Hopp til innhold
Anmeldelse

Fargerikt flettverk av forteljingar

Mytting har gjort det igjen: Han forsyner seg ublygt av dei mest fargerike rekvisittane i den historiske skattekista. Resultatet er verken overlessa eller overflatisk.

Lars Mytting

Lars Mytting har skrive ein smart og spennande historisk roman.

Foto: Kari Nygard Tvilde / NRK

Det er utruleg kva somme kan kome unna med. I «Svøm med dem som drukner» (2014) knytte Mytting saman moderne bygdeliv med to verdskrigar, eldgamle rykte, svik, mystiske kvinner og tomme likkister, for berre å nemne noko.

Finurlege trådar knytte historiene saman over hundreår og landegrenser. Og sjølv om ikkje alt var like truverdig, stod det til truande innanfor romanuniverset, og det er dét som gjeld. Så også denne gongen, stort sett. Vi skal tilbake til Gudbrandsdalen, denne gongen på seint 1800-tal.

Går det an å kvitte seg med fortida?

I uminnelege tider har søsterklokkene kima over Butangen frå tårnet i stavkyrkja. Alle veit at klokkene vart gjevne til kyrkja frå Heknegarden då eit siamesisk tvillingpar døydde. Alle veit at far deira blakka seg og garden på denne gåva. Men for ein klang kyrkjeklokkene har!

Den nye presten i bygda (ung, ugift, kjekk) ser ei gammal kyrkje som er for lita i bygda der folketalet er sterkt veksande. Her må byggjast nytt. Når han får kjøparar til stavkyrkja i Tyskland, tenkjer han at både kyrkjelyden, kyrkjebygget og eigne karriereplanar vil bli tatt vare på. Men nei. Her finst band, her finst kjensler, her finst historier.

Lesarane får vere med på innsida både av trauste, tradisjonstru bønder og av den handlekraftige, unge embetsmannen. For ikkje å gløyme den heilt sentrale rolla: Den unge, vakre Hekne-jenta som både kjempar for tradisjonar og fornying.

Eit intrikat mikrokosmos

Og ja, det blir drama; det blir intrigar, kjærleik og død. Slikt kan ein kvar forfattar stelle i stand. Det som gjer «Søsterklokkene» til ein uvanleg god roman, er at dramatikken er knytt til liv og levemåte i fortid og i samtid. Slitet har mange namn og skifter med årstidene og med kven du er: bonde, legdekjerring, prest, kvinne, mann. Og ikkje nok med det: Kva som har skjedd for mange generasjonar sidan, er også med på å definere enkeltpersonar. Butangen er eit intrikat lite mikrokosmos.

Uroa rundt presten er også uroa for ei framtid som rykker nærmare. Aviser, og tilreisande frå fjerne byar som Dresden, kjem med skremmande og fascinerande informasjon.

Lik «Svøm med dem som drukner» er også denne romanen eit intrikat flettverk av historier på mange nivå. Det mest problematiske nivået er der teksten hoppar frå inderleg innleving i tidlegare hendingar, og over til faktisk kunnskap om fortida som dei ikkje kan ha. Då er vi forbi førestillingar om det overnaturlege og over i det «ekte» overnaturlege, det skurrar og er eit unødvendig sjangerbrot. Dette er ikkje til hinder for at eg gler meg til neste roman,- ikkje minst på grunn av alle frampeika: Eg trur eg veit kvar det bortkomne hekneteppet er!

Passar for deg som:

  • Er glad i smarte historiske romanar

Kulturstrøm

  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.

  • Taylor Swift slår sin egen vinylsalg-rekord

    Taylor Swift solgte 700.000 eksemplarer av «Tortured Poets»-platen på bare tre dager fra fredag og ut helgen, melder Billboard.

    Det er ny rekord. Den gamle rekorden innehadde Swifts plate «1989 (Taylor's Version)», som ble sluppet i oktober i fjor og solgte 693.000 eksemplarer på sin første uke.

    (NTB)