Hopp til innhold

Politiet la mann i bakken – nekta for det tre gonger til lokalavisa

I seks timar hevda politiet i Ålesund at dei ikkje hadde lagt nokon i bakken, før dei snudde. – Det er skadeleg for tilliten til politiet, seier advokat.

Erik Steen Mikalsen, sjef ved operasjonssentralen i Møre og Romsdal politidistrikt, står på eit presserom. Han har på seg ein lyseblå uniform med svart slips og gull-lapellar. På veggen bak han ser vi Politiet sin logo og riksvåpenet på ein blå vegg. I forgrunnen, ute av fokus, ser vi eit kamera og ein fotograf som filmar.

BEKLAGAR: Politiet i Ålesund beklagar etter at dei gav feil informasjon til media.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Politiet i Møre og Romsdal har beklaga etter at dei gav feil informasjon til media i saka om eit dødsfall i Ålesund laurdag.

Sunnmørsposten valde å endre ein artikkel, etter at politiet hevda det dei skreiv ikkje stemte. Men så viste det seg at det var sant likevel.

– Vi er avhengig av at politiet er ei truverdig kjelde, at dei gir oss korrekt informasjon. Så det at dei desinformerer, er alvorleg, seier redaktør i Sunnmørsposten, Hanna Relling Berg.

Slik var dekninga

Redaktøren i Sunnmørsposten, Hanna Relling Berg, står i Sunnmørsposten sine lokaler.

Redaktør i Sunnmørsposten, Hanna Relling Berg, vil takke publikum som kom med tips etter at saka vart publisert. – Dei bidrog til viktig informasjon for å få innsyn i kva som hadde skjedd.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

I den første utgåva av artikkelen deira laurdag, sto det at politiet hadde lagt ein mann i bakken.

Kort tid etterpå kom politiet på bana. Dei meinte informasjonen ikkje stemte, og at dei hadde ikkje lagt nokon i bakken.

Med bakgrunn i ein vitneobservasjon, og det politiet sa, valde avisa å endre artikkelen.

– Så får vi inn veldig mange reaksjonar frå publikum, med video og bilde. Informasjonen frå politiet stemmer ikkje. Det er politiet som har lagt han i bakken, seier Berg.

Operasjonssentralen gav den same informasjonen til NRK i helga. Operasjonsleiaren sa til journalisten at politiet ikkje har lagt nokon person i bakken.

Ikkje før seks timar seinare vedgjekk politiet at det var dei som la vedkommande i bakken.

Ifølge Relling Berg hadde Sunnmørsposten då snakka med operasjonssentralen tre gonger og fekk same bodskap kvar gong: «Politiet har ikkje lagt nokon i bakken».

– Det er sterkt beklageleg, det er ikkje slik vi ønskjer å stå fram, seier Erik Steen Mikalsen, sjef for operasjonssentralen.

Les også Spesialeininga har starta etterforsking av dødsfall i Ålesund: – Prøver å få heile bildet

Politihuset i Ålesund. Vi ser ein grå bygning med brune vindaugskarmar mot ein mørkeblå himmel. Sola skin, og vi ser eit stort skilt med ordet POLITI øvst på bygget.

Skadeleg for tilliten til politiet

Advokat Jon Wessel-Aas meiner det er svært uheldig at politiet gjekk ut med feil informasjon til pressa, og dermed til publikum.

– Særleg i saker kor politiet sjølv er involvert i ei hending som har fått eit slikt utfall, vil det utanfrå kunne bli oppfatta som at politiet har forsøkt å verne sine eigne, enten det er det som har skjedd eller ikkje. Det er skadeleg for tilliten til politiet, seier han.

Wessel-Aas er medierettsadvokaten som er ekspert på ytringsfridom og pressejuss i offentlegheita.

Han seier dette er eit døme på at pressa kanskje ikkje er kjeldekritisk nok når det kjem informasjon frå myndigheitene.

– Ein skal i utgangspunktet kunne stole på politiet, men i saker der politiet sjølve er involvert i hendinga må ein vere ekstra kjeldekritisk og søkje breitt etter kjelder. Ein må vere open for at det også kan skje feil hos politiet. Her kan pressa lære noko, seier han.

Jon Wessel-Aas

Jon Wessel-Aas er leiar av Advokatforeningen.

Foto: Margret Helland / NRK

Tok lang tid

Stoler de blindt på politiet, Hannah Relling Berg?

Nei. Politiet er ei kjelde som vi også må vurdere kritisk, men erfaringa vår er at politiet kjem med påliteleg informasjon. Difor var det så overraskande at dei denne gongen kom med feil informasjon, seier redaktøren.

Ho er klar på at alle kan gjere feil, men er kritisk til at det tok så lang tid før politiet retta opp i feila sine.

– Vi er avhengig av at politiet gir oss korrekt informasjon. Vi veit at det kan skje misforståingar, men slik var det ikkje her, her heldt dei fast på versjonen sin.

Samstundes peiker ho på at det er bra at politiet no har innrømma kva dei har gjort.

– Å desinformere er alvorleg. Så er det slik at alle kan gjer ein feil, det viktige er kva ein gjer med det.

Les også Spesialeininga etterforskar politiet i samband med dødsfall i Ålesund

Ålesund politistasjon

Politiet vil lære av hendinga

Sjefen for operasjonssentralen hos politiet seier han ikkje veit kvifor det vart sagt feil.

Erik Steen Mikalsen står i ein blå politiuniform og ser rett i kamera. Bak han er det ein blå vegg med logoen til politiet.

Erik Steen Mikalsen er sjefen for operasjonssentralen til politiet i Møre og Romsdal. Han seier dei no vil lære av feila i denne saka.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

På spørsmål om kvifor det tok så lang tid før det vart retta opp, seier han at det var fordi operasjonsleiaren ikkje meinte han hadde sagt noko feil.

No vil dei ta lærdom frå denne hendinga.

– Dette er svært uheldig. Vi er oppteken av å vere opne i kommunikasjonen vår ut. Så dette er ikkje godt nok, og vi vil jobbe vidare med dette, seier Steen Mikalsen.