Hopp til innhold

Tillet bygging der flodbølgja kjem

Regjeringa tek sikte på ei rask oppheving av byggeforbodet langs Storfjorden. Frykt for storskred og flodbølgje har vore årsaka til byggeforbodet.

Hellesylt

Hellesylt er ei av bygdene der ei flodbølgje frå raset på Åkneset kan gjere enorm skade.

Foto: Åge André Breivik / NRK

I dag sender regjeringa ut høyringsforslaget. Fristen for å uttale seg er 10. august.

Varsling

Det er no bygt opp omfattande system for overvaking og varsling i samband med det rasfarlege området på Åkneset ved Storfjorden i Møre og Romsdal. Desse varslingssystema gjer at kommunal- og regionalminister Magnhild Meltveit Kleppa meiner at byggeforbodet kan opphevast.

Kommunalminister Magnhild Meltveit Kleppa

Magnhild Meltveit Kleppa.

Foto: Gunnar Morsund / NRK

- Varslingssystema som no er på plass i Åknes/Tafjord-prosjektet inneber tryggleik for menneske. Då finn vi ut at vi kan fjerne den klamme handa som har lege over dette området, seier Kleppa.

På vilkår

Regjeringa går ikkje inn for ei fullstendig opning for alle typar bygg i området. Det blir berre opna for å reise bygg som er viktige for utviklinga av lokalsamfunnet. Samstundes skal det vurderast om bygga kan plasserast andre stader. Byggeplanane skal også knytast opp mot opplegg for varsling og evakuering som sikrar at liv ikkje går tapt.

Åknes/Tafjord testar sirener

Større bølger enn tidligere antatt

- Prioriter Åkerneset

Sjukeheimar og sjukehus kan ikkje etablerast i sona som er utsett for flodbølgje frå det store steinskredet. - Dette er bygg som alltid må vere i beredskap, og som det vil ta tid å evakuere. Andre bygg som også må vere i beredskap, som brannvesen og politi kan heller ikkje etablerast der flodbølgja kan kome, seier Kleppa.

Bremsekloss

Byggeforbodet langs Storfjorden er blitt oppfatta som ein bremsekloss for næringslivet i området. Både lokalpolitikarar, næringslivet og fagrørsla har pressa på for å få oppheva forbodet. Dette har ikkje vore noka lett sak, seier Kleppa.

- Dette er ei sak med vanskelege avvegingar. Konsekvensen av avgjerda vår kan få alvorlege følgjer for lokalsamfunna langs Storfjorden. Men dei har funne løysingar på slike utfordringar i andre land. Då må vi og klare det, seier Magnhild Meltveit Kleppa.

10 millionar til skredovervaking

Utvida seg unormalt mye