Hopp til innhold

Spesialeininga etterforskar politiet i samband med dødsfall i Ålesund

To politibetjentar i Møre og Romsdal politidistrikt har status som mistenkte etter eit dødsfall i helga.

Ålesund politistasjon

ETTERFORSKING: Spesialeininga etterforskar no politiet i Møre og Romsdal etter eit dødsfall i Ålesund laurdag.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Dei blir avhøyrt med status som mistenkte og blir etterforska for tenestefeil. Det er heilt rutinemessig i ei slik sak og det er ikkje grunnlag for å sikte dei per no, seier Thomas Arntsen, etterforskingsleiar i Spesialeininga til NRK.

Dei har no starta etterforskinga av saka.

På dette tidspunktet ikkje aktuelt at fleire får status som mistenkte, ifølge Arntsen. Dette kan endre seg etter kvart som saka blir etterforska vidare. Etterforskarar frå Spesialeininga kjem til Ålesund tysdag.

Det var VG som først omtalte at dei to var mistenkte.

Mann døde

Det var laurdag at politiet rykte ut til Ålesund sentrum i samband med ei hending. Ifølge politiet skal ein mann ha vore til fare for seg sjølv og andre.

Politiet greip inn for å få kontroll på mannen. Seinare på dagen melde politiet at mannen var død. Det er så langt uklart når og korleis mannen døydde.

Arntsen seier at dei mistenkte betjentane skal vere to sivile politibetjentar som kom til staden då hendinga skjedde og var involvert i arrestasjonen av mannen.

Målet til Spesialeininga er å finne ut om det kan vere ein samanheng mellom politiet sin framgangsmåte og dødsfallet.

Ber om tips

Arntsen seier dei no vil ta avhøyr av så mange involverte som mogleg.

Thomas Arntsen, Spesialenheten for politisaker

TIPS: Spesialeininga vil kome i kontakt med vitne til hendinga i Ålesund laurdag.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

– Vi er kjent med dei i politiet som var involvert i hendinga og har namnet på ein del vitne. Men om det er vitne som vi ikkje er kjent med, så ønskjer vi at dei tek kontakt med oss.

Dei siste dagane har det sirkulert fleire videoar av hendinga i sosiale medium.

Spesialeininga har fått tilgang til nokre av desse, men ber publikum om å sende dei videoar.

– Det gir alltid eit godt bilde når vi får fleire videoar av ei hending. Ein må sjølvsagt sjå det i samanheng med hendinga, men det kan vere godt egna for å belyse saka.

FILM: Det var fleire vitne til hendinga og dei siste dagane har det sirkulert fleire videoar av hendinga. Familien til mannen er kjent med at videoen blir publisert. Denne videoen er det Eduard Andrei Cristea som har filma.

Familien til mannen er kjent med at videoen blir publisert.

Eduard Andrei Cristea bur like ved der hendinga skjedde og vakna då han høyrde bråk utanfor leilegheita si.

– Eg vakna og såg ein mann som kom springande i gata og ropte.

Ifølge Cristea skal manne ha hatt blod på knea. Like etter kom politiet til staden. Cristea fortel at han vurderte om han skulle kle på seg og springe ut for å hjelpe til, men såg at andre kom til.

– Mannen skal ha slåst med politiet og dei prøvde å roe han ned, men situasjonen eskalerte og han enda i bakken, fortel Cristea.

Eduard Andrei Cristea på gata der politiet var involvert i ei hending laurdag.

Eduard Andrei Cristea var vitne til hendinga i Ålesund sentrum.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Beklagar kommunikasjon

Då Sunnmørsposten og NRK var i kontakt med politiet i helga aviste dei først at mannen hadde blitt lagt i bakken.

Politiinspektør Erik Steen Mikalsen.

Politiinspektør Erik Steen Mikalsen beklagar dårleg kommunikasjon med media.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Men då Sunnmørsposten fekk tilgang til videomateriale av hendinga snudde politiet. Dei har seinare beklaga kommunikasjonen med media.

– Kva som skjedde var kjent så dette er snakk om dårleg kommunikasjon frå operasjonsleiar og ut til media. Dette har så ført til ein del misforståingar. Her har operasjonsleiar gjort ein feil og det er berre å beklage, seier politiinspektør Erik Steen Mikalsen til NRK tysdag.

Han vektlegg at det er viktig at politiet når ut med klar og rett informasjon og at dei vil ta læring av saka og jobbe med det som skjedde internt.

– Blei eit basketak

Til NRK seier politimeister Ingar Bøen at det ikkje var tvil om at mannen blei lagt i bakken, men at han ikkje veit kvifor det først blei gitt feil informasjon.

Bøen fortel at dei laurdag fekk inn fleire meldingar om at ein lettkledd mann kraup i vegbana i Ålesund sentrum. Mannen skal ha vore skadd då politiet kom til staden.

– Det blei eit lite basketak før politiet fekk lagt han i bakken og fekk kontroll på han, fortel Bøen.

Ingar Bøen, politimeister i Møre og Romsdal politidistrikt.

Ingar Bøen er politimeister i Møre og Romsdal politidistrikt.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Han seier vidare at dei er forsiktig med å seie kva som skjedde, i og med at saka er under etterforsking av Spesialeininga.

– Det eg kan seie er at våre folk som kom dit meinte at dei måtte prøve å få kontroll på personen, fordi det for dei verka openbert at han hadde behov for hjelp.

– Var det nødvendig å legge personen i bakken, slik de ser det?

– Ja, når politiet skal ha kontroll på ein person og personen ikkje vil, då må vi bruke makt for å få kontroll på personen og situasjonen. Når nokon ikkje vil bli tatt hand om, så kan det sjå brutalt ut for omverda, seier Bøen.

– Kva var tilstanden til mannen då han blei tatt hand om av helsepersonell?

– Det er ein av tinga som Spesialeininga skal sjå på, som det er vanskeleg for oss å gå inn på akkurat no.

Bøen seier vidare at det er ingen dramatikk knytt til at to politibetjentar har fått status som mistenkte. Han seier at det var ei krevjande oppleving for dei involverte og at dei følger opp sine tilsette.

Spesialeininga får vurdere om det er straffbare forhold frå vår side. Men at det blei gjort mykje godt arbeid frå våre folk, helsevesenet og frivillige som deltok, er det ikkje tvil om.

Obduksjon står sentralt

Den no døde mannen skal bli obdusert. Arntsen i Spesialeininga seier at å finne årsaka til dødsfallet står sentralt i etterforskinga.

– Slik som situasjonen er no, så veit vi lite om dødsårsaka. Difor må vi få gjennomført ein del undersøkingar.

Det kan ta rundt ei veke før resultatet av obduksjonen er klar.

Blomar og lys er lagt ned i vegkanten i Ålesund sentrum. Vi ser tre tende gravlykter, ei stor og to små, stå ikring ein bukett med kvite roser. I bakgrunnen, ute av fokus, ser vi trafikklys, bilar og bygningar. Det fell nokre snøfnugg frå himmelen.

Nokon har tent lys og lagt ned blomster i gata der hendinga skjedde laurdag.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Varsla Spesialeininga måndag

Saka blei meldt til Spesialeininga av politiet i Møre og Romsdal måndag. Politimeister Bøen seier at det dei fortløpande vurderte om dei skulle varsle Spesialeininga eller ikkje. Deira første vurdering var at hendinga ikkje blei omfatta av det som dei skal etterforske.

– Vi var samtidig veldig opne for å gjere om på denne vurderinga om vi fekk ny informasjon. Når det byrja å bli stilt spørsmål ved om politiet hadde noko å skjule, då blei det slik at vi måtte kontakte Spesialeininga.

– Var det spørsmål frå offentlegheita som gjorde at Spesialeininga blei kopla på?

Når det byrjar å bli stilt spørsmål ved om politiet har noko å skjule, då må vi agere, for vi har ingenting å skjule, seier Bøen.

Hendinga har fått mykje merksemd dei siste dagane og det er mange spekulasjonar om kva som skal ha skjedd.

– Vår oppgåve er å legge forholda til rette for at Spesialeininga får opplyst saka på best mogleg måte. Det vil tene oss, samfunnet og alle, seier Bøen.

Også Arntsen i Spesialeininga har fått spørsmål om varselet.

– Kva oppfatning har du av at dei har varsla som dei skal?

– Det er vanskeleg for meg å svare på sidan eg ikkje er kjent med korleis situasjonen var innleiingsvis. Vi har etterforskingsplikt når nokon døyr i samband med politiet si teneste og terskelen for å varsle oss bør i utgangspunktet vere låg. Ut ifrå det vi har fått av informasjon vurderte vi at det var grunnlag for å starte ei etterforsking, seier Arntsen.

Ønskjer ikkje å kommentere saka

Bistandsadvokat Mette Ekroll Nyland seier på vegner av familien at dei ikkje ønskjer å kommentere saka.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL