Hopp til innhold

Spesialeininga har konkludert

Spesialeininga for politisaker har no konkludert etter at ein mann i 30-åra døydde i Ålesund i januar.

To politibetjentar var involvert i eit basketak med mannen då dei skulle få kontroll på han. Seinare på dagen melde politiet at mannen var død.

Sidan har Spesialeininga undersøkt om det var ein samanheng mellom politiet sin framgangsmåte og dødsfallet.

– Saka er lagt som ikkje noko straffbart forhold, står det på nettsida til Spesialeininga.

Ein politibil køyrer forbi blomane og gravlyktene der ein mann i 30åra mista livet etter eit basketak med to politibetjentar i Ålesund sentrum 28. januar 2023. Der ligg ein bukett med friske rosa blokar på fortauet. Ved sidan av ligg fleire eldre raude og kvite blomar i tillegg til eit halvt dusin gravlykter. I bakgrunnen ute av fokus køyrer ein patruljebil frå politiet.

Spesialeininga har lagt vekk saka etter dødsfall i Ålesund

Politiet gjorde ikkje noko straffbart då dei var involvert i eit basketak med ein mann i Ålesund. Det meiner Spesialeininga for politisaker. Mannen døydde like etter hendinga.