Hopp til innhold
Anmeldelse

Lever opp til hypen

For ei gongs skuld har TikTok rett: Dataspel er best i bokform.

Portrett av en smilende forfatter Gabrielle Zevin med fargerik strikka genser, stort svart krøllete hår og grønn bakgrunn. Collage med bokens omslag «I morgen og i morgen»
Foto: Hans Canosa / Aschehoug
Terningkast 6 Bok

«I morgen, og i morgen, og i morgen»

Gabrielle Zevin

Oversatt av Eli-Ann Tandberg

Roman

1. mars 2024

Aschehoug

Kva er forskjellen på ein venn og ein kjærast? Er det lov å like data­spel om holocaust? Og korleis får ein eigentleg spel­figuren til å lande øvst i flagg­stonga i «Super Mario Bros.»?

Amerikanske Gabrielle Zevin har skrive ei vedunderleg fengslande sjarm­bombe av ein roman, om desse og ei lang rekke andre, like engasjerande og viktige spørsmål.

Det er ei bok om venn­skap. Om tap. Om å skape noko – saman og kvar for seg. Ei bok om arbeid.

Det er også ei bok om data­spel – til glede for alle som gamar allereie, og til opplysning til dei som knapt har tatt i ein kontroller.

Trendar på TikTok

Dei unge menneska som heng på bok­delen av TikTok, Book­Tok, har for lengst oppdaga dette. Der har «I morgen, og i morgen, og i morgen» vore blant dei mest populære bøkene å lage korte fan-videoar om heilt sidan boka kom på engelsk sommaren 2022.

Portrett av en smilende forfatter Gabrielle Zevin med fargerik strikka genser, stort svart krøllete hår og grønn bakgrunn.

SKAL BLI FILM: Gabrielle Zevin (f. 1977) har skrive ti bøker, inkludert fem romanar. «I morgen…» er det store internasjonale gjennombrotet hennar. Ho har også skrive filmmanus, og skal sjølv skrive manuset når «I morgen…» skal bli film. Som romankarakteren Sam, har Zevin ein koreansk og ein jødisk forelder, og studerte ved Harvard.

Foto: Hans Canosa

På Insta­gram er entusiasmen like stor:

Fleire titals tusen brukarar har delt foto av det karakteristiske bok­omslaget – retro «data­bokstavar» over ein liten bit av tre­snittet «Den store bølga ved Kanagawa» (1832) av den japanske kunstnaren Hokusai – saman med entusiastisk skryt av innhaldet.

Endeleg fekk TikTok rett i noko!

Denne boka lever nemleg opp til alt skrytet i sosiale medium.

Store tema

Det er ein roman som vil glede mange: Ten­åringar som pleier å like skjerm betre enn bok. Eldre, meir erfarne lesarar. Folk som elskar data­spel. Folk som knapt har vore borti ein skjerm.

Eli-Ann Tandberg har omsett frå spretten engelsk til lett­flytande norsk. Ho har stø forståing for kva som må omsetjast og eventuelt forklarast, og kva ord og omgrep som er del av ein internasjonal kultur og som dermed har fått bli ståande på engelsk.

«I morgen, og i morgen, og i morgen» er ei annleis kjærleiks­forteljing. Dessutan ei skildring av teknologi og miljø i ein avgrensa historisk epoke.

Les også «Fordommene mine ble suverent returnert»

Kombinasjon av omslaget til boka «Blodbok» og forfatter Kim de l'Horizon.

Boka handlar om opp­vekst og familie. Om kommunikasjon. Utanforskap. Kunst. Mange av dei største temaa i livet.

Zevin skriv godt om smerte – fysisk og psykisk – og måtane store trauma kan påverke eit liv. Ho skriv om kjærleik, og om sex.

Og ho skriv om døden.

«I morgen, og i morgen, og i morgen» har ein av dei mest originale – og (opp)rørande – dødsscenane eg har lese. Død på data!

Dessutan inneheld boka eit særs oppfinnsamt forslag til korleis ein kan vinne nokon tilbake etter eit vondt brot. Spel er stikkord også her.

Gabrielle Zevin svingar seg lett og leikent mellom høgt og lågt.

Frå Shakespeare til «Super Mario Bros.», via amerikansk poesi og japansk kunst, frå snø i Massachusetts til sol i California.

Å skape ei verd

Historia følger Sam og Sadie.

Dei møtest ved eit barnesjukehus i Los Angeles som 11-åringar i 1985. Sam er der som pasient. Ei alvorleg bilulukke knuste foten hans. Sadie er på besøk. Søstera hennar har kreft. Begge er einsame. Utanfor.

Dei finn saman over «Super Mario Bros.» og andre dataspel.

«Timing is key» seier den gule blomsten i det nye Super Mario Bros. Wonder spelet på ei bane der bakken beveger på seg.

