NRK Meny
Normal

88 fjell i Møre og Romsdal kan utvikle store fjellskred

I femten år har geologane granska fjella i eit av dei mest skredfarlege fylka i Noreg. I dag blei rapporten lagt fram. Berre i Møre og Romsdal har 88 fjellparti potensiale til å utvikle store fjellskred.

Mannen borerigg

Her er faren for fjellskred aller størst. Fjellpartiet Mannen i Romsdal blir overvaka døgnet rundt.

Foto: Åknes/Tafjord-prosjektet

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Møre og Romsdal er det første fylket i landet som har utarbeidd ei detaljert risiko og sårbarheitsanalyse for store fjellskred. Heile Vestlandet, Nordland og Troms er dei områda i Noreg der faren for store fjellskred er aller størst.

Fylkesgeolog Einar Anda

Fylkesgeolog Einar Anda seier at Møre og Romsdal er eit pionerfylke når det gjeld kartlegging av farlege fjell.

Foto: Gunnar Sandvik

Arbeidet som er presentert no er svært viktig og nyttig for den framtidige overvakinga av dei rasfarlege fjella. Analysen som er laga no blir eit viktig instrument for korleis vi skal handtere risikoen for store fjellskred, seier fylkesgeolog Einar Anda til NRK.

– Ein alvorleg risiko

I rapporten blir fjellskred karakterisert som ein alvorleg risiko i Møre og Romsdal. Kartlegginga som starta i 1996 har identifisert 88 fjellparti som kan føre til fjellskred med over 100 000 kubikkmeter masse.

Fire parti har høg risiko. Det er Mannen i Rauma, Åkneset i Stranda og øvre og nedre Hegguraksla i Norddal.

– Rapporten avdekkjer ikkje nye høgrisikoområde. Men no blir det auka fokus på område med middels risiko, seier fylkesgeolog Einar Anda. Nokre av desse skreda kan ha store følgjer om skredet skulle gå, seier han.

Sjekk om fjell nær deg er på lista

Sjå dette kartet. Kartet er heilt nytt, og blei presentert i dag. Dei raude områda er er dei farlegaste områda. Dei gule områda har middels høg risiko. Dei grøne har potensiale til å utvikle skred, men risikoen er låg. Dei kvite er uavklart.

Skredfarekart
Foto: NGU

Sjå heile lista her

Lista over fjellområde med fare for store fjellskred er omfattande. Dei raude områda blir allereie overvaka. I rapporten blir det foreslått å setje i verk overvakingstiltak på fleire av dei gule områda.

– Vi foreslår periodisk overvaking på fleire av områda som er markerte med gult. Vi trur dette er nok til å slå fast om rasfaren aukar. Døgnkontinuerleg overvaking, slik vi har det på Åkneset og på Mannen blir for dyrt for desse områda, seier Einar Anda.

Skredfare i Møre og Romsdal

Kommune

Lav risiko

Moderat risiko

Høg risiko

Ukjent risiko

Aure

Hardfjellet
Todalsdalen

 

 

 

Fræna

Alteret
Stemshesten

 

 

 

Gjemnes

Geitaskaret
Trolldalsfjellet

 

 

 

Haram

Tidfjellet
Vassbotnen
Øtrefjell

 

 

Brandalsryggen
Hellenakken
Skulen

Hareid

 

 

 

Grøthornet

Midsund

Kløvhaugen
Ræstadhornet

Opstadhornet

 

 

Nesset

Kjøtåfjellet

 

 

Evelsfonnhøa

Norddal

Gudbrandsdalen
Flyene
Skrednakken

Kvitfjellet

Hegguraksla øvre
Hegguraksla nedre

Alvikhornet
Brudehammaren
Hornflågrova
Årøldalen

Rauma

Børa, hammar nord
Husnebba
Kamben
Nøsa
Svarttiden

Børa
Børa,midt
Børa, sør
Mannen C
Middagstinden
Skiri
Stålfonna
 

Mannen A
Mannen B

Gridsetskolten
Gråfonnfjellet
Kvitfjellet
Trollveggen
Remmem

Sande

 

 

 

Laupsnipa

Stranda

Fivelstadnibba
Fremste Blåhornet
Furneset
Herdalsnibba
Småsnipene

Rindalseggene

Åkneset 54 mill
Åkneset 18 mill

Geitfonna
Laushornet
Nokkenibba
Storskredholten
Tenneflåna
Tynnbjørggjølet

Sula

 

 

 

Tverrfjellet

Sunndal

Gikling vest
Navardalsnebba
Ottdalskammen
Snøvasskjerdingan

Gikling
Gråhø
Ivasnasen
Svarthamran
Vollan

 

Ottem
Skarfjell

Ulstein

Haddalura

 

 

 

Vanylven

 

 

 

Sandnestua
Storehornet

Vestnes

Seteraksla
Snaufjellet

 

 

 

Volda

 

 

 

keipedalen
Skylefjellet
Solahylla

Ørskog

Giskemonibba

 

 

 

Ørsta

Litlehornet

 

 

Jakta
Keipen
Skorgeura

Ålesund

 

 

 

Rambjøra

Sum:88

36

15

6

33

Sjekk kartfakta om farlege fjell

Dette er dei fjella i Noreg som til no har vore mest aktuelle for overvaking. Dei fleste ligg i Møre og Romsdal. Men i Sogn og Fjordane ligg det største skredfarlege fjellet i Noreg. Også fjellskred i Nordnes og Kåfjorddalen i Troms kan få store følgjer.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Mannen er aller farlegast

Rapporten peikar ut fjellpartiet Mannen i Romsdalen som det aller farlegaste fjellområdet i Møre og Romsdal. Dette er dermed også det fjellområdet i Noreg der det er aller mest sannsynleg at det skal gå eit stort fjellskred. Skredet kjem til å fylle dalbotnen nedanfor med stein. Steinen kjem til å danne ein demning, og om demningen brest, kan det utløyse ei flodbølgje som gjer store skade nedover dalen mot byen Åndalsnes.

Skredkonferanse

Prosjektleiar Halgeir Dahle legg fram rapporten om skredfare i Møre og Romsdal.

Foto: Roar Strøm / NRK

- Skulle eg ha satsa pengane mine på kvar vi får det neste store fjellskredet, så er det i fjellpartiet Mannen. Dette er det området der vi har definert den største sannsynlegheita for at det skal gå eit stort fjellskred, seier prosjektleiar Halgeir Dahle.

Forbod mot å byggje sjukeheimar

Område som er klassifiserte med raud og gul trekant kan få følgjer for etablering av ny verksemd, om ikkje overvaking og varslingssystem kjem på plass. Skredfaren frå Opstadhornet var for eksempel ei medverkande årsak til at ilandføringsanlegget for gass frå Ormen Lange ikkje blei plassert i Haram.

– Dette området ligg utsett til om Opstadhornet skulle utløyse ei flodbølgje. Eit eventuelt skred med påfølgjande flodbølgje var også med i vurderinga, då Molde nye sjukehus blei planlagt høgt oppe på Eikrem. I Storfjordfjorden er overvaking og varsling på plass. Dermed er drifta ved institusjonen Muritunet, som ligg i vasskanten i Valldal, sikra, seier Dahle.