Hopp til innhold

Jubel i Rauma

Det er jubel i Rauma etter at dei aller fleste byggjerestriksjonane er oppheva i ein fersk rapport frå NVE.

Romsdalen mot sør - Mannen innsirklet

Fjellet Mannen (innsirkla) er farleg, men ikkje så farleg som NVE først varsla.

Foto: Norge i 3D

Det skriv Åndalsnes Avis.

– Det einaste vi ikkje kan byggje er eit nytt sjukehus på Øran. Men så er vel ikkje det særleg aktuelt heller, seier kommunalsjef Ole Kjell Talberg til avisa.

Overraskande

Rapporten kom svært overraskande på leiinga i kommunen, og dei ser no for seg at det kan bli ei rivande utvikling i kommunesenteret Åndalsnes.

Byggesaker som ligg på vent vil no bli handsama fortløpande.

Den gode nyheita kom i eit møte på rådhuset i Rauma måndag formiddag.

Ikkje katastrofebøljge

Årsaka til at byggeprosjekt vart sett på vent i Rauma, er ein tidlegare rapport som viser at skred frå fjellet Mannen kan føre til ei katastrofebølgje i kommunesenteret.

Den nye rapporten viser at eit eventuelt skred berre vil føre til ein huritstigande flaum, skriv Romsdals Budstikke.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL