Hopp til innhold

Kritisk til politimeisteren

Borge Amdam er kritisk til politimeister i Møre og Romsdal, Ingar Bøen si handtering etter at ein mann døydde etter eit basketak med politiet i januar. Det skriv Politiforum.

Amdam var operasjonsleiar den dagen dette skjedde. I kontakt med media gjekk han ut med feilaktig informasjon, noko som førte til spørsmål rundt politiet si handtering av saka. I etterkant av hendinga beklaga Amdam noko av kommunikasjonen med media.

No kritiserer Amdam mellom anna Bøen for at han ikkje var med på å nyansere bilde rundt kva som skjedde og at Amdam fekk munnkorg. Han skal også ha følt seg pressa til å be om å bli fritatt for arbeidsoppgåvene sine, noko han ikkje ville.

Fungerande politimeister Ingmar Farstad seier til Politiforum at politidistriktet har tillit til Amdam, men at dei ikkje var nøgd med jobben han gjorde i denne konkrete saka. Han seier vidare at målet deira i denne saka har vore å vise openheit til media, ta vare på dei tilsette og skape ro rundt saka.

Erik Steen Mikalsen, sjef ved operasjonssentralen i Møre og Romsdal politidistrikt, står på eit presserom. Han har på seg ein lyseblå uniform med svart slips og gull-lapellar. På veggen bak han ser vi Politiet sin logo og riksvåpenet på ein blå vegg. I forgrunnen, ute av fokus, ser vi eit kamera og ein fotograf som filmar.

Politiet la mann i bakken – nekta for det tre gonger til lokalavisa

I seks timar hevda politiet i Ålesund at dei ikkje hadde lagt nokon i bakken, før dei snudde. – Det er skadeleg for tilliten til politiet, seier advokat.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Geiranger med Geirangerfjorden ein vinterdag med blå himmel og blikkstille fjord.

Nær 15.000 har søkt om å få bu gratis her: – Heilt spinnvilt

Valdshending Averøy

Mann dømt til fengsel for drapsforsøk i Averøy: – Var nær ved å lykkast