Hopp til innhold

Dei overvakar Noregs farlegaste fjell

Fjella i Noreg kan vere farlege. Fjella vi er så stolte over, og som gjer at vi kan kalle oss fjellandet Noreg, har utløyst nokre av dei største katastrofane i vår historie. Framleis lever folk under farlege fjell. Men høgteknologisk overvaking er no i ferd med å gjere dei mest utsette områda trygge å bu i.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Tannlege Astor Furseth flytta i 1978 inn i eit av dei mest utsette områda for fjellskred i Noreg. I huset sitt i Fjørå bur han berre få meter frå der flodbølgja tok livet av 40 menneske i 1934. 3 millionar kubikkmeter stein rasa frå Langhammaren og 730 meter ned i Tafjorden. Flodbølgja var opp til 64 meter høg.

Astor Furseth

Astor Furseth utanfor heimen sin. Rett over furukvisten til høgre ser du såra etter Langhammaren som rasa ut i 1943. Rett bak Furseth ligg den rasfarlege Hegguraksla.

Foto: Terje Reite / NRK

– Det er klart at det påverkar mentaliteten til folk å vite at dei bur i område der naturkreftene kan gjere stor skade. Dette gjeld enten du er trønder og lever med leirskred tett inn til deg, eller om du lever under høge fjell på Vestlandet eller i Troms, seier Astor Furseth.

Kva meiner du? Er faren for fjellskred overvurdert eller undervurdert? Lever du i eit utsett skredområde? Skriv gjerne om det i kommentarfeltet under artikkelen.

Ville nekte å sende ungane til symjehallen

Ein periode ville foreldra i ein nabokommune nekte å sende ungane sine til symjeundervisning i den tsunamiutsette bygda Hellesylt. Dette var i ein periode der det var kome nye rapportar om skredfaren, men før overvaking og varsling var på plass.

– Folk lurte på om ekspertane visste noko som dei ikkje fortalde om. Eg fekk også spørsmål om det. Men med overvaking, varsling og god informasjon på folkemøte har roa senka seg igjen, seier Furseth.

Klikk på kartet - sjekk skredfakta

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Bestemor mi berga meg

Frå huset til Astor Furset kan vi sjå spora etter Tafjordulukka. Ulukka skjedde på ein aprildag som i dag, i 1934. No er det 3 gjenlevande etter Tafjord-ulukka. Ei av dei er Asbjørg Lyse. Under 75-års-markeringa i 2009 fortalde ho om den dramatiske aprildagen i 1934.

– Det var bestemor som gjorde at eg berga meg. Eg fekk tak i nattklea hennar då den første bølgja kom. Der heldt eg meg fast, fortalde Asbjørg Lyse.

Video TAFJORDULUKKA

Tafjordulukka har sett varige spor. I 2009 var det 75-års-markering etter Tafjord-ulukka. Under markeringa blei det også framheva at det er behov for meir overvaking av dei farlege fjellområda.

Lyd frå fjellet minner om skred

Sjølv om såret etter fjellet Langhammaren står som eit minne om ulukka, og rapportar frå nyare tid slår fast at det framleis er skredfare ikkje langt unna, hevdar Furseth at roa har senka seg over folket i Tafjorden og Storfjorden. Dei siste åra er det bygd ut eit omfattande overvakingssystem. Gjennom dette systemet skal folket i området bli varsla både på mobiltelefon og med kraftige sirener.

– Framleis er det nok slik at vi går til vindauget om vi høyrer uvanlege lydar frå fjellet. Og det var eit par år, rundt 2001 og 2002. Då hadde vi fått ny kunnskap om rasfaren. Men verken overvakinga eller varslingssystema var på plass. Då var her laber stemning, seier Furseth.

Vil overvake heile fjell-Noreg

Etter ein mangeårig kamp blei det etablert eit omfattande overvakingssystem på Åkneset i Stranda og på Hegguraksla i Tafjord i Norddal. Dette er to svært rasutsette område i fjordsystema på Sunnmøre. På Åkneset kan mellom tjue og femtifire millionar kubikkmeter fjellmasse rase i fjorden, og skape enorme flodbjølgjer som kan gjere store skadar på busetnad i området.

Lars Harald Blikra

Lars Harald Blikra er sjefgeolog i Åknes/Tafjord-prosjektet.

Foto: Terje Reite / NRK

– No har vi både utstyr og kompetanse og kan utvide området vårt ganske fort. Vi kan redusere stor samfunnsrisiko i heile Noreg om Åknes/Tafjord-senteret får til oppgåve å overvake fjell også utanfor dette området. Prosjektet her har vore eit pionérprosjekt, og no er tida inne til å sjå ut over resten av landet, seier sjefgeolog Lars Harald Blikra.

Harald Blikra seier det er heilt avgjerande med presis og truverdig informasjon om utviklinga kring fjellmassivet som flyttar på seg. Dette er heilt avgjerande for å kunne gje nøyaktige varslar, slik at det er mogleg å evakuere området.

