Hopp til innhold

Endeleg obduksjonsrapport er klar

Spesialeininga for politisaker har no mottatt den endelege obduksjonsrapporten av mannen, som døydde i Ålesund i januar.

– Vi ser på saka som ferdig etterforska og vil innan kort tid sende over innstillinga vår til sjefen for Spesialeininga, som skal fatte påtaleavgjerda i saka, seier Thomas Arntsen, etterforskingsleiar i Spesialeininga for politisaker til NRK.

Det er venta at dette vil kome om nokre veker, men Arntsen kan per no ikkje seie konkret når dette vil kome.

Han vil ikkje kommentere resultatet av obduksjonsrapporten eller dei toksikologiske undersøkingane som blei gjort.

– Eg ønskjer ikkje å gå inn på innhaldet i desse rapportane no. Dette får vi heller kome tilbake til på eit seinare tidspunkt i samanheng med ein større gjennomgang av saka, seier Arntsen.

Mannen var involvert i eit basketak med politiet tidlegare på dagen. På eit tidspunkt etter at politiet hadde fått kontroll på mannen blei det utført livreddande førstehjelp og han blei frakta vekk i ambulanse. Seinare på dagen blei det meldt at mannen hadde døydd.

Spesialeininga etterforskar framleis om politiet gjorde noko feil i samband med hendinga.

Fleire har lagt ned blomster og tent lys på fortauet. På vegen kjem det køyrande ein blå lastebil.
Foto: Øyvind Sandnes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL