Hopp til innhold

Nye bilde frå katastrofe

Viser fotografi frå skredulykke som aldri har vore viste før.

Tafjordulykka

Førti menneske miste livet i Tafjordulykka i 1934.

I vår er det 75 år sidan ein av Noregs største naturkatastrofar hende i Tafjord i Norddal.

Søndag ettermiddag kjem Astor Furseth til Aasen-tunet i Ørsta for å fortelje. Han vil vise bilde frå ulykkesstaden som aldri har vore viste før.

Ein enorm fjellmasse styrta i fjorden og opptil 60 meter høge flodbølgjer slo inn over bygdene Tafjord, Fjørå og Valldal. Førti menneske miste livet.

Astor Furseth

Astor Furseth viser bilde frå Tafjordulykka som aldri har vore viste før.

Astor Furseth gir snart ut ei ny bok om Tafjordulykka. Han meiner det som skjedde markerer byrjinga for skredforskinga i Noreg, sjølv om det tok lang tid før ein kom i gang.

Furseth har dei siste 15 åra vore tilknytt NGU, der han har forska på skred og andre naturkatastrofar i eit historisk perspektiv.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL