Hopp til innhold

Sterke reaksjonar etter dette VM-grepet: – Ein trussel mot stemninga

I Fifas nye app kan ein sjå fotballkampar på stadion gjennom mobiltelefonen. Men er dette framtida?

Fifa+-app fra tribunen

UTSIKTEN: Slik ser det ut viss du ser kamp via app frå stadion.

Foto: Malin Jørnholt / NRK

Supporterar som dreg på kamp under fotball-VM i Qatar kan også sjå kampen via appen Fifa+.

Gjennom kamera på eigen mobiltelefon kan du følgje kampane, og trykkje på spelarane medan dei er i aksjon.

Då får du vite alt frå posisjon til klubbhistorie, og du kan sjå kor fort og korleis spelarane spring.

– Framtida for å sjå fotball er her, skriv ESPN og deler ein video av ein supporter som bruker appen.

– Nei, seier tidlegare landslagskaptein Brede Hangeland og NRK-ekspert Åge Hareide.

Fifa+ fra tribunen

ANALYSERER: Her er eit døme på funksjonane i appen. NRKs reporter har markert Marokko-spelar Selim Amallah.

Foto: Malin Jørnholt / NRK

– Det er noko drit

I appen blir du også tilbodne reprisar frå VAR-rommet frå ulike kameravinklar. Tilbodet gjeld berre for supporterar som møter opp på stadion for å sjå kampane direkte, ifølgje Fifa.

Hareide trur VAR-funksjonen kan vere med på å skape ekstra diskusjon blant supporterar på stadion, og fryktar appen i seg sjølv kan prege supporterkulturen.

Åge Hareide

REAGERER: NRKs fotballekspert og tidlegare trenar Åge Hareide.

Foto: Helene Mariussen / NRK

– Det synest eg er noko drit, altså. Ein supporter vil følgje gangen i kampen og ein del av supporterkulturen er å vere saman med andre.

– Ein kjenner på det då, og har tilhøyrsel til nokon på tribunen. Då vil det vere ille viss alle kikkar ned i mobiltelefonen. Ein mistar litt av tilhøyrselen, då. Det er eg litt skeptisk til, seier Hareide.

Ville du brukt mobilen på denne måten på stadion?

Tidlegare landslagskaptein og no ein del av trenarteamet på det norske herrelandslaget, Brede Hangeland, meiner det kunne vore «festleg» å teste ut funksjonane, men:

– Er eg så heldig å få vere til stades live på ein stor fotballkamp, er det for meg høgtid. Då vil eg ha med meg mest mogleg av det fantastiske spelet, ferdigheitene til spelarane, atmosfæren og alt mogleg. Viss eg er på jakt etter statistikk kan eg jo få dette etterpå, seier Hangeland.

– Trussel mot stemninga

NRK-ekspert og tidlegare landslagssjef Nils Johan Semb testa appen under åttedelsfinalen mellom Marokko og Spania.

Nils Johan Semb med Fifa+

TOMMEL NED: Nils Johan Semb lét seg ikkje begeistre av denne brukaropplevinga.

Foto: Malin Jørnholt / NRK

Semb er ikkje imponert av brukarvennlegheita, og han konkluderer med at han førebels ikkje gir noko ekstra.

Samtidig er eksperten overtydd om at dette berre er starten.

Det er ei ekstrem teknologisk utvikling i fotballen, så eg ser for meg at det vil bli meir og meir av dette. Eg vil ikkje sjå bort frå at eg kan bruke eit liknande verktøy i framtida. Men akkurat her og no var det forstyrrande å bruke han, og då kan eg heller bruke andre appar som gir meg den informasjonen eg treng, seier Semb.

NRK-kollega Hareide er også klar på at utviklinga til teknologien uansett vil tvinge seg framover. Han forstår også behovet til «nerdete» fotballsupporterar.

– Men nokre gonger blir du kanskje litt for mykje i deg sjølv. I staden for å kommunisere med andre folk, så blir du stirande ned i ein mobiltelefon heile tida. Eg synest ikkje det er noko pluss for fotballen at vi har komme så langt, seier han.

Fotball, treningskamper: Trening med Norges herrelandslag

IKKJE OVERTYDD: Tidlegare landslagskaptein og Fulham-spelar Brede Hangeland.

Foto: Geir Olsen / NTB

Hangeland fryktar for stemninga på stadion blant supporterar viss appen blir meir utbreidd.

– Dette er ein trussel mot stemninga på stadion, det er ikkje noko tvil om det. Stemninga blir jo best når alle er til stades i det som skjer i spelet.

– Jo fleire som er distrahert av telefonen sin, jo lågare stemning blir det jo. Ekte fotballsupporterar vil vere litt skeptisk til dette. Eg kjem kvart fall ikkje til å la meg overtyde av dette, seier Hangeland.

– Ny måte å nyte VM

Det er gjennom AR («utvida verkelegheit»)-teknologi at du kan sjå fotballkamp gjennom kameraet på eigen mobiltelefon.

Appen Pokémon Go brukte same teknologi i 2016, og vart enormt populær. I løpet av ein månad hadde 100 millionar lasta ned appen.

NRK har vore i kontakt med Fifa om denne saka, og dei viser til pressemeldinga som vart send ut før meisterskapen.

– Fifa+ er klare for å verkeleg endre spelet med å gi supporterar ein ny måte å nyte verdsmeisterskap i åra som kjem, skreiv Fifa då dei nye funksjonane vart lanserte.

Reaksjonane i sosiale medium er svært delte. Nokon beskriv nyheita som «fantastisk» og «utruleg», medan andre ikkje skjønner poenget med å dra på stadion for å sjå i ein mobiltelefon.

– Det ser heilt forferdeleg ut, skriv den anerkjende journalisten Sid Lowe til sine over 500.000 følgjarar.

Siste nytt

  • Nosa overstrålte Nusa – assist i debuten da Mechelen spilte 1-1 mot Brugge

    Petter Nosa Dahl debuterte for Mechelen etter overgangen tidligere i uka og leverte assist da laget greide 1-1 borte mot Brugge.

    Nosa Dahl ble leid ut fra Bodø/Glimt til gamleklubben KFUM Oslo før denne sesongen. Han gjorde stor suksess med seks mål og tre assist på 17 kamper, men denne uka solgte Glimt ham til belgiske Mechelen.

    20-åringen startet på benken i Brugge, men kom inn i det 62. minutt. Tre minutter senere leverte han assist til Patrick Pfluckes utligningsmål.

    Joaquin Seys hadde gitt Brugge ledelsen i det 51. minutt, men det ble bare uavgjort for hjemmelaget.

    Brugges norske landslagsspillere Antonio Nusa og Hugo Vetlesen startet begge. De ble byttet ut samtidig i det 80. minutt.

    (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: KFUM Oslo - Brann (0-0)
    Foto: Annika Byrde / NTB
  • Andreas Georgson ferdig som LSK-trener – får assistentrolle i Manchester United

    Svenske Andreas Georgson forlater Åråsen etter bare et halvt år som Lillestrøms hovedtrener. 42-åringen er ansatt som assistenttrener i Manchester United.

    Det opplyser Lillestrøm i egne mediekanaler. Assistenttrener Robin Asterhed overtar inntil videre som hovedtrener.

    Torsdag erfarte både Romerikes Blad og Nettavisen at Georgson var i samtaler med en ny klubb. Sistnevnte skrev senere på kvelden at det dreide seg om Manchester United.

    Ifølge Nettavisen behøvde den engelske storklubben bare å betale en klausul i Georgsons LSK-kontrakt. Den skal angivelig ha vært på rundt fire millioner kroner.

    Den svenske 42-åringen har en fortid i flere engelske klubber. Han har blant annet vært dødballtrener i Southampton, i tillegg til å ha roller i både Arsenal og Brentford.

    I februar forlot Manchester Uniteds dødballtrener Eric Ramsay klubben. (NTB)

    Eliteserien i fotball 2024: Molde - Lillestrøm (3-0)
    Foto: Marius Simensen / NTB
  • Nigerias basketballkvinner reiste 20 mil – fikk ikke plass på båten

    I regnværet under åpningsseremonien var det god plass på mange av båtene som fraktet OL-deltakere, men ikke for Nigerias basketballkvinner.

    Det nigerianske kvinnelaget hadde reist over 20 mil fra Lille, der gruppespillet avvikles, for å være med i åpningsseremonien.

    Vel framme ble de nektet å gå om bord i båten der Nigerias utøvere skulle være med.

    Årsaken var at båten var for full.

    Ifølge nyhetsbyrået AP var det en representant for Nigerias OL-komité som besluttet at det ikke var plass til basketballkvinnene. Skuffet måtte de reise tilbake til Lille.

    Nigeria var på samme båt som Niger og Norge. TV-bildene fra båten viste at det tilsynelatende var en del ledig plass om bord.

    Nigeria spiller sin første OL-kamp mandag mot Australia. (NTB)

    2P-7bT3AJRc
    Foto: AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal