Det ligg an til å bli ein valthriller fleire stadar. Du kan følgje utviklinga minutt for minutt i vår valsending på radio, i appen NRK TV og på Facebook.
Vi skal lodde stemninga fleire stadar i Sogn og Fjordane på valdagen.
– Vi ser fram til ein forrykande festaften for folkestyret. Det er så mange spenningsmoment: kor store blir Senterpartiet? Kven sikrar makta i Sunnfjord? Kven vinn i Kinn? Vi skal vere på den store valvaka i Førde som vi sender frå med direkterapportar frå blant anna Sogndal og Eid, seier programleiar Erlend Blaalid Oldeide.
Frå Måløy skal vi følge charterbåten som skal frakte tusenvis av valrøyster frå Vågsøy til samfunnshuset i Florø.
– Det blir ei sjøreise som folk kan få med seg når reporter Asgeir Heimdal Reksnes skal vere med oss direkte frå båten, seier programleiar Erlend Blaalid Oldeide om båtturen på 28 nautiske mil.
Gler seg
Kven gret av glede og kven gret av skuffelse? Det er noko av det du kan få svar på om du følgjer valsendinga vår utover kvelden og natta. Programleiarane Erlend Blaalid Oldeide og Tone Merete Lillesvangstu losar deg gjennom den direktesende valvaken vår.
Statsvitar Kristine Kopperud Timberlid frå Høyanger skal vere kommentator under sendinga. I ei årrekkje har 40-åringen vore tett på politikk og samfunnsliv i Sogn og Fjordane og på Vestlandet. Kopperud Timberlid er leiar for Innovasjon Norge i fylket, og har vore personleg engasjert i politikk i både AUF og SV.
– Eg gler til å presentere alle resultata for Sogn og Fjordane saman med kunnskapsrike og joviale kommentatorar, seier Oldeide.
Direkte heile kvelden
Vi tek pulsen på både veljarar og politikarar når resultata kjem. Alt dette følgjer du direkte på radio på NRK Sogn og Fjordane eller på nettsidene våre nrk.no/sf frå klokka 20.00. Vi held fram til siste resultat er på plass. På nett kan du finne siste nytt om valet og resultatet i kommunane våre og i Vestland fylke.