Hopp til innhold
Anmeldelse

Ikkje gje denne til venninna di utan å ha lese han sjølv først!

Kven skal frelse oss når venninnene lagar helvete? Monica Isakstuen kastar seg inn i problemet med overdriving som effektivt våpen i romanen «Mine venner».

Monica Isakstuen og bokomslag "Mine venner"
Foto: Gyldendal Forlag
Bok

«Mine venner»

Monica Isakstuen

Skjønnlitteratur

2021

Gyldendal

Å ønskje ein var laksen på bordet og bli fortært med begjær av den utvalde.

Å krevje å vere den einaste eine.

Å gjere det slutt etter skuldingar om svik.

Nei, det er altså ikkje snakk om kjærleiksforhold her, men om vennskap mellom kvinner.

I romanen «Mine venner» er fleire av desse vennskapa lidenskaplege inntil det desperate. Kva er det som skjer?

«Uten oss er du ingen»

Sosiologane har lenge sett at familien blir mindre nødvendig for at individet skal overleve fysisk og sosialt. I takt med dette har vennskapet styrka si rolle: Fritid og fortrulege samtalar tek ein vel så gjerne med vener ein sjølv har valt ut, som med familiegruppa.

Vendinga er lite reflektert i litteraturen. Der får temaet vennskap helst fungere som sidetema i romanar dominert av barndom, familie og kjærleiksliv, med lysande unntak som italienske Elena Ferrantes napolikvartett – og barne- og ungdomslitteraturen naturlegvis, der vennskap ofte er eit akutt spørsmål.

Slikt kan ein filosofere over i møte med Monica Isakstuens nyaste roman, der vennskap mellom kvinner er hovudsaka. Men her er vennskapet altså ikkje skildra som ein fristad frå familie og plikter, ein stad der ein kan lufte tankar og problem med likesinna, men tvert i mot som ein kamparena der valdsfantasiar, frådande raseri, sjalusi og bitre oppgjer dominerer.

Kva er det som står på spel her? Lat oss studere romanuniverset grundigare.

«Et hellig bånd mellom to ildsprutende drager»

I «Mine venner» møter vi ei kvinne (40) som har brote ut av ein sterk symbiose med bestevenninna etter at denne kalla henne ein svikar. Sviket var at den namnlause hovudpersonen valte å bli hjå kjærasten sin, trass i alle råd frå venninna om å bryte med han.

I etterkant av brotet ser kvinna at vennskapet er bygd nettopp på intensiv rådgjeving, og ikkje minst på baksnakk, alt presentert nesten som poesi med ujamn høgremarg: «vi har et vondt ord om alt og alle/ vi forakter/ strikking, surdeig, safting og sylting og selvskryt/ i sosiale medium»

Historia om dette altoppslukande forholdet går gjennom heile romanen, men blir broten opp av andre element: Det eine er overraskingsfesten som venninnene ho har forsømt arrangerer på 40-årsdagen hennar.

Her kliner dramatikaren Isakstuen til med eit kor som skal feire ein kjær ven, men som unisont og skjerande skjenar ut i kritikk og knusande karakteristikkar av den svikefulle, sosiale rundbrennaren som ikkje forstår kva ekte venner bør kunne forvente av kvarandre.

Eit siste element i denne strengt komponerte romanen er ein serie monologar frå festdeltakarane som blir kalla for slikt som «En som er fortrengt», «En som forsøker å ta litt ansvar», «En å snakke hår med», «En som vil være den eneste» og så vidare. Eg talte opp nær 20 slike.

Ideen er god, her får ulike mennesketypar tenkje høgt om vennskap, men det blir for mange. Dei blir for stiliserte, dei har for få kort på handa. Dei ville nok gjort seg betre på ein teaterscene.

Kontrasten mellom dei sårbare individa og det brutale fellesskapet er likevel interessant: Når enkeltstemmene samlar seg i koret og held kalas og karakterdrap og rettssak og dommedag over hovudpersonen, er dei sterke og nådelause.

Smart, vittig, skarpt

I skildringa av venninnene tek Monica Isakstuen i bruk heile spekteret frå drapsfantasiar til meir passiv-aggressive reaksjonar og små, perfide stikk. Det er saftig og sitatvenleg, men kva er det som står på spel her?

Moderne menneske legg vekt på vennskapet, ja vel, men her er det meir i sving: Venninnene i «Mine venner» er ekstremt styrt av relasjonane: Dei speglar seg i kvarandre, dei definerer kvarandre, dei er ingenting utan kvarandre, dei går i kjellaren når venninnene ikkje svarer på meldingar straks dei er sende, dei er endåtil i stand til å «holde velsignelsen tilbake» frå kvarandre.

Kort sagt: Venninnene er ikkje berre hjelp og støtte og godt selskap. Dei skal i tillegg skape, oppretthalde og endåtil frelse kvarandre.

Isakstuen dreg skildringa av tidas identitetssmerter svært langt ut, men ikkje lenger enn at romanen kastar eit interessant lys over liva våre.

For 50 år sidan ville denne romanen blitt sett på som eit svik mot kvinnesolidariteten. For 100 år sidan ville han vore komplett uforståeleg. I dag er han høgst relevant.

Alle anmeldelser og anbefalingar frå NRK finn du på nrk.no/anmeldelser.

Anbefalt lesing vidare: