Hopp til innhold
Anmeldelse

Suverent smart spaning

Då kjærasten blei drepen, forlét jenta alt ho var. Men kan ein bygge ei framtid på løgn, spør denne knallgode romanen.

Collage med omslag av boken «Ixelles» med store bølger, og portrettbilde av forfatteren Johannes Anyuru som ser mot kamera iført en mørkeblå skjorte. Han er mørk i huden, har grått hår, og kort svart skjegg.
Foto: Maja Kristin Nylander
Terningkast 6 Bok

«Ixelles»

Johannes Anyuru

Roman

Forlaget Press, 2024

Omsett av Håvard Syvertsen

Ei spanande forteljing, om kjærleik og tap og håp. Politisk og poetisk, engasjert og eksistensiell. Ei historie om livet. Om løgn. Familie. Tid.

Den svenske forfattaren Johannes Anyuru har skrive ein roman som har alt dette. Og meir.

«Ixelles» er rik og kompleks. Ei bok om dei verkeleg store temaa, i kjeldeklart, ofte poetisk språk, stødig presist omsett frå svensk til norsk av Håvard Syvertsen.

Bravo!

Hard oppvekst

Mio og Ruth veks opp i Antwerpen i Belgia. Dei kjem frå ein fattig og sliten bydel, for fattige og slitne folk.

Staden manglar til og med namn. Han blir berre kalla «tjuesytti», etter postnummeret.

Dei to tenåringane blir kjærastar. Begge er barn av innvandrarar. Gatesmarte. Kjende med rus, med tap, med vald.

Men dei er også veldig ulike.

Mio er ein tøffing, van med slåsting både heime og ute. Ruth framfører eigne dikt på biblioteket. Dei er forelska. Drøymer om ei framtid saman.

Slik blir det ikkje.

Mio døyr. Han blir funnen skoten på gata. Ingen veit kven som har gjort det. Ruth er berre 18 år, og gravid med barnet hans. Ho sørger over tapet, men forstår også at ho må vekk.

Eit rart jobbtilbod blir vegen ut. Hennar sjanse til å starte heilt på nytt.

Å leve ei løgn

Ruth flyttar til ein fjong, rik bydel langt unna 2070. Då sonen Em veks til, fortel ho at Mio døydde i ei bilulukke. Ho seier at ho sjølv vaks opp i den rike bydelen Ixelles i Brussel, og at Mio sin familie også er død.

Alt er løgn. Mio sine foreldre bur framleis i 2070.

Ruth sin jobb er også basert på løgn.

Ho arbeider for eit firma kor rike og allereie mektige menneske – i det skjulte – kan kjøpe seg truverdet dei treng for å få folket med seg på noko dei rike ønsker å gjere, mot folkets vilje.

«reklame i en tid som ikke engang vil ha reklame som ikke er reklame»

«Ixelles» av Johannes Anyuru

Løgn sannare enn sanning

Ruth konstruerer rett og slett falske menneske, som framfører oppdragsgjevaren sin bodskap i det offentlege ordskiftet.

«Personane» ho skaper, får id-papir og CV. Ein oppdikta bakgrunn. Skodespelarar lever ut personane i verda.

Ein kunde stussar litt. Men Ruth argumenterer for den falske kvinna ho har dikta fram:

Hun er virkeligere enn mange mennesker som finnes i virkeligheten

«Ixelles» Johannes Anyuru

Ein annan stad diskuterer ho og sjefen kva ein forfattar – og ein fiksjon – eigentleg er:

Det er vel det som er selve spørsmålet. Hvem snakker når en fiktiv figur snakker

«Ixelles» av Johannes Anyuru

Slik opnar forfattaren Johannes Anyuru for tankar om dei verkeleg store spørsmåla: Kva kan vi stole på? Og kven? Kva er løgn? Eller sanning, i livet og i litteraturen?

Kva gjer det med oss å bli utsett for løgn. Eller å sjølv velje løgna?

