Hopp til innhold

Eirik Jensen bryt tausheita: – Saka vil syne seg annleis denne gongen

Tysdag skal Eirik Jensen-saka opp i lagmannsretten. Den tidlegare politimannen varslar godt førebudde advokatar og ei annleis sak enn i tingretten.

Eirik Jensen Tingrett mandag.

KJEM MED SJELDAN OPPDATERING: Eirik Jensen har det siste året førebudd seg til ankesaka i lagmannsretten, som startar veka som kjem.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

– No har det vore ein lang periode der det har vore heilt stille frå oss. Tida etter dommen har vore utfordrande for oss begge.

Slik opnar Jensen (61) ein post signert av han og kjærasten Ragna Lise Vikre. Posten er publisert via ein administrator på facebooksida til Jensen si støttegruppe natt til søndag.

Lovas strengaste straff

18. september i fjor vart den tidlegare politimannen dømt til 21 års fengsel av Oslo tingrett, samtidig som Gjermund Cappelen (51) vart dømt til 15 år i fengsel.

Jensen fekk lovas strengaste straff for grov korrupsjon og medverknad til narkotikasmugling, medan Cappelen vart dømt for å ha innført store mengder hasj – 16,7 tonn – til Norge.

Cappelen erkjente skuld og fekk ein strafferabatt på 30 prosent.

Tingrettsdommar Kim Heger sa at Eirik Jensen-saka saknar sidestykke i norsk rettshistorie.

Straffeutmålingen for Gjermund Cappelen for oppbevaring og salg hasj.

DØMT I TINGRETTEN: 18. september i fjor fekk Gjermund Cappelen ein vilkårslaus fengselsdom på 15 år.

Foto: Ørn E. Borgen / NTB scanpix

– I eit anna lys

Tysdag startar ankesaka i lagmannsretten. Og ifølgje Eirik Jensen vil denne saka bli annleis.

– Vi trur at denne tida har vist oss at målretta arbeid kan gi resultat. Store delar av det siste året er brukt til å lese saksdokument, skriv Jensen.

Og held fram:

– Vi trur no at saka vil syne seg i eit anna lys enn det som har kome fram i tingretten.

Han legg vidare vekt på at advokatane hans er godt budde.

En kort oppsummering av en komplisert sak.

Dette bør du vite om Eirik Jensen-saken

Takknemlege for støtta

Eirik Jensen og Ragna Lise Vikre fortel elles at dei har lagt inn ei veke med pause denne sommaren. Den veka har dei feriert i utlandet saman med den næraste familien.

– Vi er veldig takknemlege for at de i støttegruppa er med oss, blir posten avslutta med.

Tysdagens sak går i Borgarting lagmannsrett.

Dom mot Eirik Jensen og Gjermund Cappelen

DØMT I TINGRETTEN: 18. september i fjor fekk den tidlegare politimannen Eirik Jensen lovas strengaste straff, 21 år i fengsel, etter ein dom i Oslo tingrett.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

AKTUELT NÅ