Det regnar. Mykje. Vatnet stig, bekkar fløymer over, vegen liknar ei elv. Styresmaktene set varselet frå gult til oransje. Det kan gå skred. Bli farleg.
Få ting skil uvêret i Brit Bildøen sin nyaste roman frå stormen «Hans».
Timinga hennar er slik sett uvanleg god.
Sjølv om romanen sjølvsagt er skriven lenge før flaumen i Sør-Noreg i sommar.
Hos Bildøen stig spaninga i takt med vatnet som fløymer: først litt seigt. Sidan raskare.
Det heile kulminerer med kaos og kriminalitet – før regnet sluttar og alt roar seg heilt til slutt.
Nøyaktig kva type brottsverk det er snakk om, skal eg ikkje røpe, for mykje av gleda i «Gult farevarsel» ligg i overraskinga. I det ein absolutt ikkje såg kome.
Det held med stikkord. Blant desse: familie, naturvern, død. Dessutan kjæledyr.
Labradoren Laban skal nemleg kome til å stå sentralt denne helga, kor særs lite går etter planen.
Vått gullbryllaup
Vi skal til fjells.
Dorte har bestemt at foreldra sitt gullbryllaup skal feirast tre dagar til ende, på den oppdikta gjestegarden Innsetra.
Fleire i familien synest eigentleg at det er litt styrete å dra så langt. Men no er dei likevel på plass: mor og far. Dorte og tvillingbroren Karl. Storesøstera og ektemannen, som er eigarane av hunden Laban.
Foreldra er pensjonistar, tvillingane i førtiåra, storesøstera over femti.
Stemninga er amper.
Dorte angrar på opplegget. Hennar plan var fine fotturar. Avslapping på tunet, omgitt av gullglitrande haustlauv.
I staden regnar det. Heftig. Sikta er på null, alt er vått og grått.
Høyr Brit Bildøen om sin førre roman, «Tre vegar til havet», i «Åpen bok»:
Fast i familie
Brit Bildøen har, på få og effektive sider, skrive seg fram til det tronge, litt ukoselege rommet som ho ofte skriv frå, og som ho er god på.
I fleire bøker plasserer ho folk (litt for) tett på kvarandre, og syner fram kor kompliserte forholda mellom menneska ofte er.
Familiemedlemmene er nære og bryr seg om einannan. Samtidig irriterer dei seg over og hakkar laus på kvarandre. I alle fall inni seg.
Sure observasjonar. Småkrasse replikkar. Endå surare og endå krassare tankar. Folk fell inn i dei faste rollene sine. Litlesøster. Storesøster. Tvillingbror. Agget flyt opp.
Sistnemnde, Karl, samanfattar:
Miljøengasjert
Alt dette er klaustrofobisk nok. Men det blir endå verre.
Vegen rasar ut.
Familien er fanga. Det er også Ole, verten som driv Innsetra.
Når to framandkarar kjem til gards, som ein slag flyktningar frå flaumen, er det likevel ingen i følgjet som set spesielt stor pris på det.
Særs ikkje då det etter kvart viser seg at dei to er jegerar som driv ulovleg ulvejakt, attpå til med ulovlege metodar.
Brit Bildøen syner fram argumenta både for og mot ulvejakt, men tek sjølv tydeleg stilling mot.
MILJØENGASJERT: Brit Bildøen har markert seg som ein tydeleg miljøengasjert forfattar også i tidlegare bøker, som «Sju dagar i august» (2014) og ikkje minst «Adam Hiorths veg» (2011).
Foto: Tove BreisteinLukka rom
Den ulovlege ulvejakta skal dessutan stå sentralt i den stadig aukande dramatikken som bygger seg opp på setra.
«Gult farevarsel» blir etter kvart eit slags lukka rom-mysterium av den typen lesarar kjenner frå krimmen: Noko alvorleg skjer, og ein av personane i gruppa må stå bak. Men kven?
Perspektivet i teksten byter mellom dei tre vaksne søskena. Men alt er filtrert gjennom ein allvitande forteljar som brukar «han» eller «ho», så perspektivskifta endrar ikkje stort.
Stemmen er den same, mildt insisterande og sakleg opplysande, heile romanen igjennom. Kanskje litt overforklarande i nokre tilfelle, men det øydelegg ikkje stort.
Det kan vere vanskeleg å bake klimakamp og miljøengasjement inn i ein roman, utan at det blir trått misjonerande. Brit Bildøen klarer det betre enn dei fleste.
«Gult farevarsel» vart ein uventa spanande tur til fjells.
Eg mistenker dessutan at boka vil røre – og opprøre – hundeelskarar ekstra hardt.
Hei!
Eg er ny kritikar i NRK, med særleg interesse for norsk og omsett skjønnlitteratur. Les gjerne meldinga mi av ein annan historisk roman, «Xiania» av Lotta Elstad, eller av «Vrakeren» av Lars Saabye Christensen, og «Ild, tenner, vann, tunge» av Nhu Diep.
Skriv gjerne til meg! Adressa er gerd.elin.sandve@nrk.no