Selve forestillingen om sannhet er i dag en forestilling om noe veldig privat. Noe indre

«Ixelles» av Johannes Anyuru

«Avdelinga for ingenting»

Etter å ha nølt lenge, tar Ruth på seg eit nytt jobb-oppdrag. Det går ut på å få folk i 2070 til å akseptere på at bydelen bør rivast for å gjere plass til ein ny veg.

Det nye oppdraget gjer spørsmåla om løgn og sanning, opphav og tryggleik, ekstra akutte.

Likevel tek ho jobben. Kvifor?

For å bli fri fra noe, endelig? Befri Em? Fra den hun var? Eller fra den hun elsket?

«Ixelles» av Johannes Anyuru

Som del av oppdraget, drar Ruth tilbake til 2070. Der får ho høyre rykte om at Mio likevel ikkje er død. Då det dukkar opp ein CD med stemma hans(?) på, veit ho ikkje kva ho skal tru.

Mannen på CD-en snakkar i poetiske vendingar om ei mystisk «avdeling for ingenting», langt vekke. Der er det skal vere plass for «slike som han».

Også sonen, Em, byrjar å stille vanskelege spørsmål, om faren og om 2070.

Kva no?

«Ixelles» har hekt og driv som ein spaningsroman. Ein thriller. Kan det stemme at Mio lever? Og vil Em finne det ut? Har dei to allereie hatt kontakt?

Anyuru vann Augustprisen: «Årets mørkeste roman»

Johannes Anyuru

Presis og poetisk

Samtidig er «Ixelles» også ein djupt «litterær» roman. Komplekst oppbygd, med stadige skifte mellom ulike forteljarstemmer. Dels høglitterær i språket, poetisk og underleg.

Nokre av forteljarane veit ein kven er, andre ikkje. Ein del gåter blir løyste, men ikkje alle.

Problemstillingane Anyuru tek opp, er også komplekse. Han er oppteken av vald. Av familieband og oppveks, tilhøyrsle og røter. Skriv godt om foreldre som prøver å beskytte, men som ikkje klarer det. Om utanforskap og sinne – og om sorg som ikkje vil sleppe.

«Ixelles» er like presis som poetisk, like drøymande som konkret. Finpolert, men også rå. Melankolsk, med små glimt av løft og håp.

Johannes Anyuru har skrive ein roman som kanskje krev litt av lesaren. Men som gir desto meir tilbake.

Hei!

Hausten 2023 og våren 2024 vikarierte eg som litteraturkritikar i NRK. Nokre av dei beste bøkene eg las om våren var «Amy og Isabelle» av Elizabeth Strout, «I morgen, og i morgen, og i morgen» av Gabrielle Zevin, og «Ixelles» av Johannes Anyuru. Få også med deg Ketil Slagstad si sakprosabok om aids-epidemien i Noreg, «Det ligger i blodet».

Kulturstrøm

  • Céline Dion gjør comeback i OLs åpningsseremoni

    Arrangørene av sommer-OL i Paris bekreftet fredag at den canadiske artisten Céline Dion skal opptre under åpningsseremonien.

    Arrangørene har tidligere hintet om at den internasjonale popdronningen skulle opptre, men først fredag kveld ble det offisielt bekreftet, melder CNN.

    Céline Dion slutter seg dermed til Lady Gaga og den fransk-maliske artisten Aya Nakamura på scenen. Hun forventes å synge «L'Hymne à L'amour» – en hyllest til den franske legenden Edith Piaf.

    55-åringen måtte tidligere i år avlyse sin verdensturné fordi hun er rammet av sykdommen «stiff person syndrome», en svært sjelden, nevrologisk sykdom.

    Opptredenen i Paris er Dions første siden hun fikk diagnosen.

    (©NTB)

    Celine Dion begins world tour in her hometown
    Foto: ALICE CHICHE / AFP
  • Sendes på hemmelig oppdrag

    – Regissør Guy Ritchie er tydelig inspirert av klassiske «men-on-a-mission»-filmer. (...) Hans «The Ministry of Ungentlemanly Warfare» er løst basert på sanne figurer og hendelser under andre verdenskrig, men Ritchie behandler historien som en enkel machofantasi med tvilsom logikk og glimt i øyet, skriver filmkritiker Birger Vestmo.