Hopp til innhold

Spelet om ordførarklubba er allereie i gang i Sunnfjord

Førebels er det ingen som veit kven som vert ordførar i nye Sunnfjord kommune. Alle dei tre største partia vil ha klubba.

Jenny Følling og Senterpartiet

VINNARGLISET: Jenny Følling (t.v.) og Senterpartiet vart største parti i Sunnfjord.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Alt på valkvelden starta forhandlingane om makta i Sunnfjord. Etter at partia ikkje vart samde i natt vert det nye forhandlingar i dag. Mellom anna skal Ap og Sp møtast klokka 16.

– Eg håpar vi vert ferdige med forhandlingane før eg reiser på bubilferie på torsdag, seier Helge Robert Midtbø (Ap) med eit glimt i auget.

– Eg trur ikkje eg kan stå her lenge, seier Jenny Følling, Senterpartiet sin ordførarkandidat i Sunnfjord kommune, når dei endelege tala for storkommunen er klare.

Jenny Følling og Helge Robert Midtbø

FORHANDLAR: Ordførarkandidat for Senterpartiet Jenny Følling (i raudt) er allereie i samtalar med blant anna Arbeidarpartiet.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

For sjølv om partiet gjekk sigrande ut av kampen om innbyggjarane si røyst, er det duka for ei dramatisk natt i det som frå 1. januar blir sjette største kommune i Vestland fylke, når Førde, Gaular, Naustdal og Jølster slår seg saman.

Senterpartiet og Arbeidarpartiet er størst, med høvesvis 26,5 og 25,1 prosent.

Høgre, som har ordføraren i Førde må finne seg i å vere det tredje største partiet i kommunen med 21,5 prosent.

Partioppslutning i Sunnfjord

26,3 %
2930 røyster
25,0 %
2783 røyster
21,3 %
2372 røyster
9,0 %
1002 røyster
4,6 %
517 røyster
4,0 %
445 røyster
3,6 %
400 røyster
2,7 %
306 røyster
2,6 %
289 røyster
0,9 %
100 røyster

– Det er ikkje veldig mange røyster som skil Arbeidarpartiet og Senterpartiet. Dette kan bli ein thriller. Det kan bli spennande utover kvelden og natta, se Helge Robert Midtbø (Ap).

Raudgrønt fleirtal

Kommunen blir omtala som Høgre sitt utstillingsvindauge på kommunereforma. Grotle og Høgre går fram 1,2 prosentpoeng.

– Vi har gått opp eitt par prosent sidan meiningsmålingane i sommar. Det er vi nøgde med. Vi er på det nivået vi tenkte var realistisk, seier Grotle.

Partia var godt i gang med å forhandle lenge før det endelege resultatet var klart.

– Det er parti som ynskjer å samtale med andre parti, og det må gå sin gang. Så får vi sjå kva som blir resultat av det, seier Grotle.

Spennande «stjerneval»

Jenny Følling, Helge Robert Midtbø og Olve Grotle

TETT KAMP: Det er tett kamp mellom Jenny Følling (f.v.), Helge Robert Midtbø og Olve Grotle om ordførarklubba i Sunnfjord.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Det har knytt seg stor spenning til kven som frå 1. januar får den politiske styringa i kommunen som i dag Jølster, Førde, Gaular og Naustdal . Dei siste meiningsmålingane viser at 36,9 prosent av veljarane ynskjer sitjande Førde-ordførar Grotle som ordførar. Oppslutnaden kring Følling, som i dag er fylkesordførar i Sogn og Fjordane, var 23,6 prosent.

I dag har Høgre ordførarklubba i Førde og Gaular, Senterpartiet i Jølster og Arbeidarpartiet i Naustdal.

Føling er sitjande fylkesordførar i Sogn og Fjordane, som frå nyttår blir Vestland fylke saman med Hordaland. Tidleg på valkvelden byrja ho å tenkje på korleis korta skulle spelast for å sikre ordførarklubba.

Som motkandidatar har ho hatt statssekretær Atle Hamar (V) i Klima- og miljødepartementet, samt ein av fylkes mest populære ordførarar, Olve Grotle (H).

I tillegg til ein sympatisk Helge Robert Midtbø (Ap). Det er ikkje utan grunn valet i Sunnfjord er blitt omtala som «stjernevalet».

– Det ser ut til at Senterpartiet, Høgre og Arbeidarpartiet er nokolunde jamstore, så det spørst om ikkje nokre set seg i kvar sin krok og nektar å gi seg i forhandlingane, gliser Midtbø.

landsbasis går Arbeidarpartiet mot eit historisk dårleg val, og i Sunnfjord går dei tilbake 4,8 prosentpoeng.

– Det er ikkje uventa at vi går tilbake sentralt, men det er aldri kjekt å sjå med eit parti du er glad i. Så er det ofte slik at nasjonale trendar slår ut også lokalt, seier Midtbø.