Hopp til innhold
Anmeldelse

Brennande forsvar for eige kunstsyn

I «Er mor død» går Vigdis Hjorth inn i den opprivande debatten etter «Arv og miljø» og inviterer lesaren til å tenkje vidare.

Vigdis Hjorth gir høsten 2020 ut romanen "Er mor død".

UJAMN: Vigdis Hjorth har skrive ein ujamn roman der dei essayistiske partia om kunst er det mest interessante.

Foto: Sara Angelica Spelling/Cappelen Damm
Bok

«Er mor død»

Vigdis Hjorth

Skjønnlitteratur

2020

Cappelen Damm

Denne gongen skriv Vigdis Hjorth om prisen det har å lage kunst av det mest smertefulle: Går det an å vere nådelaust ærleg kunstnar og på same tid stå på god fot med familien?

Høg temperatur

Lat oss først skru tida fire år tilbake: «Arv og miljø» vart av mange lesen som ein biografi over familien Hjorth, lett forkledd som roman. Debatten i ettertid skjente ut i spørsmål om kor etterretteleg forteljinga var, og om det etiske ved å skrive sant – eller løgnaktig – om eigen familie.

Temperaturen var høg, ikkje minst etter at søstera Helga Hjorth kom med ein mot-roman.

Ingen skal skulde forfattaren Vigdis Hjort for å gjere det enkelt for seg. På den andre sida: Dersom debatten skjenar inn i same sporet som for fire år sidan, seier det noko trist om den norske, offentlege samtalen om skjønnlitteratur. Også denne romanen opnar for heilt andre spørsmål, på fleire nivå.

På jakt etter mor

I «Er mor død» møter vi den internasjonalt kjende kunstnaren Johanna, nyleg tilbake i heimlandet etter 30 år i USA. For å ha utstilling i heimbyen, men ganske snart viser det seg at det også handlar om å snakke med mor.

Men mor vil ikkje snakke med Johanna. Eller er det søstera Ruth som opererer som særs streng portvaktar, mens mor eigentleg vil ha kontakt med den fortapte, men heimkomne dottera?

Kampen for å få mor i tale tek stadig meir desperate former, og Hjorth har blikk for det komiske når Johanna utstyrer seg som til villmarksekspedisjon for å liggje gøymt i diverse hekkar og spionere, på jakt etter ei opning inn mot mor.

Det høyrer med til historia at Johanna i ungdommen skilte seg, droppa jus-studia for å følgje kunstnarkallet og kunstlæraren til USA. Det var skandale. Dessutan kom ho ikkje i gravferda til faren, og mor har tolka kunstverket «Barn og mor» 1 og 2 som eit stygt åtak på seg sjølv. Etter det gjekk kontakten mellom mor og dotter frå å vere minimal til ikkje-eksisterande.

Kva var det med familien?

Så kvifor må Johanna absolutt snakke med mor no? Her viklar Johanna seg inn i ein psykologisk knute som ikkje er det mest interessante ved romanen. Men handteringa av denne knuten driv handlinga framover, og inne i den dukkar det også opp episodar frå barndommen.

Vel plassert under tujahekken reflekterer den vaksne Johanna over kva det var med familien. Ikkje minst over kva som gjorde at mor valte å kapsle seg inn og bli eit snusfornuftig og kjenslelaust menneske som alltid var samd med mannen sin.

Eit intenst forsvar for kunstnaren

Aller sterkast er likevel diskusjonane Johanna har med seg sjølv om kunst: Om korleis barndomserfaringane kan nå folk frå ulike verdsdelar når dei har fått form og blitt til måleri.

Måleri som mor og søstera Ruth ser på som personlege åtak. Ruth skriv harmdirrande meldingar og Johanna svarer i lange indre monologar:

«Skal ikke en kunstner kunne titulere verkene sine med ord som barn, mor, far, familie, fordi hennes faktiske mor, far, familie vil kunne tolke dem som avbildninger av seg selv? (…)»

Er de så nærsynte og selvopptatte at de bare leser seg selv inn og samtidig mener å være avbildet på en uriktig måte, det er oss, men vi er ikke sånn! (…).

Verkets forhold til virkeligheten er uinteressant, verkets forhold til sannheten er avgjørende, verkets sannhetsverdi ligger ikke i dets forhold til den såkalte virkeligheten, men i den virkning det har på tilskueren.»

Det er her det brenn i denne romanen. «Er mor død» er eit intenst forsvar for at kunstnaren skal kunne bruke eigne erfaringar som utgangspunkt for kunstverk. Det som har sett seg fast i sinnet, kan vere sjølve årsaka til at kunstnaren skaper kunst.

Trass i at både mor og Ruth får kome til orde, og trass i at Johanna problematiserer måten ho sjølv har takla familieproblema på, er ho urokkeleg på dette punktet.

Krev tolmod

«Er mor død» er ein roman som byggjer seg sakte opp. Vigdis Hjorth porsjonerer ut kunnskap om barndommen til Johanna og let lengten etter mor kome gradvis til syne.

Parallelt går tankane om mors plass i eit liv. Språket er kvernande, til dels med broten syntaks og feil teiknsetjing, jamfør tittelen der det manglar eit spørjeteikn.

Alt dette karakteriserer Johanna, men det krev tolmod av lesaren. Med litt velvilje ser eg at den sakte oppbygginga kan danne eit nødvendig grunnlag for dei meir essayistiske delane om kunst.

Er dette ei god bok?

Men er det bra? Det er all grunn til å tru at Vigdis deler Johannas syn på kunst og at «Er mor død» er ein roman som ønskjer å «sætte problemer under debat» slik Georg Brandes definerte litteraturens rolle på 1800-talet.

Ettersom eg sjølv i all hovudsak deler dette synet, er det vanskeleg å vurdere denne romanen reint estetisk. Konklusjonen min må derfor bli:

«Er mor død» er ein roman som har sine svake sider, men som likevel er viktig fordi han viser oss dei indre prosessane i ein kunstnar som deretter set problemet under debatt.

  • Les også:

Kulturstrøm