Hopp til innhold
Anmeldelse

«Heroin chic» er best når han går tett på

Vond historie om jenta som hadde alt, men som veksla det inn mot heroin.

Maria Kjoss Fonn og bokomslag "Heroin chic"
Foto: Oda Berby / Aschehoug forlag
Bok

«Heroin chic»

Maria Kjos Fonn

Skjønnlitteratur

2020

Aschehoug

Når var det nedturen starta for den talentfulle Elise frå vestkanten i Oslo? Var det i 11-årsbursdagen då ho forstod at dei som åt minst kake var vinnarane? Var det når mor sa «Det holder ikke å være god, man må være best»? Eller var det når dirigenten i koret gav henne piller til å slappe av på før han forførte henne då ho var 16?

Ikkje godt å seie. Det finst inga enkel forklaring på kvifor nett ho skulle hamne på kjøret. Litt indre og litt ytre årsaker kan ein sanke saman, men styrken i «Heroin chic» ligg i «korleis» meir enn i «kvifor». Så lat oss gå vidare på skildringa av livet til Elise.

Flerrar av alle omsyn

Den flinke jenta som får songtimar hjå mor er også riktig flink til å skjule at ho har slutta å ete, begynt med piller og etter kvart stoff. Løna er eit hemmeleg kongerike som opnar seg når ho ikkje et, og etter kvart når ho tek heroin.

Gradvis er det ikkje lenger ho som regjerer i dette riket, men rusen. Kampen for å få tak i dop vekslar med kampen for å bli kvitt det. «Det er ingen som vet hva heroin er, før de ikke får ta det», heiter det i ein av mange sitatvenlege setningar.

Som heroinist blir Elise ei jente som rappar pengar frå bestemor, prøver seg på ran med blodig sprøyte og prostituerer seg. Giren etter stoff flerrar av alle manerar, alle omsyn til andre og til seg sjølv. «Jeg» er tatt over av eit «ikke-jeg».

Den vakre songfuglen blir eit levande skjelett, etter ein tankevekkjande mellomfase som modellpen på Kate Moss-måten.

Styrken ligg i det heilt konkrete

Dei fleste lesarar vil vite at heroin er sterke saker som pregar kropp og sinn hjå dei som bruker det. Når det likevel er interessant å lese om korleis Elises liv som narkoman artar seg, handlar det om måten ho skildrar korleis det artar seg på.

Eg trur på Elise gjennom alle fasar, og eg aksepterer at ho ikkje går for tungt inn i årsakene («Filosofi er for universitetet, ikke for gata»).

Den sæle stunda etter ei sprøyte blir samanlikna med å duppe i eit bad av lunka vatn. Tilbake til livet inni fosterhinna altså. Javel? Eg trur på det også, men i romanen står skadeverknadene vesentleg sterkare fram enn rusopplevingane. Vi er tett på spy og skjelvetokter og noia og abstinensar. Heroin er ikkje «chic».

Men forfattaren har ein tydeleg ambisjon om å skrive ein «chic» roman. Maria Kjos Fonn byggjer inn lange linjer av paradoks og motsetningspar, gjentekne gonger snur ho opp ned på reint og skitent, høgt og lågt, tungt og lett: «mens jeg så ned og hodet var tungt av tomhet, sank jeg langsomt oppover».

Eg kryssa ivrig av i margen når desse repetisjonane dukka opp, men ser ikkje at dei tilfører særleg anna enn eleganse i komposisjonen. Forfattaren skal ha for det.

Ho skal også ha for nok eit interessant morsportrett i dette året då mødrene er dei dominerande bifigurane. Elises mor byggjer opp og bryt ned, alt i beste meining.

Likevel: Det som gjer at denne romanen skil seg ut, er den kompromisslaust konkrete skildringa av Elises kamp med og mot heroinen. Romanen er på sitt sterkaste når Elise er på sitt svakaste.

Anbefalt vidare lesing: