Hopp til innhold

Endeleg obduksjonsrapport er klar etter at mann døydde i Ålesund

Spesialeininga for politisaker opplyser at dei er ferdige med å etterforske dødsfallet i Ålesund i januar.

Blomster og lys på gata i Ålesund etter at ein person døde i helga.

Det var i januar i år at det oppstod eit basketak mellom ein mann og politiet i Nedre Strandgate i Ålesund sentrum. I etterkant av hendinga blei det lagt ned lys og blomster i nærleiken. No er

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Spesialeininga for politisaker har no mottatt den endelege obduksjonsrapporten av mannen i 30-åra. Det blei også gjennomført toksikologiske undersøkingar.

– Eg ønskjer ikkje å gå inn på innhaldet i desse rapportane no. Dette får vi eventuelt kome tilbake til på eit seinare tidspunkt i samanheng med totalvurdering av saka, seier Thomas Arntsen, etterforskingsleiar i Spesialeininga til NRK.

Les også: Uklar dødsårsak etter at mann døydde i Ålesund

Fleire bukettar med blomar og gravlykter er lagt ned i ei gate i Ålesund sentrum. Rosene er raude og er opplyst av ei låg vintersol. Ute av fokus, nede i gata, ser vi lysa til bilar som kjem køyrande og fargerike hus på kvar side av vegen. Den eine gravlykta er tend.
Fleire bukettar med blomar og gravlykter er lagt ned i ei gate i Ålesund sentrum. Rosene er raude og er opplyst av ei låg vintersol. Ute av fokus, nede i gata, ser vi lysa til bilar som kjem køyrande og fargerike hus på kvar side av vegen. Den eine gravlykta er tend.

Basketak med politiet

Det var laurdag 28. januar at politiet blei varsla om ei hending i sentrum av Ålesund. Dei fekk melding om ein blodig og tynnkledd mann som kraup i vegbana.

Politiet meinte at mannen var til fare for seg sjølv og andre, og rykte ut for å få kontroll på han.

Fire personar held ein mann nede på magen midt i vegen i Ålesund sentrum.To personar står over overkroppen til mannen, den tredje held mannen sin venstre arm rett ut og held han fast i handleddet. Ein fjerne mann sin på kne på beina til mannen. Mannen på bakken er naken på beina og armane. Like bak står ein mørk, liten bil. Alle synlege fjes er viska ut av NRK.

Det oppstod eit basketak mellom mannen og politiet på gata i Ålesund sentrum.

Foto: Eduard Andrei Cristea

I samband med dette oppstod det eit basketak mellom mannen og to sivilkledde politibetjentar, og han blei så lagt i bakken. Etter kvart kom det også privatpersonar til, som hjelpte politiet å få kontroll på mannen.

På eit tidspunkt etter dette blei det gitt livreddande førstehjelp på staden. Ambulansen kom også til og mannen blei etter kvart frakta til sjukehus.

Seinare på dagen meldte politiet at mannen var død.

I sosiale medium sirkulerte det fleire videoar av hendinga Som følge av dette oppstod det i etterkant spørsmål og spekulasjonar rundt politiet si handtering av saka.

Mellom anna gav operasjonssentralen feil informasjon om hendinga, noko som også bidrog til dette.

Måndag 31. januar valde politiet i Møre og Romsdal å melde saka til Spesialeininga.

Les også: Politiet la mann i bakken – nekta for det tre gonger til lokalavisa

Erik Steen Mikalsen, sjef ved operasjonssentralen i Møre og Romsdal politidistrikt, står på eit presserom. Han har på seg ein lyseblå uniform med svart slips og gull-lapellar. På veggen bak han ser vi Politiet sin logo og riksvåpenet på ein blå vegg. I forgrunnen, ute av fokus, ser vi eit kamera og ein fotograf som filmar.
Erik Steen Mikalsen, sjef ved operasjonssentralen i Møre og Romsdal politidistrikt, står på eit presserom. Han har på seg ein lyseblå uniform med svart slips og gull-lapellar. På veggen bak han ser vi Politiet sin logo og riksvåpenet på ein blå vegg. I forgrunnen, ute av fokus, ser vi eit kamera og ein fotograf som filmar.

Mistenkt for tenestefeil

Sidan januar har Spesialeininga etterforska for å finne ut om det er ein samanheng mellom politiet sin framgangsmåte og dødsfallet.

Spesialeininga har mellom anna gått gjennom videoar frå hendinga og lydopptak frå politiet sin kommunikasjon. I tillegg har dei avhøyrt vitne og politiet.

To politibetjentar blei mistenkt for tenestefeil i samband med hendinga. Dei har framleis same status.

Ferdig etterforska

Arntsen i Spesialeininga opplyser at dei ser på saka som ferdig etterforska.

Thomas Arntsen, etterforskingsleiar i Spesialeininga for politisaker

Thomas Arntsen, etterforskingsleiar i Spesialeininga for politisaker.

Foto: Anette Berentsen / NRK

– Etterforskingsavdelinga vil innan kort tid sende over si innstilling til sjefen for Spesialeininga, som skal fatte påtaleavgjerda i saka.

Det er venta at dette vil kome om nokre veker, men Arntsen kan per no ikkje seie konkret når dette vil kome.

– Det vil truleg ta litt tid å gå gjennom saka og vurdere den for påtaleavgjerd. Det har vore ei ganske omfattande etterforsking i saka og mykje materiale som er henta inn.

Det var fleire vitne til hendinga og i etterkant sirkulerte det fleire videoar i sosiale medier. Familien er kjent med at denne videoen er publisert. Foto: Eduard Andrei Cristea.

Etterforskar kva som skjedde i forkant

Politiet i Møre og Romsdal har hatt ansvaret for å etterforske kva som skjedde med mannen før han blei observert blodig i Ålesund sentrum.

Ei dør som er forsegla av politiet. Nærbilete av hjørnet på ei kvit ytterdør og dørkarmen ikring. Ein knallraud teipbit med politiet sin logo og ordet "FORSEGLING" på er lagt over både døra og karmen nede. Muren kring døra ser vi sovidt, og den er sliten og gråbrun.

Politiet har gjort undersøkingar i leilegheita der mannen budde.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit

Politiet har mellom anna gjort undersøkingar i leilegheita til mannen. Han budde i nærleiken av der han først blei observert.

Linn Erstad, seksjonsleiar for etterforsking i Møre og Romsdal politidistrikt, fortel at også dei er ferdige med sin del av etterforskinga.

– Vi har sendt dette over til Statsadvokaten, som igjen ønskjer å vente på den endelege avgjerda frå Spesialeininga, seier Erstad.