Den førebelse obduksjonsrapporten kan nemleg ikkje sikkert fastslå dødsårsaka. Difor må det bli gjennomført supplerande analysar. Det blir også gjennomført ei toksikologisk undersøking.
– I samband med obduksjonen blir det tatt ein del prøver som må analyserast. Det er ein prosess som tek tid og det er årsaka til at det vil ta rundt to månader, seier Thomas Arntsen, etterforskingsleiar i Spesialeininga for politisaker til NRK.
– Har de ein teori om kva som kan vere dødsårsaka?
– Nei, det er for tidleg å seie noko om. Difor må vi vente på den endelege obduksjonsrapporten. Den er ein viktig del av etterforskinga og vi håper å få meir tydelege svar.
Greip inn for å få kontroll
Det var laurdag 28. januar at politiet blei varsla om ei hending i sentrum av Ålesund. Då hadde politiet fått melding om ein blodig og tynnkledd mann som kraup i vegbana.
Politiet meinte at mannen var til fare for seg sjølv og andre, og rykte ut for å få kontroll på han. I samband med dette oppstod det eit basketak mellom mannen og to sivilkledde politibetjentar. Han blei så lagt i bakken. Etter kvart kom det også to privatpersonar som hjelpte politiet å få kontroll på mannen.
To betjentar frå sivilpolitiet hamna i eit basketak med mannen og han blei lagt i bakken. Etter kvart kom det til personar som hjelpte politiet å få kontroll på mannen.
Foto: Eduard Andrei CristeaDet blei gjort livreddande arbeid på staden. Ambulansen kom også til og mannen blei så frakta til sjukehus.
Seinare på dagen meldte politiet at mannen var død.
I etterkant oppstod det spørsmål og spekulasjonar rundt politiet si handtering. Mellom anna gav operasjonssentralen feil informasjon om hendinga, noko som også bidrog til dette.
Måndag førre veke valde politimeisteren å melde saka til Spesialeininga.
Mistenkt for tenestefeil
Sidan då har Spesialeininga etterforska for å finne ut om det kan vere ein samanheng mellom politiet sin framgangsmåte og dødsfallet.
Thomas Arntsen, etterforskingsleiar i Spesialeininga
Foto: Lars Chr. Wallace / NRKTo politibetjentar er mistenkte for tenestefeil i samband med hendinga.
– Dei vil ha status som mistenkte inntil saka er avgjort. Slik som situasjonen er no er det ikkje aktuelt å endre status frå mistenkt til sikta, fortel Arntsen i Spesialeininga.
Dei har sikra videoopptak og henta inn lydopptak frå politiet sin kommunikasjon. Etterforskinga held fram medan dei ventar på den endelege obduksjonsrapporten.
– Vi jobbar med å gå gjennom dei avhøyra vi har tatt og det som er henta inn av lyd og bilde. Etter kvart vil vi skrive ein rapport, seier Arntsen.
NRK har stilt spørsmål til politimeister Ingar Bøen om kor belastande denne saka har vore for politiet i Møre og Romsdal. Han ønskjer ikkje å stille til intervju og viser til at den er under etterforsking av Spesialeininga.
Bistandsadvokaten til familien til mannen, Mette Ekroll Nyland, seier dei ikkje ønskjer å kome med ein kommenter no.
Etterforskar kva som skjedde i forkant
Politiet i Møre og Romsdal har ansvaret for å etterforske kva som skjedde med mannen før han blei observert blodig i Ålesund sentrum.
Linn Erstad er seksjonsleiar for etterforsking i Møre og Romsdal politidistrikt.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRKLinn Erstad, seksjonsleiar for etterforsking i Møre og Romsdal politidistrikt, seier dei jobbar vidare med dette.
– Eg kan ikkje kommentere etterforskinga før vi har konkludert, men vi held fram med vitneavhøyr og tekniske og taktiske undersøkingar.
Dei har også henta inn bilde frå kameraovervaking.