store spørsmål som vert stilt av dramatikar Duncan Macmillan i «Pust».

Foto: Erika Hebbert

Inga kvile

Hos Riksteatret heiter stykket «Pust», og paret vert spelt av Axel Bøyum (kjend frå seriar som «Heimebane», «Heksejakt» og «Øyevitne») og Kamilla Grønli Hartvig. Marie Blokhus har regi, og Ingrid Olava har komponert musikken.

Scenen er eit skrått basseng med låge kantar. Innimellom regnar det ned i bassenget, og det vert etter kvart fylt av små dammar. Dei to skodespelarane har ikkje nokon stad dei kan gøyme seg, ingen stad å kvile, ikkje noko pusterom i framsyninga. Det er nok òg meininga. Og hektisk vert det.

Standup? Dans?

For det går i eitt: Replikkar vert kasta mot den andre, dei snakkar i munnen på kvarandre, avbryt kvarandre. Dramatikaren sjølv har kalla stykket ei blanding mellom standup, dans og brytekamp, og det er det – i alle fall verbalt. Det finst inga kvile for karakterane i dei djupe, kvardagslege og rivande raske diskusjonane dei står i.

Mest av alt er dette eit bilete på tida me lever i. Og på korleis me ikkje handterer språket, korleis setningar aldri vert fullførte, og meininga ein trudde var sjølvsagt, forsvinn. Det er eit tydeleg tekstleg grep, men framføringa vert monoton når språket er gjennomgåande oppstykka. Det er ikkje mykje gudeleg over «de halve setningers gudinner» når halvannan time «Pust» er over.

Dei rette vala

Tematisk bekymrar paret seg mellom anna for klimaavtrykket eit barn vil setje på verda. Dei ønsker å vere gode, dei vil plante tre, dei vil rettferdiggjere det at dei ønsker seg barn saman. Så opptekne er dei av å ta dei rette vala at dei ikkje får til å vere til stades i augneblinken. Slik sett er «Pust» til tider ei oppvising i å gå i ring. Diskusjonane og kranglane held fram gjennom store delar av framsyninga, dei vert berre flytta rundt til ulike stadar på scenen.

Fra forestillingen "Pust" på Riksteatret høsten/vinteren 2020.

Scenen er eit skrått basseng med låge kantar. Innimellom regnar det ned i bassenget, og det vert etter kvart fylt av små dammar. Skodespelarane bevegar seg langsmed og i dette bassenget.

Foto: Erika Hebbert

Om stykket er som ein brytekamp eller ein dans, skulle dei gjerne tatt seg tida til å gjere det fysisk. Teksten forsvinn innimellom, anten i dårleg diksjon eller i avkutta setningar, og det er først når paret innimellom finn ro at ein som publikummar klarar å ta inn alt som har skjedd i stykket så langt.

Gode lyseffektar

I ei ordrik framsyning som «Pust» vert dei visuelle verkemidla viktige. Lysdesignet til Oscar Udbye er fantastisk og gjev framsyninga eit viktig løft. Alt frå den symbolske trekanten som vert vist i starten av stykket, som regnet fell gjennom, til mjuke skift i stemningsleie. Det er gyllent lys og kald klarleik.

Fra forestillingen "Pust" på Riksteatret høsten 2020.

Dei rolegaste delane av «Pust» er óg dei beste. Her er Kamilla Grønli Hartvig og Axel Bøyum som paret i «Pust». Lysdesignet til Oscar Udbye er ein sentral del av framsyninga.

Foto: Erika Hebbert

Lyset utnyttar regnet som innimellom fell, det gjev ein fin effekt når lyset bryt gjennom regnet. Regnet i seg sjølv gjev ikkje historia noko løft. At skodespelarane vert våte, at dei vassar rundt i dei små dammane i bassenget, løftar ikkje handlinga.

Storm treng stille

Det er som om «Pust» ikkje heilt finn forma. Komposisjonane til Ingrid Olava kunne gjerne fått ein meir framståande plass. Eg vil heller høyre regnet som musikk enn å sjå det falle på scena. Og når det kjem til replikkane, verka dei på premieren å vere litt for låst til manuset.

Dei rolegaste delane av «Pust» er òg dei beste. Der kan både skodespelarane og publikum faktisk trekke pusten. Stilla ville ikkje vore like kjærkomen utan stormane i forkant, men sjølv ein storm treng variasjon. I alle fall om den skal vere verbal.

Anbefalt vidare lesing: