Hopp til innhold
Anmeldelse

Original legering av profetiar og bondevett

Lars Mytting blandar det overnaturlege inn i realismen så sjølv presten må tru på det. Men kva med lesaren?

Bokomslag "Hekneveven" og Lars Mytting

FARGESTERKT: Lars Mytting er ikkje redd for sterke verkemiddel når han skriv romanar.

Foto: Julie Pike / Gyldendal forlag
Bok

«Hekneveven»

Lars Mytting

Skjønnlitteratur

Oktober 2020

Gyldendal

Siamesiske tvillingar som vever framtida inn i vevnadene sine. Kyrkjeklokker som ringjer på havsens botn. Heftig lidenskap, brå død, og overnaturlege krefter som kjempar for å samle det som uforstandige menneske har skilt.

Kort sagt: Lars Mytting er ikkje redd for sterke ingrediensar. Det skal ei stø forfattarhand til for at denne dryge drammen av ei historie ikkje skal skjene ut i reint surr.

Ingen må skilje søsterklokker og tvillingar

«Søsterklokkene» og «Hekneveven» er dei to første bøkene i ein trilogi der Hekne-slekta frå den oppdikta bygda Butangen i Gudbrandsdalen står sentralt. Urhistoria om dei framsynte siamesiske vevartvillingane på 1600-talet kling med i begge romanane.

«Hekneveven» er ei direkte vidareføring av «Søsterklokkene», der vi kunne lese at dei to klokkene blei støypt med sølv frå Hekne til ære for tvillingane. Mot slutten av 1800-talet blei dei skilt frå kvarandre då stavkyrkja i bygda blei flytta til Tyskland.

Like etter blei eit nytt tvillingpar i Hekne-slekta skilt ved fødselen, og kvar blei den profeterande Hekneveven av?

I «Søsterklokkene» dundrar den moderne tida inn i det gamle bondesamfunnet og fører med seg splitting og uro på mange nivå.

Men kva skal ein med profetiar?

«Hekneveven» blir ei historie om å samle trådane, i bokstavleg og overført forstand. Ikkje for å rekonstruere det førmoderne livet; den sta bonden som ber på reaksjonære utopiar må bite i graset. I løpet av romanen kjem både elektrisitet og ysteri på plass, og fleire husmenn får kjøpt plassane sine. Og det meste er godt, sjølv om også moderniseringa kjem med ein pris.

Men det er skapt ein uorden. Og til og med den rasjonalistisk orienterte presten, Kai Schweigaard, må til slutt vedgå at det finst teikn og spådommar som uforklarlege krefter er i sving for å oppfylle.

Med Knausgårds nyaste roman i friskt minne, er det berre å konstatere at det overnaturlege er inne i norske romanar. Ikkje berre som noko personane i romanane trur på, men som del av handlingsnivået. Hjå Knausgård såg fleire personar menneskeliknande monster uavhengig av kvarandre. Hjå Mytting er det heilt spesifikke spådommar som går i oppfylling, både i «Søsterklokkene» og i «Hekneveven».

Eg er, som presten Schweigaard, i tvil om korleis eg skal forstå slikt. Historiene er sterke nok utan hjelp frå magiske krefter.

Levande, krevjande, medrivande

Den største kvaliteten ved romanane til Mytting ligg, slik eg ser det, i det spesifikke og det historiske. Og då tenkjer eg i første runde på den store historia der han har det heile på stell, anten det no gjeld skottetoget gjennom Gudbrandsdalen, fallrettar for grunneigarar eller første verdskrigen.

Inn i denne historia flettar han så dei små historiene til personane, som også er spesifikke og livs levande: Ein godseigarar i England med teplantasje i Ceylon, ein husmann som finn seg i lagnaden sin, ei kjerring som set i gang eit ysteri. Dei lever i si tid, og dei lever med gamle historier og segner – segner som altså ikkje berre lever i sinnet til personane, men også som krefter i historia.

Ei krevjande legering, men like fullt er både «Søsterklokkene» og «Hekneveven» imponerande romankomposisjonar. Dei er utført med stø hand og med syn både for det store bildet og den vesle detaljen.

Mytting har skapt eit heilt univers som eg gler meg til å vende tilbake til i roman nummer tre, mens eg stålset meg mot dødsfallet eg veit må kome. Det er nemleg ein spådom her som enno ikkje er oppfylt.

Anbefalt vidare lesing: