Sidan januar har Spesialeininga etterforska politiet i Møre og Romsdal.
To politibetjentar blei mistenkt for tenestefeil etter å ha vore involvert i eit basketak med ein mann i Ålesund 28. januar. Seinare på dagen melde politiet at mannen var død.
Spesialeininga har undersøkt om det var ein samanheng mellom politiet sin framgangsmåte og dødsfallet. No har Spesialeininga konkludert.
– Saka er lagt vekk. Det er ingen straffbare forhold som er bevist, står det i avgjerda.
Dei skriv vidare at obduksjonsrapporten har konkludert med at dødsårsaka sannsynlegvis var forgifting som følge av rus.
Mette Ekroll Nyland er bistandsadvokaten til mannen sin familie. Ho seier at verken ho eller dei etterlatne har ein kommentar til saka.
Glad for at mannen fekk god førstehjelp
Stadfortredande politimeister, Ove Brudevoll, seier at dei har merka seg at det blei konkludert med at det var naudsynt at politiet greip inn i situasjonen og at dei ikkje gjekk utover det som var forsvarleg med tanke på maktbruk.
– Det er gledeleg å sjå at Spesialeininga særleg poengterer at den avdøde fekk god førstehjelp på staden, seier Brudevoll.
Han seier at dei to politibetjentane har opplevd det som ei belastning å ha status som mistenkt i ei straffesak.
– Vi i politidistriktet har heile tida hatt trua på at Spesialeininga ville konkludere med at oppdraget blei utført på ein god måte.
Basketak med politiet
Det heile starta ein laurdag morgon i januar. Politiet fekk melding om ein blodig og tynnkledd mann som kraup i vegbana i Ålesund sentrum.
Politiet meinte at mannen var til fare for seg sjølv og andre, og rykte ut for å få kontroll på han.
I samband med dette blei det eit basketak mellom mannen og to sivilkledde politibetjentar, før han så blei lagt i bakken. Etter kvart kom det også privatpersonar til, som hjelpte politiet å få kontroll på mannen.
På eit tidspunkt etter dette blei det gitt livreddande førstehjelp på staden. Seinare på dagen melde politiet at mannen var død.
Det oppstod eit basketak mellom mannen og politiet på gata i Ålesund sentrum.
I sosiale medium sirkulerte det fleire videoar av hendinga. Det førte til spørsmål og spekulasjonar rundt politiet si handtering av saka.
I tillegg gav operasjonssentralen feil informasjon om hendinga, noko som også bidrog til dette. Måndag 31. januar valde politiet i Møre og Romsdal å melde saka til Spesialeininga.
Fekk hjartestans
I tillegg til dei to politibetjentane har Spesialeininga avhøyrt ni vitne.
Spesialeininga si etterforsking viste at den sivile politipatruljen prøvde å kome i kontakt med mannen, men at han responderte med å rive seg laus, prøvde å springe frå politiet og gjorde stor fysisk motstand. Mannen blei så lagt i bakken.
Om hendinga skriv Spesialeininga at politibetjentane hadde sett handjern på mannen for å få kontroll på han. Samtidig kom ein uniformert patrulje til staden.
Etterforskinga deira har vist at mannen låg i mageleie ei kort stund. Dette har vitna som blei avhøyrt ha bekrefta. Han skal så ha blitt lagt over på sida. Kort tid etter slutta mannen og puste og fekk etter kvart hjartestans.
– Politibetjentane utøvde førstehjelp medan dei venta på at ambulansen kom til staden og tok over. Dei lykkast aldri med å få starta hjartet igjen og mannen blei erklært død etter å ha blitt transportert til sjukehus, skriv Spesialeininga.
Dei meinte at det var nødvendig at politiet greip inn ovanfor mannen. Dei meiner også at måten politiet løyste oppdraget på og bruken av makt var forsvarleg og ikkje gjekk lenger enn nødvendig.
– Andre handlingsalternativ i form av dialog var forsøkt, og Spesialeininga kunne ikkje sjå at mildare handlingsalternativ kunne brukast i situasjonen, står det i samandraget.
Dei meiner difor at det ikkje har skjedd ei straffbar handling.
Viktig med tillit
Stadfortredande politimeister, Ove Brudevoll, seier det er viktig for dei at folk har tillit til politiet.
Over Brudevoll er stadfortredande politimeister.
Foto: Eirik Haukenes / NRK– I enkelte situasjonar er politiet sett til å utøve makt, det kan vere for å hjelpe helse eller i samband med vanlege arrestasjonar. Det store fleirtalet av desse blir løyst utan å bruke makt, men av og til må politiet bruke makt for å få kontroll på ein person, seier han.
Brudevoll har forståing for at det kan verke voldsomt for personar som ser dette utanfrå.
– Då er det viktig å vite konteksten. Politiet skal aldri bruke meir makt enn nødvendig. Og i denne saka har Spesialeininga konkludert med at vi ikkje brukte meir makt enn situasjonen tilsa.
Etterforskar kva som skjedde i forkant
Politiet i Møre og Romsdal har hatt ansvaret for å etterforske kva som skjedde med mannen før han blei observert blodig i Ålesund sentrum.
Dei har mellom anna gjort undersøkingar i leilegheita til mannen. Han budde i nærleiken av der han først blei observert.
Denne etterforskinga er ferdig og blir no sendt til Statsadvokaten.
– Det er ingen opplysningar der som kan kaste lys over dødsårsaka, seier Brudevoll.