Hopp til innhold

Politiet varsla ikkje om dødsfall i Ålesund før rykta tok av

Det var først då det oppstod spørsmål og spekulasjonar at politiet meldte eit dødsfall til Spesialeininga. Politimeisteren i Møre og Romsdal forsvarer avgjerda.

Fleire har lagt ned blomster og tent lys på fortauet. På vegen kjem det køyrande ein blå lastebil.

ETTERFORSKA: Politiet i Møre og Romsdal blir etterforska av Spesialeininga for politisaker etter eit dødsfall i Ålesund.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Laurdag 28. januar var to politibetjentar i Møre og Romsdal politidistrikt involvert i ei hending der dei greip inn for å få kontroll på ein mann. I samband med dette oppstod det et basketak og mannen blei lagt i bakken.

Han blei etter kvart sendt til sjukehus i ambulanse og seinare på dagen melde politiet at mannen var død. Likevel valde politiet å ikkje melde inn hendinga til Spesialeininga for politisaker.

Vi vurderte det slik at det ikkje var vår tenesteutøving som resulterte i at han døydde. Regelverket seier at Spesialeininga skal etterforske sakene dersom nokon døyr som følgje av nettopp politiet si tenesteutøving, seier politimeister Ingar Bøen.

Les også: Politiet la mann i bakken – nekta for det tre gonger til lokalavisa

Erik Steen Mikalsen, sjef ved operasjonssentralen i Møre og Romsdal politidistrikt, står på eit presserom. Han har på seg ein lyseblå uniform med svart slips og gull-lapellar. På veggen bak han ser vi Politiet sin logo og riksvåpenet på ein blå vegg. I forgrunnen, ute av fokus, ser vi eit kamera og ein fotograf som filmar.
Erik Steen Mikalsen, sjef ved operasjonssentralen i Møre og Romsdal politidistrikt, står på eit presserom. Han har på seg ein lyseblå uniform med svart slips og gull-lapellar. På veggen bak han ser vi Politiet sin logo og riksvåpenet på ein blå vegg. I forgrunnen, ute av fokus, ser vi eit kamera og ein fotograf som filmar.

Spørsmål og spekulasjonar

I etterkant oppstod det spørsmål og spekulasjonar rundt politiet si handtering av saka. Mellom anna gav operasjonssentralen feil informasjon om hendinga, noko som også bidrog til dette.

Måndag valde politimeisteren å melde saka til Spesialeininga.

Ingar Bøen er politimeister i Møre og Romsdal politidistrikt. Han har på seg ei lyseblå uniform med gule lapellar og svart slips. Han har lite hår, runde briller og sit med armane i kors. Han sit på eit møterom med dataskjermar og ein vegg med politiet-logoen bak seg.

Politimeister Ingar Bøen seier dei skal lære av saka.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Vi, saka eller samfunnet er ikkje tent med at det blir spekulert i om politiet prøver å dekke over noko, fortel Bøen.

– Her var det snakk om eit dødsfall, der politiet var involvert i forkant. Burde saka vore meldt inn med ein gong?

– I slike saker gjer ein fortløpande vurderingar. Allereie laurdag kveld var vi opne for å endre våre vurderingar om det kom nye opplysningar. Vi tok til etterretning at det oppstod spekulasjonar og handla ut ifrå det.

– Kan publikum ha tillit til dei vurderingane de gjer?

Kvar dag jobbar vi for at innbyggarane våre skal ha tillit til oss. Eg trur den beste måten å gjere det på er å vere opne og transparente slik at folk ser kva vi held på med. Det gjeld også i denne saka, seier politimeisteren.

Bøen seier vidare at politiet lærer av slike saker, både positivt og negativt.

Blir etterforska

Spesialeininga har sidan hendinga etterforska for å finne ut om det kan vere ein samanheng mellom politiet sin framgangsmåte og dødsfallet. I samband med dette er to politibetjentar mistenkt for tenestefeil.

Det er venta at resultatet frå den førebelse obduksjonsrapporten kjem onsdag.

Les også: Spesialeininga har starta etterforsking av dødsfall i Ålesund: – Prøver å få heile bildet

Politihuset i Ålesund. Vi ser ein grå bygning med brune vindaugskarmar mot ein mørkeblå himmel. Sola skin, og vi ser eit stort skilt med ordet POLITI øvst på bygget.
Politihuset i Ålesund. Vi ser ein grå bygning med brune vindaugskarmar mot ein mørkeblå himmel. Sola skin, og vi ser eit stort skilt med ordet POLITI øvst på bygget.

– Alle kan varsle Spesialeininga

Spesialeininga for politisaker sitt ansvar er å etterforske saker der det er mistanke om at ein tilsett i politiet eller påtalemakta har gjort ei straffbar handling i teneste. Det same gjeld saker utan mistanke om straffbar handling.

– Dersom nokon døyr eller blir alvorleg skadd som følge av politiet eller påtalemakta sin tenesteutøving, eller nokon døyr eller blir alvorleg skadd medan dei er tatt hand om av desse, så skal det bli sett i gang ei etterforsking, seier Øivind Frøisland hos Spesialeininga.

Frøisland har inntrykk av at politidistrikta generelt er klare over sitt ansvar til å varsle inn saker. Han seier at alle kan melde ei sak til Spesialeininga, eller varsle om forhold, der dei meiner ein tilsett i politiet eller påtalemakta har gjort ei straffbar handling i tenesta.

Spesialeininga kan også på eige initiativ starte ei etterforsking dersom dei finn ein rimeleg grunn til å undersøke om det har skjedd noko straffbart.

Blei varsla av politimeisteren

Frøisland kjenner ikkje til at nokon andre enn politimeisteren i Møre og Romsdal har varsla inn denne saka til dei.

Han seier at han ikkje har grunnlag for å meine noko om politiet i Møre og Romsdal si vurdering i denne saka. Generelt svarer han:

Får ein embets- eller tenestemann i politiet eller påtalemakta mistanke om at ein anna tilsett har gjort ei straffbar handling i tenesta, skal Spesialeininga bli varsla straks, seier Frøisland.

Dette med mindre forholdet er eller kan venta å bli avgjort ved forenkla førelegg, eller skal bli behandla av politiet sin sikkerheitsteneste, fortel han.