Hopp til innhold

Spesialeininga har starta etterforsking av dødsfall i Ålesund: – Prøver å få heile bildet

Spesialeininga har i dag avhøyrd politibetjentane etter eit dødsfall i Ålesund i helga. Samtidig etterforskar politiet kva som skjedde i forkant av hendinga.

Politihuset i Ålesund. Vi ser ein grå bygning med brune vindaugskarmar mot ein mørkeblå himmel. Sola skin, og vi ser eit stort skilt med ordet POLITI øvst på bygget.

ETTERFORSKING: Spesialeininga etterforskar politiet i Møre og Romsdal etter eit dødsfall i Ålesund i helga.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Vi prøver først og fremst å få ei oversikt over kva som skjedde og vurderingane som dei to involverte har gjort. Dei to politibetjentane, som blir etterforska for tenestefeil, blei avhøyrde i dag, seier Thomas Arntsen, etterforskingsleiar i Spesialeininga til NRK.

Spesialeininga skal no etterforske for å finne ut om det kan vere ein samanheng mellom politiet sin framgangsmåte og dødsfallet til mannen.

Det var laurdag morgon at politiet blei varsla om ei hending i sentrum av Ålesund. Ifølge politiet skal ein mann ha vore til fare for seg sjølv og andre. Politiet opplyser at mannen kraup i vegbana.

Politiet greip inn for å få kontroll på mannen og det blei eit basketak. Seinare på dagen melde politiet at mannen var død. Det er så langt uklart når og korleis mannen døydde.

Skal undersøke lydlogg

Etterforskarar frå Spesialeininga kom til Ålesund tysdag starta med avhøyr av dei involverte, både politi og andre vitne.

Thomas Arntsen, Spesialenheten for politisaker

Thomas Arntsen, etterforskingsleiar i Spesialeininga, seier at dei prøver å få heile bildet av kva som skjedde då ein mann døydde i Ålesund i helga.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Dei skal også gå gjennom videoar frå hendinga og andre tekniske spor.

– Videoar kan gi eit godt bilde av hendingar, i alle fall for å finne ut kva som skjedde når. Det kan vere eit godt verktøy for å supplere avhøyr. Men det kan også gi eit fragmentert bilde av det som har skjedd, så vi prøver å få full oversikt, seier Arntsen.

Spesialeininga har allereie fått fleire videoar frå politiet. Men dei vil også ha tips dersom nokon sit på videomateriale dei ikkje veit om.

– Vi ønskjer framleis å få videoar om nokon ikkje har overlevert det dei har filma. Vi er også interessert i å kome i kontakt med dei som har observert hendinga om vi ikkje alt har vore i dialog med dei.

Onsdag føremiddag skreiv Sunnmørsposten at Spesialeininga ville kome i kontakt med eit vitne som hjelpte politiet å få kontroll på mannen. I 14.00-tida opplyser Arntsen til NRK at dei har kome i kontakt med denne personen.

Spesialeininga kjem også til å gå gjennom politiet sine lydloggar frå hendinga, både telefoni og samband.

Vegen der ein mann hamna i eit basketak med to politibetjentar laurdag 28. januar 2023. Vi ser seks kumlok ved sidan av kvarandre med eit mønster på. Vegen er tom og bada i ei låg kveldssol. Nede i gata kjem nokre bilar køyrande mellom raude og grøne murbygg. I sida av biletet ser vi roser og lys som er lagt ned for mannen som mista livet.

Laurdag oppstod det eit basketak mellom politiet og ein mann i Ålesund sentrum.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Blir obdusert over helga

Arntsen seier at det per no ikkje er aktuelt å sikte nokon i samband med saka. Tysdag sa politimeister Ingar Bøen at det er ingen dramatikk knytt til at dei to politibetjentar har fått status som mistenkte. Han seier at det var ei krevjande oppleving for dei involverte og at dei følger opp sine tilsette.

Mannen som døydde blir obdusert over helga. Arntsen i Spesialeininga seier at å finne årsaka til dødsfallet står sentralt i etterforskinga.

– Det står att å sjå akkurat kor godt den kan hjelpe til med å opplyse hendingsgangen, men det er uansett eit viktig verktøy for oss i vegen vidare.

Les også Spesialeininga etterforskar politiet i samband med dødsfall i Ålesund

Ålesund politistasjon

Etterforskar kva som skjedde

I tillegg er politiet i Møre og Romsdal i gang med si eiga etterforsking av kva som skjedde i forkant av at politiet kom til staden.

Linn Erstad, seksjonsleiar for etterforsking ved Møre og Romsdal politidistrikt, står på eit presserom. Ho har halvlangt, blondt hår som heng laust. Ho har på seg ein lyseblå uniform med svart slips og gull-lapellar. På veggen bak ho ser vi Politiet sin logo og riksvåpenet på ein blå vegg.

Linn Erstad seier dei håper å få svar på kva som hadde skjedd med mannen før han blei observert blodig i sentrum av Ålesund.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

– Vi er interessert i å finne ut kva mannen gjorde og kva som har skjedd før han blei observert blodig i Ålesund sentrum, seier Linn Erstad, seksjonsleiar for etterforsking i Møre og Romsdal politidistrikt.

Politiet har starta med vitneavhøyr og rundspørjing. I tillegg har dei undersøkt bustaden til den avdøde og samla inn tekniske spor, fortel Erstad.

– Vi oppmodar også vitne som kan ha vore i kontakt med mannen enten laurdag, eller dagen før, om å ta kontakt. Så kan vi vurdere den informasjonen.