REFERANSETUNG: Dataspelet «Super Mario Bros.» har kome i stadig oppdaterte utgåver heilt sidan 1980-talet. Det er ein av veldig mange referansar til faktiske spel i «I morgen...» av Gabrielle Zevin.

Foto: Nintendo

Men venn­skapet knuser. Det den eine såg som ein leik, var for den andre eit svik.

På 1990-talet møtest dei likevel igjen.

Begge studerer då ved kvart sitt prestisje­universitet på aust­kysten av USA. Dei er briljante, begge to, men ikkje spesielt gode på kjensler og kommunikasjon. Begge er framleis einsame. Framleis utanfor.

Den all­vitande forteljaren, som stadig kjem med hint og frampeik, fortel at det likevel vil gå bra.

«Det er mer enn romantisk. Det er bedre enn en romanse. Det er vennskap.» Sam lo. «Kven bryr seg forresten om romanser?»

«I morgen, og i morgen, og i morgen» av Gabrielle Zevin

Sam og Sadie finn saman igjen.

Ho studerer programmering. Han får prøve eit data­spel ho har laga i lekse, og blir hekta. Ho må lage fleire spel! Saman med han! ivrar Sam.

Han får viljen sin.

Som kollegaer er Sam og Sadie eit draume­lag. Ikkje minst då dei dessutan får hjelp av Sam sin einaste andre venn, teater-entusiasten Marx, til praktisk drift av dataspel-selskapet dei startar.

Dataspel-suksess

Det første spelet Sam og Sadie lagar, blir ein stor suksess.

«virtuelle verdener kan være bedre enn den virkelige verden. De kan være mer moralske, mer rettferdige, mer progressive, mer empatiske og mer tilpasset ulikheter. Og hvis de kan være det, da burde de vel være det?»

«I morgen, og i morgen, og i morgen» av Gabrielle Zevin

Gabrielle Zevin teiknar kjappe riss av tida og miljøet dei er del av.

Ho viser fram det manglande mang­faldet i verda både i og utanfor dataspela på tidleg 2000-tal.

Men også fridomen skaparar hadde til å låne fritt overalt, lenge før nokon prata om «appropriasjon».

«Alternativet til appropriasjon er en verden der kunstnere bare refererer til egen kultur […] En verden der alle er blinde og døve overfor enhver kultur eller erfaring som ikke er deres egen. Jeg hater den verdenen, gjør ikke du?»

«I morgen, og i morgen, og i morgen» av Gabrielle Zevin

Dataspel er kunst og kreativitet heilt på linje med litteratur og teater, viser Zevin. Det er ingen konkurranse: Bøker fortel historier. Dataspel òg. Det er lov å elske begge.

Sjølv om det er freistande å påstå at akkurat i dette tilfellet, er dataspel best som bok.

Den verkeleg store fordelen med spel, er derimot at ein alltid kan starte på ny, med nye liv. Kan ein lære noko av det til livet utanfor skjermen? I vennskap og kjærleik?

Zevin har sine svar. Lesaren får sjølv finne sine.

Ikkje vent til i morgon, i morgon, i morgon med å lese. Dette er ein roman verdt å unne seg i dag!

Hei!

Eg er litteraturkritikar i NRK, med særleg interesse for norsk og omsett skjønnlitteratur. Nokre av dei beste bøkene eg har lese i vår er «I morgen, og i morgen, og i morgen» av Gabrielle Zevin, og «Ixelles» av Johannes Anyuru. Bli også med på lesefest hos Jonas Hassen Khemiri, med hans roman «Søstrene», eller ein tur i Nord-Irland med Louise Kennedys «Overtredelser»!

Super Mario Bros Wonder, der ein kan sjå alle karakterane samla framfor slottet som Bowser, fienden, har tatt over. Biletet er i fine, pastel farger som gjev ei hyggeleg og koseleg atmosfære.
Terningkast 6 Spill

«Ren Mario-magi»

ANMELDELSE: «Super Mario Bros. Wonder» til Switch

Kulturstrøm

  • Britney Spears inngår forlik med faren sin

    Popstjerna har inngått eit forlik med faren sin Jamie Spears, meir enn to år etter at ei rettsavgjerd avslutta verjeordninga som har gitt han kontroll over livet hennar. Det melder CNN.

    Sidan verjeordninga vart avslutta, har Britney Spears og faren vore i retten fleire gonger i samanheng med advokathonorar og skuldingar om upassande oppførsel under verjeordninga. Far hennar har heile tida motsett seg skuldingane.

    Vilkåra for forliket er ikkje offentleggjort, men advokatane til Spears stadfestar forliket til CNN.

    (FILES) US singer Britney Spears arrives for the premiere of Sony Pictures' "Once Upon a Time... ...
    Foto: AFP
  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.