– Vi har strenge krav til korleis overvakingssystema er utvikla. Vi skal vite i god tid på førehand når skredet går. All erfaring tilseier også at det er aksellererande aktivitet i fjellsidene i forkant av skred, seier Blikra. Dette er heile fundamentet i systemet som er bygt opp, seier han.

Sjå SINTEF-forsøk frå Åkneset:

I 2008 bygde SINTEF ein modell av fjordsystemet ved Åkneset. Denne modellen blei brukt for å kunne rekne ut korleis flodbølgja frå raset kjem til å råke tettstadene kring Storfjorden.

Video SINTEF-ÅKNES/TAFJORD

SINTEF i Trondheim har gjennomført modell-forsøk, for å finne ut kor store flodbølgjene blir om Åkneset rasar ut. Desse forsøka blei gjennomført i 2008, og har danna grunnlag for mykje av beredskapen i området.

Vil etablere akutt-eining

Overvakingssentralen for Åknes/Tafjord vil ikkje berre overvake fjell over heile Noreg. Dei ønskjer også å etablere ei akutt-eining, som på kort varsel kan rykke ut der det har gått skred. I dag er det vanskeleg å vurdere om det framleis er skredfare der skred har gått.

– Vi har kompetanse og ein utstyrspark som er veleigna i akuttsituasjonar. Det er viktig å få eksakt informasjon om det framleis er rasfare etter at raset har gått. I dag baserer ein seg oftast på visuell informasjon som geologane hentar ved å vere oppe i helikopter. Dette er ein usikker metode. Ved å bruke radar og laser kan ein få langt betre informasjon, sier Blikra.

– Overvaking skapar tryggleik

Lars Harald Blikra har bakgrunn frå NGU og var sterkt inne i prosessen med å etablere Åknes/Tafjord-prosjektet. Tanken om døgnkontinuerleg overvaking av eit fjellparti var heilt ny i Noreg då dette prosjektet kom på plass.

– Tidlegare var ikkje overvaking av farlege fjell ein metode som blei brukt i det heile teke i Noreg. I motstnad til Italia og Sveits har vi ikkje hatt tradisjonar for slikt. No har vi bygt opp eit overvakings-system av internasjona klasse på Åkneset. No har vi oppnådd tillit både hjå styresmakter og hjå folket. Dei ser at slike system kan vere med på å skape tryggleik, seier Blikra.

Sjå grafikk om Åknes-skredet:

Video SLIK ER SKREDFAREN PÅ ÅKNESET

Her kan du sjå korleis skredet på Åkneset kan bli løyst ut, og korleis flodbølgja kan råke opp til 10 kommunar.

Nye rapportar om skredfare


Det er NVE som har det overordna ansvaret for å ha oversyn over farlege fjell i Noreg. NGU tek seg av kartlegginga. Åknes/Tafjord-prosjektet ønskjer å få større ansvar for overvaking og varsling. Prosjektet er for fullt inne i overvakinga av det farlege fjellpartiet Mannen i Romsdalen, i Noregs største skredfarlege parti Stampa i Sogn og Fjordane, og i Nordnes og Kåfjorddalen i Troms. Åknes/Tafjord er også inne i ei rekkje andre prosjekt og fleire kjem til.

Fylkesgeolog Einar Anda

Einar Anda er fylkesgeolog i Møre og Romsdal.

Foto: Terje Reite / NRK

– Som første fylket i landet, legg Møre og Romsdal i dag fram ei sikkerheits og sårbarheitsanalyse med utgangspunkt i faren for fjellskred. Vi har alt innført overvaking på dei mest rasfarlege områda, så der kjem neppe noko nytt. Men vi presenterer fleire område med middels fare for skred, som treng ei form for overvaking, seier fylkesgeolog i Møre og Romsdal, Einar Anda.

Fritidsulukker aukar


Då Astor Furseth flytta til det skredfarlege området like ved Tafjord, byrja han å samle inn materiale om historiske skred. I dag sit han på eit stort materiale om skreda som har gått i Noreg frå i dag og fleire hundre år attende.

– Vi er betre budde enn nokon gong. Det er gjort mykje godt sikringsarbeid. Skred treff bustadhus langt sjeldnare no enn før i tida. I tillegg er vi i ferd med å få på plass system for overvaking og varsling. Det er skredulykker som råkar folk som driv med fritidsaktivitetar som har den negative utviklinga, seier Furseth.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Fryktar Mannen aller mest

Sjølv om Astor Furseth bur like ved Hegguraksla og berre nokre mil frå Åkneset, er det faktisk ikkje skred frå desse fjellpartia han fryktar aller mest. Verstingen blant skredfarlege fjell i Noreg er Mannen i Romsdalen, trur Furseth.

– Åkneset og Hegguraksla rasar nok ein eller annan gong. Men eg trur ikkje massene kjem på ein slik måte at flodbølgja bli så stor som i dei verste spådomane. Derimot trur eg Mannen i Romsdalen kan gjere store skadar når det brakar laust. Det er så bratt der, og vippepunktet er slik at store steinmasser vil bli løyste ut samstundes. Steinmassane vil ligge over elva Rauma, og lage ein stor demning som ein dag vil breste, og ei flodbølgje kjem til å fløyme ned Romsdalen, seier Furseth.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL