Hopp til innhold

Lokalt politi ferdig med etterforskinga

Onsdag meldte Spesialeininga at dei er ferdige med etterforskinga av hendinga i januar då ein mann mista livet i etterkant av å ha hamna i eit basketak med to politibetjentar. Det same er politiet lokalt i Møre og Romsdal.

Etterforskinga av hendinga vart delt i to etter at Spesialeininga vart kopla på. Dei tok seg av alt som skjedde etter dei to politibetjentane kom til staden der mannen var. Alt som skjedde fram til då, er det lokale politidistriktet ansvarlege for å etterforske.

– Vi er ferdige med vår del av etterforskinga, og har sendt dette over til Statsadvokaten. Dei ynskjer å vente på den endelege avgjerda frå Spesialeininga, fortel seksjonsleiar for etterforsking i Møre og Romsdal politidistrikt Linn Erstad.

Linn Erstad, seksjonsleiar for etterforsking ved Møre og Romsdal politidistrikt, står på eit presserom. Ho har halvlangt, blondt hår som heng laust. Ho har på seg ein lyseblå uniform med svart slips og gull-lapellar. På veggen bak ho ser vi Politiet sin logo og riksvåpenet på ein blå vegg.
Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL