Politiet gjorde ikkje noko straffbart då dei var involvert i eit basketak med ein mann i Ålesund. Det meiner Spesialeininga for politisaker. Mannen døydde like etter hendinga.
Spesialeininga for politisaker opplyser at dei er ferdige med å etterforske dødsfallet i Ålesund i januar.
Spesialeininga opplyser at det vil ta om lag to månader å få svar på årsaka til at ein mann døydde i Ålesund. Politiet var involvert i eit basketak med mannen i forkant av dødsfallet.
Det var først då det oppstod spørsmål og spekulasjonar at politiet meldte eit dødsfall til Spesialeininga. Politimeisteren i Møre og Romsdal forsvarer avgjerda.
I seks timar hevda politiet i Ålesund at dei ikkje hadde lagt nokon i bakken, før dei snudde. – Det er skadeleg for tilliten til politiet, seier advokat.
Spesialeininga har i dag avhøyrd politibetjentane etter eit dødsfall i Ålesund i helga. Samtidig etterforskar politiet kva som skjedde i forkant av hendinga.
To politibetjentar i Møre og Romsdal politidistrikt har status som mistenkte etter eit dødsfall i helga.