Hopp til innhold

Åleinemor droppar politikken på grunn av seine møte: – Eg orkar ikkje meir

Tidsklemma gjer det krevjande for småbarnsforeldre å vere med i politikken. Politiske møte på dagtid kan gjere det lettare å delta for denne gruppa. Men i kommunane i landet er det store skilnadar.

Malena Strømmen Malakzadeh i Rødt i Ålesund kommune.

Malena Strømmen Malakzadeh blei valt inn i kommunestyret i Ålesund for partiet Raudt i 2019. Men møte på kveldstid er vanskeleg å kombinere med rolla som åleinemor.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Eg har bestemt meg. Eg stiller ikkje til val i 2027. Eg orkar ikkje meir. Det er ikkje verd det. Eg misser all tid med familien min og det som faktisk betyr mest for meg.

Dei siste månadane har vore tunge. Malena Strømmen Malakzadeh er lokalpolitikar for partiet Raudt i Ålesund og åleinemor. Tida strekk slett ikkje til. Det er seine møte, og tidsklemma er krevjande.

I Ålesund er møta i kommunestyret flytta frå klokka 14 til 17. Det har gjort det enda meir krevjande. Ho søkte om fritak, men svaret var nei.

Kommunedirektøren meinte at problem med å få barnepass ikkje var god nok grunn for å få fritak frå eit folkevald verv. Og eit fleirtal av politikarane støtta det.

Det var eit slag i ansiktet. Og no har Malakzadeh fått nok.

– Det er ikkje alle som har folk kring seg som kan stille i tide og utide. Og det handlar ikkje berre om å passe ein unge som oppbevaring. Ho skal på idrettskule, ho skal ha kveldsmat, ho skal legge seg i si eiga seng.

Malena Strømmen Malakzadeh i Rødt i Ålesund.

Malena Strømmen Malakzadeh (R) stiller ikkje til attval i kommunevalet i Ålesund i 2027.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Travel kvardag

Henrik Nordal frå Arbeidarpartiet er varaordførar i Sunnfjord kommune. Den politiske kvardagen er travel og inneber mange møte. Men han er i tillegg småbarnspappa til tre barnehagebarn.

I Sunnfjord har dei lagt til rette for at småbarnsforeldre kan vere med i politikken. Møta i kommunestyret er på føremiddagen, men fleire av møta i formannskapet startar klokka 13. Og det kan bli krevjande.

– Det første møtet i formannskapet i år illustrerer situasjonen godt. Kona mi var på reise, og eg måtte gå frå møtet midt i debatten om ny barnehagelov fordi eg måtte henta barna i barnehagen.

Henrik Nordal, Lotteri og stiftelsestilsynet

Kvardagen er hektisk for Henrik Nordal (Ap) som er småbarnspappa og varaordførar i Sunnfjord kommune.

Foto: Dagrun Reiakvam / Lotteri- og stiftelsestilsynet

Store skilnadar

NRK har kartlagt dei politiske møta i kvar einskild kommune i landet. Det er eit samansett bilete:

  • 43 prosent av kommunestyremøta startar før klokka 12.
  • 48 prosent startar etter klokka 15.
  • 69 prosent av møta i formannskapet der dei fremste politikarane er med, startar før 12.

Men jo større og meir folkerik kommunen er, jo fleire kveldsmøte er det. I desse kommunane er det gjerne mange som sit i kommunestyret, og det blir dyrare å ha møte på dagtid.

Og det er store geografiske skilnadar.

76 av 80 kommunestyremøte i Nord-Noreg startar før klokka 12. På Austlandet, Sørlandet og i Rogaland derimot er kommunestyremøte på kveldstid eit dominerande bilete.

– Der det er store avstandar, er det flest dagmøte. Det er nok fordi det skal vere lettare for folk å delta. Så trur eg at det handlar mykje om tradisjon. Svaret vi får er at sånn har det alltid vore, og då er det vanskeleg å finne ei anna løysing.

Det seier seniorrådgivar ved Likestillingssenteret Annette Solberg.

Annette Solberg er seniorrådgiver ved Likestillingssenteret

Seniorrådgivar i Likestillingssenteret, Annette Solberg, har vore med å skrive rapporten Møte til besvær som viser at møte på dagtid er viktig for småbarnsforeldre i politikken.

Foto: Likestillingssenteret

Dei har laga rapporten Møte til besvær. Og konklusjonen er klar: Møte på dagtid er viktig for småbarnsforeldre.

Og det har mykje å seie for rekrutteringa av denne aldersgruppa til politikken.

– Vi meiner at dette er viktig. Ønskjer vi å få med oss dei som er mellom 25 og 40 år, så må vi leggje til rette for det. Elles blir det berre de yngre og dei eldre som får høve til å delta i politikken, seier Solberg.

Ein vanskeleg balansegang

For kommunane er dette ein vanskeleg balansegang. Det er mange ein skal ta omsyn til. Dei som driv med næringsverksemd til dømes, og som er aktive politikarar, vil kanskje heller ha møte på kveldstid.

Men for småbarnspappa Henrik Nordal er tidlege møte avgjerande.

– På same måte som det frivillige brenn ut sine eldsjeler så et politikken sine barn. Skal ein ha høve til å delta på ein fullverdig måte så må det vere tidleg på dag for min del. Men eg har respekt for at andre har andre behov.

For Malena Strømmen Malakzadeh er det derimot slutt. Det går ikkje å kombinere politikken med rolla som åleinemor. Ho hadde håpa på å få fritak for eit halvt år, men fekk avslag.

– Eg bad berre om eit halvt år. Då kunne eg ha fiksa problemet med barnepass.

Les også Kristi (25) er mangelvare

Kristi Pedersen Madsen

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL