Hopp til innhold

Fjellet kan rase ut

Meir ekstremver kan føre til at desse fjellsprekkene utvidar seg raskare.

Sprekker i fjellet Stampa i Aurland.
Foto: Aurland kommune.

Fjellpartiet ved Stampa i Aurland er truleg det største ustabile fjellpartiet som hittil er registrert i Norge. Biletet syner dei djupe fjellsprekkene som blir utvida meir ekstremver.

Trykket frå vatnet kan føre til små skred, men i verste fall kan heile fjellveggen på lang sikt rase ut i Sognefjorden og skape en tsunami .

Geologar til Aurland

I dag kom to geologar til Aurland for å gjere målingar i fjellpartiet. Geologane har vore her ein gong i året sidan 2005 for å kartleggje rørslene i fjellet.

Fjorårets målingar viser at enorme steinblokker har bevega seg opptil fire cm på eitt år.

Påverka av nedbør

Nedbør over lang tid, og framfor alt snøsmelting, fører til fleire og djupare sprekker i fjellpartiet. I ein rapport som vart offentleggjort i august vart det føreselge å drenere vekk store vassmengder for å unngå at fjellmassivet skal skli ut i fjorden. Det vil ha ein kostnad på 300 millionar kroner.