Hopp til innhold
Vegen der ein mann hamna i eit basketak med to politibetjentar laurdag 28. januar 2023. Vi ser seks kumlok ved sidan av kvarandre med eit mønster på. Vegen er tom og bada i ei låg kveldssol. Nede i gata kjem nokre bilar køyrande mellom raude og grøne murbygg. I sida av biletet ser vi roser og lys som er lagt ned for mannen som mista livet.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Mann døde i Ålesund

  • Har gjennomført obduksjon av avdøde

    I forbindelse med hendelsen i Ålesund sentrum 28. januar 2023, hvor en person som politiet anholdt døde, er det gjennomført obduksjon av avdøde.

    Den foreløpige obduksjonsrapporten kan ikke entydig fastslå dødsårsaken og supplerende analyser må gjennomføres. Disse antas å ikke være klar før om rundt to måneder.

    Spesialenheten har tatt en rekke avhør i saken, sikret videoopptak og innhentet lydopptak fra politiets kommunikasjon i forbindelse med saken.

    To tjenestepersoner har status som mistenkt i saken.

  • Held framleis på med etterforsking

    Politiet i Møre og Romsdal etterforskar framleis kva som skjedde før ein mann blei observert blodig gåande i vegbana i Ålesund laurdag 28. januar.

    – Det betyr at vi samlar inn vitneavhøyr, går gjennom dei tekniske og taktiske undersøkingane og ser gjennom kameraovervakinga. Vi prøver å sette alle desse bitane saman til eit stort bilde av kva som skjedde, fortel Linn Erstad, seksjonsleiar for etterforsking i Møre og Romsdal politidistrikt.

    Ho seier vidare at dei jobbar ut ifrå fleire hypotesar om kva som kan ha skjedd med mannen.

    Politiet greip inn for å få kontroll på mannen, som dei meinte var til fare for seg sjølv og andre. Han blei lagt i bakken og seinare sendt til sjukehus. Same dag melde politiet at mannen var død. Spesialeininga for politisaker er i gang med å etterforske om det er ein samanheng mellom politiet sin framgangsmåte og dødsfallet. Dei blir etterforska for tenestefeil.

  • Kjem truleg med ny informasjon onsdag

    Mannen som døydde i Ålesund laurdag 28. januar blei obdusert i går. Thomas Arntsen, etterforskingsleiar i Spesialeininga, seier at dei truleg vil kome med informasjon om resultatet av obduksjonen onsdag.

    Mannen var involvert i eit basketak med politiet i forkant av dødsfallet. Politiet hadde då rykt ut for å få kontroll på mannen, som dei meinte at mannen var til fare for seg sjølv og andre.

    Seinare på dagen melde politiet at mannen var død.

    Spesialeininga har sidan hendinga etterforska for å finne ut om det kan vere ein samanheng mellom politiet sin framgangsmåte og dødsfallet.

    Ein politibil køyrer forbi blomane og gravlyktene der ein mann i 30-åra mista livet etter eit basketak med to politibetjentar i Ålesund sentrum 28. januar 2023. Der ligg ein bukett med friske, rosa blokar på fortauet. Ved sidan av ligg fleire eldre raude og kvite blomar, i tillegg til eit halvt dusin gravlykter. I bakgrunnen, ute av fokus, køyrer ein patruljebil frå politiet.
    Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK
  • Blir obdusert i dag

    I dag blir mannen som døydde i Ålesund 28. januar obdusert.

    Politiet rykte ut for å få kontroll på mannen. Ifølge dei skal mannen ha vore til fare for seg sjølv og andre. Mannen hamna i eit basketak med to politibetjentar. Seinare på dagen melde politiet at mannen var død.

    Dei to politibetjentane blir etterforska av Spesialeininga for tenestesvikt etter dødsfallet. Dei etterforskar saka for å finne ut om det er ein samanheng mellom politiet sin framgangsmåte og dødsfallet.

    Spesialeininga seier at obduksjonsrapporten blir viktig med tanke på å klargjere dødsårsaka, men at ein sjølvsagt må sette den i samanheng med dei andre opplysningane i saka.

  • Har avhøyrd mange vitne

    Politiet i Møre og Romsdal held fram med å etterforske hendinga laurdag 28. januar då ein mann mista livet. Mannen hadde tidlegare vore i ei leilegheit i Ålesund sentrum som no har fleire knuste ruter, og kva som skjedde då er ein del av etterforskinga politiet gjer.

    Mannen hamna i eit basketak med to politibetjentar, og mista seinare livet. To politibetjentar som var på staden er mistenkte for svikt i tenesta som del av Spesialeininga for politisaker si etterforsking.

    Frå tidspunktet politibetjentane kom til staden er det Spesialeininga som har ansvaret for saka, men Møre og Romsdal politidistrikt etterforskar det som hende med mannen fram til det tidspunktet.

    – Vi har gjort fleire vitneavhøyr i saka. Eg kan ikkje gå inn på kva dei har forklart og kvifor dei vert sett på som vitne, men det er eit pågåande arbeid, seier Linn Erstad, seksjonsleiar for etterforsking i Møre og Romsdal politidistrikt.

    Ho seier politiet har gjort både kriminaltekniske undersøkingar på åstaden og i leilegheita. I tillegg har dei henta inn bilete frå overvakingskamera kring hendingsstaden, og at dei held på å gå gjennom dei no.

    – Igjen, så oppmodar eg personar som har kjennskap til personen eller hendinga om å ta kontakt med politiet så vi får all den informasjonen vi treng, seier Erstad.

    Ei dør som er forsegla av politiet. Nærbilete av hjørnet på ei kvit ytterdør og dørkarmen ikring. Ein knallraud teipbit med politiet sin logo og ordet "FORSEGLING" på er lagt over både døra og karmen nede. Muren kring døra ser vi sovidt, og den er sliten og gråbrun.
    Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK