Politiet rota vekk førarkort - no betalar dei erstatning
Politiet i Møre og Romsdal må betale utgiftene til nytt førarkort for ein bilist, etter å ha rota det vekk.
Ifølgje eit brev politiet har sendt til bilisten, måtte han gje frå seg førarkortet midlertidig etter å ha blitt stoppa i ein trafikkontroll i september.
Politiet skriv at det deretter «er bortkommet».
No ber dei om bankkontonummer og kvitteringar for utgiftene til å skaffe eit nytt førarkort.