Hopp til innhold

Blir hylla i USA – takkar lagkamerat som tissa i badekaret

Først skreiv han norsk idrettshistorie, så imponerte han på NHL-trening. Men at Stian Solberg (18) blei forsvarsspelar i ishockey, skjedde på tilfeldig vis.

Stian Solberg

FORNØGD: Stian Solberg da han blei drafta av NHL-klubben Anaheim Ducks i Las Vegas i juni.

Foto: Uffe Bodin

– Ein av lagkameratane mine bestemte seg for å tisse i badekaret. Det enda med at han fekk ei straff. Trenaren min bestemte seg derfor for at eg måtte steppe inn i hans posisjon, som var back.

Det fortel Solberg til NRK om hendinga som gjorde at angrepsspelaren enda opp som forsvarsspelar.

Nå er han eitt av dei største talenta i verda i posisjonen.

I juni blei Solberg, saman med bestevennen Michael Brandsegg-Nygård (18), dei første nordmennene til å bli valde i første runde i NHL-draften.

Stian Solberg og Michael Brandsegg-Nygård i Las Vegas

HISTORISKE: Stian Solberg (t.v.) og Michael Brandsegg-Nygård blei historiske under NHL-draften.

Foto: Christian Solberg

– Må nesten takke han som tissa

Solberg var 14 år gammal på ei turnering i Sverige da lagkompisen valde å urinere i badekaret på hotellrommet.

Tidlegare assistenttrenar i Vålerenga, Sven-Arild Olsen, var trenar for Solberg da hendinga fann stad. Han valde å sette Solberg på back-plassen i neste kamp.

– Eg hadde ei kjensle om at Solberg ville passe bra inn i den posisjonen, og der trefte vi jo godt, seier Olsen til NRK.

Etter å ha prøvd seg som back kjente Solberg at han meistra back-plassen godt, og ønskte å få meir speletid i den posisjonen.

Stian Solberg ble lørdag valgt i NHL-draftet.

NHL-KLAR: Stian Solberg har blitt drafta til den nordamerikanske ligaen NHL av klubben Anaheim Ducks.

Foto: Steve Marcus / AP / NTB

Om han hadde blitt i angrepsposisjonen dersom tisse-hendinga aldri hadde skjedd, er vanskeleg å svare på for Solberg. Han er derimot sikker på at hendinga var ein viktig faktor for at det blei sånn.

– Eg må nesten takke han som tissa i badekaret og trenaren for at eg blei back.

Solberg delte òg historia om hendinga i badekaret med amerikanske medium under Scouting Combine tidlegare i sommar.

Det blei godt tatt imot, med fleire reaksjonar på sosiale medium.

– Dette er noko nytt, skriv Steven Ellis, som er journalist for den amerikanske NHL-avisa Daily Faceoff på X.

Blir rosa av journalistar og speidarar

Rundt 5000 fans møtte opp da Solberg blei presentert som Anaheim Ducks-spelar i slutten av juni.

6. juli skreiv han kontrakt med klubben, som gjør at ingen andre NHL-lag kan snappe han opp dei neste åra

Nå blir han rosa av fleire journalistar og speidarar som følger treningane.

– Stian Solberg med litt oppskriftsmessig forsvarsspel, skreiv journalisten Patrick Present i The Hockey News på X, med eit vedlagt videoklipp frå ei treningsøkt.

Stian Solberg

VARM I TRØYA: Stian Solberg (til høgre) har allereie rokke å vise seg fram. Her frå baseballkamp med Anaheim Angles. 

Foto: Christian Solberg

Derek Neumeier er ein av sjefspeidarane i talentbyrået McKeen's Hockey, som finn og analyserer dei største hockeytalenta i verda. Han meiner Solberg allereie er nære eit NHL-nivå.

– Han jobbar hardt, har disiplin, og har mange kvalitetar som er viktige i NHL, seier Neumeier til NRK.

Ellis frå Daily Faceoff skriv at Solberg er ein av dei mest fysiske spelarane frå 2024-draften, og meiner at det var ein siger for Anaheim Ducks å velje nordmannen.

Solberg signerte for den svenske ishockeyklubben Färjestad etter å ha komme heilt til finalen i sluttspelet med Vålerenga i 23/24-sesongen.

Neumeier meiner signeringa er eit rett steg opp for Solberg før nordamerikansk nivå ventar han.

– Det verkar som han er klar for neste utfordring i Sverige. Han skal spele mot ein konkurranse i svensk profesjonell liga dei neste par sesongane, og kanskje ser vi han i NHL innan 25/26-sesongen.

«Zucca» åtvarar

Den beste norske NHL-spelaren i historia Mats Zuccarello speler i Minnesota Wild og har vore på det øvste nivået i ishockey i godt over ti år. Han har følgt godt med på dei to 18-åringane, men åtvarar samtidig for kva som ventar dei.

– Eg prøver å seie til gutane, at éin ting er å bli drafta og vere i det sirkuset, men ein annan ting å komme deg inn i ligaen etter draften. Dei må vise at dei vil meir enn berre å bli drafta. Dei må tenke at dei skal spele og bli ei stjerne der borte, seier Zuccarello og legg til:

– Eg trur gutane skjønner dette, viss ikkje skal eg fortelje dei det. Nå skal dei spele i to gode klubbar i den svenske hockeyligaen (SHL), der det er bra treningskvardag og kultur. Det kjem dei til å få godt utbytte av.

Mats Zuccarello

STJERNE: Mats Zuccarello på padeltrening i Oslo. Til dagleg spelar han i Minnesota Wild. 36-åringen står oppført med 835 kampar i den beste ishockeyligaen i verda, NHL.

Foto: Terje Haugnes / NRK

Zuccarello kjenner godt til den svenske eliteserien. Han spelte to sesongar i den svenske klubben Modo der han blei kåra til årets nykommar i debutsesongen sin.

I sesongen etter blei han den mest verdifulle spelaren i ligaen før han blei signert av storklubben New York Rangers i 2010.

Sjølv om Brandsegg-Nygård og Solberg blei drafta, skal dei truleg spele i Sverige heile kommande sesong. Der skal dei tileigne seg meir erfaring før eventuelt NHL-spel.

Siste nytt

  • Reistad med målshow – tapte likevel for Györ etter 15 scoringer

    Team Esbjerg måtte se seg slått 26-28 borte mot Györ, til tross for at den norske landslagsspilleren Henny Reistad noterte seg for 15 mål i mesterligakampen.

    Reistad ble dermed kampens soleklare toppscorer. Györs Dione Housheer fulgte fire mål bak.

    Verdensstjerna var imidlertid ikke den eneste norske som tegnet seg på måltavla. Kari Brattset Dale og Kristine Breistøl scoret to mål hver for Györ, mens Live Rushfeldt Deila scoret ett for Esbjerg.

    Med tomålsseier fikk ungarerne en drømmestart på gruppespillet i mesterligaen. Neste runde reiser de til tyske Ludwigsburg, mens Esbjerg tar imot Odense til en heldansk duell. Györ er regjerende mestere i turneringen. (NTB)

    Team Esbjerg-spiller Henny Reistad
    Foto: Beate Oma Dahle / NTB
  • Vipers røk for fransk motstand i mesterligaåpningen

    Vipers Kristiansand tapte 27-30 for franske Brest i første kamp i gruppespillet i mesterligaen lørdag.

    Det norske laget slet med å henge med utover førsteomgangen og var under med tre mål til pause. Sørlendingene spilte seg opp til lik stilling ti minutter før slutt, men det endte likevel med norsk tap.

    Tuva Ulsaker Høve og Lois Abbingh noterte seks fulltreffere hver, mens Sunniva Næs Andersen scoret fem.

    Vipers skal senere i gruppespillet møte Esbjerg (Danmark), Budocnost (Montenegro), Odense (Danmark), Ludwigsburg (Tyskland), Rapid Bucuresti (Romania) og Györ (Ungarn).

    De to beste i gruppen tar seg videre til sluttspillet, mens plass tre til seks må ut i omspill.

    Det norske laget sto igjen som mester i turneringen i 2021, 2022 og 2023, før det sa stopp mot Györ i finalen forrige sesong. (NTB)

    Vipers trener Tomas Hiavaty
    Foto: Tor Erik Schroder / NTB
  • Europaligaplassen røk for Elverum

    Elverums håp om europaligaspill denne høsten røk da de tapte 31-36 for tyske MT Melsungen i andre kamp i kvalifiseringen lørdag.

    Den norske klubben kom til oppgjøret med et vanskelig utgangspunkt etter å ha tapt 23-28 i første kamp. Det endte med norsk nederlag med 54-64 sammenlagt etter to kamper.

    Lagene fulgte hverandre tett gjennom førsteomgangen, og det sto 16-17 i favør tyskerne til pause. Etter hvilen kontrollerte Melsungen inn til sammenlagtseier.

    I juni fikk Elverum avslag på søknad om oppgradering til mesterligaen. I fjor ble de utslått i gruppespillet i europaligaen. (NTB)

    Sluttspillfinale Rema 1000-Ligaen 2024: Elverum - Kolstad (41-40)
    Foto: Frederik Ringnes / NTB

Sendeplan

Kl. Program Kanal